Hopp til innhold
Portrett av Hartvig Nissen. Han og Ole Vig var eit viktig tospann i Selskabet for Folkeoplysningens Fremme (1851), som ville skape ein ny allmennskule til erstatning for den gamle allmugeskulen. Foto: Gustav Borgen / Norsk Folkemuseum (inventarnr NFB.39309). Henta frå digitaltmuseum.no med lisens PDM 1.0 (falle i det fri).
X
Innhald

Skulelovene i 1860 og 1889

Omskipinga av den norske skulen frå ein religionsorientert allmugeskule til ein moderne folkeskule skjedde i løpet av ein menneskealder. Det byrja med landsskulelova av 1860, og gjennombrotet kom med folkeskulelovene av 1889.

Rundt midten av 1800-talet førte samfunnsutviklinga til krav om betre kunnskapar på stadig nye område. Profesjonalisering og fagleg arbeidsdeling kravde meir kompetanse.

Selskabet for Folkeoplysningens Fremme (1851) var eit viktig knutepunkt i arbeidet for nasjonal opplysing og utdanning. Ole Vig og Hartvig Nissen var eit viktig tospann i dette selskapet. Dei ville skape ein ny allmennskule til erstatning for den gamle allmugeskulen. Den nye skulen skulle vere ein sentral faktor i det dei kalla «nasjonaloppdragelsen». Derfor måtte han få eit breiare innhald og eit rikare fagspekter, med vekt på allmennfag som morsmål og historie.

Skulelova av 1860

Skulelova av 1860 markerer overgangen frå ein formaldannande konfesjonsskule for eit standssamfunn til ein nytteorientert og verdsleg skule for eit mobilt organisasjonssamfunn. Skulen skulle ikkje lenger vere ein del av stadfestinga av den kristne trua, men ein skule som gjorde ungdomane til opplyste borgararar i eit fritt samfunn. Det moderne skulestellet voks ut av denne lova. Lova slo fast at det skulle vere obligatorisk grunnskule for alle norske born, og staten fekk for første gong eit visst økonomisk ansvar for grunnskulen.

To motsette impulsar og motivkrinsar møttest og fall på forunderleg vis saman: ein nasjonal-demokratisk, ein annan liberal-konservativ. Den første ville bryte embetsstanden sitt danningsmonopol. Den andre ville forlike, forsone og integrere. Det folkelege skulle ikkje gå ut over dei naturlege rammene sine, medan eliten måtte spele den formative og rettleiande rolla.

Med skulelova av 1860 kom eit tidsskilje i norsk skulepolitikk. Det er tale om ei reform langs fleire dimensjonar: pedagogisk, arkitektonisk og administrativt. På det pedagogiske området vart skulen sekularisert, på det administrative området vart det etablert eigne skuledirektørstillingar, og dermed fjerna skulen seg frå kyrkja også der, og på det arkitektoniske området kom kravet om faste skular og skulebygg. Det kvite skulehuset vart det arkitektoniske symbolet for ein nasjonaldemokratisk skulepolitikk. I 1880 var det over 5000 fastskular i landet. Omgangsskulen var fortid. Før gjekk lærarane frå gard til gard og underviste. No vart det altså faste skulehus.

Leseboka

Erik Pontoppidans forklaring til Luthers katekisme, Sandhed til Gudfrygdighed, vart erstatta av nye lesebøker. Stiftsprost P.A. Jensen i Kristiania fekk det statlege oppdraget med å utvikle det som 23. mai 1863 vart autorisert som Læsebog for Folkeskolen og Folkehjemmet.

Verket var i tre band, eitt for kvart av dei tre skulestega. I tittelen ligg det eit klart folkepedagogisk program. Det var fedrelandet som var folkeheimen.

Jensens leseverk var noko heilt nytt. Fagstoff om eventyr, dyreliv, historie, sosialøkonomi og målsak opna tronge skulevindauge mot den pulserande verda utanfor. Det var særleg på bygdene at det nye leseverket fekk gjennomslag. Dei som skaffa seg bøkene, var ikkje berre born i skulepliktig alder, men også eldre folk og vaksne jenter og gutar som allereie var konfirmerte.

Boka var praktisk talt einerådande i bygdeskulen fram til 1890.

Lærarane som nasjonsbyggjarar

Etter den nye skulelova skulle lærarane ha godkjend lærarutdanning frå seminar eller lærarskule. Staten gjekk inn for å bere sin del av lærarlønene. Lønene vart fordobla frå 1861 til 1875. Omkring 1860 var om lag ein tredel av lærarane utdanna frå seminar eller lærarskule. I 1864 var det over halvparten, og i 1885 hadde praktisk talt alle lærarar slik utdanning.

Talet på lærarar voks raskt. I 1870 var det 1500 fleire lærarar enn ti år tidlegare, ein auke på 150 prosent.

