Tukthuset i Trondheim
Tukthuset i Trondheim stod ferdig i 1733 som oppdragelsesanstalt for hjemløse, senere fengsel. Bygningen er i dag fredet.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Tukthus var disiplinerings- og straffeanstaltar, som skulle drive oppseding av lause individ av ulike kjønn og aldrar. Tukthus fanns i dei fleste europeiske land frå 1500-talet til 1900-talet. Dei var opprinneleg arbeidshus, men utvikla seg etter kvart til fengsel.

Faktaboks

Etymologi

av norrønt tykt, fra middelnedertysk tucht

Også kjend som

tysk Zuchthaus

Tukthus vart oppretta i enkelte norske byar i løpet av 1600-talet. I løpet av 1700-talet fekk tukthusa gradvis meir form av fengsel. Med fengselsreformene i tida mellom 1830 og 1850 vart tukthus avskaffa i Noreg. Under andre verdskrigen vart tukthus tatt i bruk igjen av den tyske okkupasjonsmakta.

Dei innsette

Byadministrasjonen kunne ta frå tiggarar/betlarar og omstreifarar fridomen og setje dei i tukthus på ubestemt tid. Straffa gjaldt for ei rad typar folk, så som til dømes for Kristiania «friske ugudelige, arbeidsføre betlere», «vanartige, gjenstridige, modvillige, lade, ulydige, utro og tyvaktige Tjenestefolk», «løsaktige Kvinder» og «Gjenstridige og vanartige Børn». I Trondheim var særleg «vrimler av fattige børn, som går i gaderne» og «urådig ungdom» grunnen til etablering av tukthus.

Dei som vart sett i tukthus kunne bli sett til ulikt arbeid, så som veving og spinning. Slik fekk kvinnenes tukthus til dømes namnet spinnehuset.

Frå tvangsarbeid til fengsel

Planen for Kristiania var at tukthuset skulle vere ein tvangsarbeidsanstalt for heile stiftet, og på 1700-talet var tukthuset ein fast institusjon i Bergen, Kristiania, Trondheim og Kristiansand. Tukthusa har derfor seinare blitt sett på som starten på ein slags offentleg fattigomsorg.

I løpet av 1700-talet var ikkje lenger tukthuset ikkje ein rein forbetrings- og plasseringsanstalt for fattiglemmer, landstrykarar og betlarar. Dei vart då også brukt som straffehus, særleg for dei som vart dømte til kortare fengselsstraffer, og i løpet av 1700-talet vart dette den dominerande straffefunksjonen til tukthusa.

Det vart jamvel bestemt ved lov av 25. oktober 1815 at menn dømt til fengselsstraff på over eitt år, skulle sone straffa si i tukthus. Med fengselsreformene i tida mellom 1830 og 1850 vart derimot tukthus avskaffa. Ein sentral grunn til det var særleg kritikken mot at ein blanda vaksne forbrytarar med uskuldige born og unge, og slik medverka til at unge plettfrie menneske vart utsett for den moralske faren det låg i dagleg omgang med hemningslause forbrytarar. Døme på ein slik kriminell finn ein i forteljinga om Gjest Baardsen.

Seinare bruk av tukthus

I norsk offentleg ordskifte kom tukthus opp igjen som omgrep med framveksten av totalitære regime, særleg under den politiske polariseringa i 1920- og 1930-åra då bruken av politiske disiplinerings- og straffeanstaltar igjen vart på moten i borgarkrigstidas Finland, Mussolinis Italia og Nazi-Tyskland. Igjen vart tukthusa brukt til omskolering og forbetring, men også til isolasjon. Her skulle regima hindre at politiske opposisjonelle samla seg og kom med kritikk eller starta opprør.

Ved unntakstilstanden innført av den tyske okkupasjonsmakta i Oslo og Aker i 1941 og på Helgeland og i Nord-Trøndelag i 1942, vart tukthusstraff igjen offentleg kjent i Noreg. Hausten 1941 vart 25 av 27 tiltalte dømt til tukthus av ein standrett leia av den tyske politisjef, generalløytnant Rediess. Dei siste to tiltalte, Viggo Hansteen og Rolf Wickstrøm, vart avretta. Den første saka der tukthus vart nytta under krigen var saka mot doktor Solem, oberst Lund og Konrad Rendedal i Bergen i juni 1940. Dei vart dømt til tukthus for å stå i radiokontakt med eksilstyresmaktene i London. Første kunngjøringa i norske aviser frå okkupasjonsmakta om bruken av tukthus som straff kom i september 1940. Då gjaldt trugsmålet om tukthus Forordning om besittelse og avlevering av våpen av 22. september 1940, signert av rikskommisær Josef Terboven.

Ein av dei norske politiske fangane som sat i tysk tukthus i Hamburg under krigen, Olav Brunvand, skildra opphaldet i boka Smil og tårer i tukthus, tukthusnotater, fengsel, fiende og menneske (1968). Boka om opplevingane byggjer på samtidige kjelder nedskriven på tukthusets toalettpapir og smugla ut av tukthuset av ein vaktar og tatt vare på av henne til etter krigen. Brunvand sat på einecelle frå 10. desember 1941 til 3. august 1943 i fengselet Justisvollzuganstalt Fuhlsbüttel, der også Konrad Rendedal sat frå 1. april 1941.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Opfordring til at yde Bidrag til Oprettelse af et Tugt- og Arbeids-Huus i Christiania Stift for at hemme Betleres Omstrippen. 1736.
  • Anordning om Tugthuusets Indrettelse udi Christiania, og de Fattiges Forpflegning i Aggershuus Stift. Christiansborg Slot i Kiøbenhavn: Kongel. Majsts. privilegerede Bogtrykkerie [hos Wilhelm Wedemans Enke], 2 Decembr 1741.
  • Bergen Arbeiderblad, 2. september 1947.
  • Brunvand, Olav Brunvand: Smil og tårer i tukthus, tukthusnotater, fengsel, fiende og menneske, Oslo 1968.
  • Bruun Nissen, Gunnar: Trekk av norsk strafferettspleie i tidsrommet 1700-1842, Oslo 1976.
  • Daae, Anders: Tugthuse og Arbejdshuse i Kristiania 1733-1814, 1908.
  • Gerhardsen, Einar, Trygve Bratteli og Reiulf Steen (red.): Olav Brunvand i glede og strid, Oslo 1977.
  • Helgeland, 17. september 1941.
  • Imsen, Steinar: «Tukthus», i Steinar Imsen og Harald Winge (red.), Norsk historisk leksikon, Oslo 2004 [1999].
  • Nordland Arbeiderblad, 19.oktober 1934.
  • Nordmenn i fangenskap 1940-1945, Alfabetisk register med innledning av Kristian Ottosen, Oslo 1995.
  • Solli, Kjell-Arne: Betler eller biltyv – om institusjonstiltak for barn og unge med tilpasningsvansker gjennom 400 år, i Norsk tidsskrift for miljøterapi, vol. 10, 4/1978, 82-99.
  • Tidens Krav, 24. mai 1924
  • Vestfinnmark Arbeiderblad, 2. august 1932

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg