Hopp til innhold
X
Innhald

Sigurd Slembe

Sigurd Slembe, død i 1139, var tronkrevjar, presteutdanna og gav seg ut for å vere son av Magnus Berrfot. 

Han vart ikkje akseptert av Harald Gille. Sigurd Slembe drap Harald Gille, tok Magnus Blinde ut av klosteret og heldt fram kampen om Noreg i namnet hans. I slaget ved Holmengrå fall Magnus. Sigurd vart fanga og pint i hel.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.04.2017
Sist oppdatert: 13.09.2017