Vestlandsungdom med bakgrunn i egalitære bonde- og småbrukarsamfunn var klart overrepresenterte ved lærarskulane. Dei har òg vorte kalla «periferiens nasjonsbyggjarar», fordi denne gruppa lærarar var dei som var med på å implementere verdiane til den nye nasjonaldemokratiske staten lokalt.

To forhold fall saman her, og gjorde at lærarane med stort frimod steig fram som dei fremste blant likemenn. Den eine var at lærarane framheva seg sjølve som arvtakarar til prestane sin skulekompetanse. Det andre var nettopp behovet for ein folkeleg-intellektuell leiarskap. Den store moderniseringa på 1800-talet førte til eit presserande behov for nye leiarar, og lærarane stilte seg med glede til disposisjon.

Med den nye fastskulen vart læraren herre i eige hus. Frå skulestova erobra han stadig nye skansar – i foreiningar, i kommunepolitikken, på fylkestinget og på Stortinget. Frå 1814 til 1830 var det ikkje stort meir enn éin lærar på kvart storting. Frå 1833 fauk talet opp i 7. I 1848 var det 14. Frå 1880-åra var det 20–30 lærarar som var representantar på Stortinget.

I 1870- og 80-åra vart skulepolitikken eit sentralt debattemne. Høgre ville ha sterkast mogleg samband mellom skule og kyrkje. Venstre ville derimot ha ein skule under demokratisk kontroll, med eit nasjonalt innhald felles for alle.

Christies latin- og realskule. Foto: ukjent / Oslo Museum rundt år 1892-1893. (inventarnr. OB.F18716). Henta frå digitaltmuseum.no med lisens CC BY-SA 4.0.

Skulelova av 1889 og Nordahl Rolfsens lesebok

I 1885 sette regjeringa Johan Sverdrup ned ein skulekommisjon der mellom anna Johannes Steen, Søren Jaabæk, Hedevig Rosing og Viggo Ullmann var medlemer. Reformarbeidet førte i 1889 til nye lover for skulane både på landet og i byen. Allmenndanninga vart styrkt og det kristne innhaldet nedtona. Målet var ikkje lenger konfirmasjonen. Det kom lokale folkevalde skulestyre i staden for dei gamle skulekommisjonane. Folket skulle eige kunnskapen, ikkje presten.

Skulelova av 1889 førte til eit nytt epokegjerande læreverk. Nordahl Rolfsens lesebok erstatta Jensens lesebok. Boka kom i fem band, i tråd med at skuletida vart utvida, og hadde to pedagogiske hovudmotiv: eit nasjonalpedagogisk og eit elevpedagogisk. Bøkene var sterkt prega av Venstres kamp for nasjonal og demokratisk politikk. Og dei var klart orienterte mot borna som lesargruppe, som dei første leseverka i Norden.

I 1889 kom Andreas Austlid med den første leseboka for folkeskulen på landsmål (seinare nynorsk). Sjølve standardverket i landsmålsskulen vart Lesebok for folkeskulen, som kom i fleire bind i åra 1902–1906.

Mellomskule og gymnas

Også på nivåa over folkeskulen skjedde det viktige endringar, i to etappar. Den første kom i 1869. Gymnaset vart delt i to – ein latinartium og ein realartium. Dei to linjene svarer i dag til dei studieførebuande utdanningsprogramma i den vidaregåande opplæringa. Latinen sin posisjon vart dermed ytterlegare utfordra, også på den måten at gamalnorsk vart eige læreemne.

Både latin- og realgymnaset skulle i prinsippet byggje på ein ny mellomskule. Også mellomskulen var i hovudsak eit byfenomen. Opptaket skulle skje når borna var 9 år gamle. Skulen var 6-årig og linjedelt frå fjerde steget, med ei latinlinje og ei engelsklinje. Skuletida kunne vere kortare, men ikkje under tre år. Mellomskulen vart opna for jenter i 1878.

Den neste store endringa kom i 1896. Mellomskulen vart eit beinveges framhald av folkeskulen og ikkje lenger linjedelt. Frå då av hadde også gymnaset to linjer, ei moderne språkleg-historisk linje og reallinja. Latinens klassiske hegemoni var brote. Noreg var det første landet i Europa som avvikla latinen som krav for opptak til universitetet.

I dei nye allmenndannande skuleslaga – folkeskule, mellomskule og gymnas – var morsmålet kjernefaget. Elevane fekk språkleg-historisk undervising om nasjonen sitt litterære og kulturelle liv i fortid og notid, og på den måten skulle dei verte integrerte i den nye norske fellesskapen.

Kjelder

Kjeldeliste til Norsk historie, bd. 5: Norsk historie 1860–1914


Artikkelen er henta frå Jostein Nerbøvik: Norsk historie, bd. 5: Norsk historie 1860–1914. Eit bondesamfunn i oppbrot. Det Norske Samlaget 1999

Redigert av redaksjonen i Allkunne og publisert digitalt etter avtale med Det Norske Samlaget og Ellen Kristvik 2017

Først publisert: 10.09.2018
Sist oppdatert: 05.10.2018