Hopp til innhold
X
Innhald

Sysle

Sysle (dansk syssel, av norrønt sýsla, ’gjeremål’), styringsområde i Danmark, Island og Noreg i mellomalderen. 

I Noreg vart denne landinndelinga truleg innført av kong Sverre (1177‒1202), sjølv om Mangus Erlingsson òg kan ha nytta syssel som styringsordning. Kvart syssel vart gitt i ombod til ein sysselmann. Det var kring 25 sysler i Noreg i seinmellomalderen.

Sysselombodet fortrengde dei tidlegare kongelege tenestemennene lendmenn og årmenn. Ordninga skapte større, fastare og meir einskapleg styre av dei ulike områda som utgjorde det norske riket. Lik lendmennene hadde sysselmennene ei høg stilling i samfunnet, men dei hadde ei tettare kopling til kongemakta og likna slik på årmennene.

Utviklinga av sysla

Sysselordninga vart ifølgje Sverresoga innført etter slaget på Kalvskinnet i 1179, der birkebeinarane under leiing av Sverre nedkjempa Magnus Erlingsson og Erling Skakke. Sverre hadde lova birkebeinarane at den som drap ein lendmann, ville ta over stillinga hans og ti av lendmennene til Magnus. Under borgarkrigstida fekk sysselmennene så ei viktigare rolle, i takt med at kongemakta trong større inntekter og militæroppbod.

Sysselmennene hadde økonomiske, rettslege og militære oppgåver. Dei drog inn inntekter til krona i form av bøter (sakefallet) og dei faste skattane leidangsskatt og landskyld, i tillegg til å syte for veitslene. Vidare handheva dei retts- og påtalemakta ved å skipe til ting og kalle inn medlemmer til doms, og ved å forvalte politioppgåver. Militært heldt dei oppsyn med leidangen i fred, og dei skulle tene i hæren eller verne sysla i krig. Lønna skulle vere på 15 mark veitsle, ei fast vekt (kring 3,2 kg) av vareinntektene frå skattar og bøter.

I løpet av styringstida til Magnus Lagabøte hadde sysla fått meir eller mindre fast utstrekning. Oftast hadde syslene to sysselmenn kvar. Større sysler på Vestlandet og i Namdalen og Hålogaland hadde derimot fleire, medan mindre område i Trøndelag truleg berre hadde éin. Til saman var det over 50 sysselmenn.

Nedgang under svartedauden og overgang til len

Med svartedauden vart grunnlaget for inntekter skrinnare, og fleire sysler vart lagde ned og erstatta av større hovudsysler. Sysselmennene vart skaffa frå lokal adel, og stillingane hadde til ein viss grad vorte arvelege ved overgangen til 1300-talet. Dei norske adelsslektene gjekk til gjengjeld inn i ei nedgangstid etter mannedauden på midten av 1300-talet. I løpet av 1400-talet utnemnde kongemakta heller danske og tyske adelsmenn som lensherrar i Noreg.

Under Magnus Lagabøte tok syslene til å bli kalla len i lovgivinga. Etter danninga av Kalmarunionen i 1397 vart sysla i aukande grad avløyste av len. Desse svarte i utgangspunktet til same området, men vart etter kvart sentraliserte under fire hovudlen. I løpet av 1500-talet vart smålena erstatta av fleire hovudlen. Samtidig fekk lena også eigne rekneskapar, slik at lensherrane fekk løn i staden for å ta løn av overskotet frå lensinntektene.

Først publisert: 27.02.2017
Sist oppdatert: 09.03.2018