Hopp til innhold
X
Innhald

Træl

Træl kjem frå det norrøne ordet þræll, som er eit nordisk ord for slave.

Trældommen i Noreg går langt tilbake i tid, truleg til folkevandringstida, kanskje til romersk jarnalder. I vikingtida var træl så utbreidd at ein kan tale om eit trælsamfunn. Kring år 1000 var kan hende så mykje som 20–25 prosent av folkesetnaden trælar. Mange hadde utanlandsk opphav, dei skilde mellom innfødde og utanlandske trælar i lovene. På 1100-talet var trælordninga i rask avvikling og forsvann heilt frå Noreg tidleg på 1200-talet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.04.2017
Sist oppdatert: 05.04.2017