Hopp til innhold
X
Innhald

Skottetoget

Under Kalmarkrigen vart det for svensk rekning leigd inn troppar mellom anna i Skottland. Skotske leigesoldatar gjekk i land i Romsdal og på marsjen gjennom Gudbrandsdalen vart avdelinga, leia av oberst Alexander Ramsey, utsett for eit åtak frå ein bondehær ved Kringen 26. august 1612. Dei skotske troppane vart så å seie utsletta. Ein skotsk offiser som fall, kaptein George Sinclair, kalla Sinklar i Noreg, har fått ein markert plass i historia om Skottetoget. Legenda om Prillarguri som skulle ha varsla om at skottane kom, er òg knytt til Skottetoget.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.04.2017
Sist oppdatert: 05.04.2017