Hopp til innhold
X
Innhald

Thomas Angell

Thomas Angell, 1692–1767, var ein norsk kjøpmann som oppretta eit fond til hjelp for fattige i Trondheim.

Thomas Angell var kjøpmann i Trondheim og opparbeidde seg ein monaleg rikdom, mellom anna gjennom drifta av Røros koparverk. Han testamenterte bort formuen, kring 300 000 riksdalar, til Thomas Angells Stiftelser, eit fond som skulle utbetre omsorga for dei fattige i Trondheim og for «skikkelige fattige enker og andre husarme og nødlidende». I røynda dreiv fondet romutleige for enkjer etter handelsmenn og embetsmenn. Ein seksdel av formuen gjekk til barneheimen Waisenhuset. Ein større del av fondet vart etter ønske frå trondheimske borgarar òg nytta til andre formål som ikkje var oppsette i testamentet, som til å ruste opp tukthuset og støtte opp om skuleverket.

Stiftelsen er framleis i virke og driv særleg med utleige av husvære til pensjonistar i Trondheim, i «Thomas Angells hus» i Kjøpmannsgata 6. Mykje av kapitalen er forvalta gjennom skogsdrift i Selbu, Tydal og Klæbu.

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019