Hopp til innhold
Ulrik Frederik Gyldenløve. Portrett av Frans van Mieris 1
Ulrik Frederik Gyldenløve. Portrett av Frans van Mieris 1
Statens Museum for Kunst. Falle i det fri
X
Innhald

Ulrik Frederik Gyldenløve

Ulrik Frederik Gyldenløve, 1638–1704, var son av Frederik III og statthaldar i Noreg frå 1664. Han bidrog til fleire reformer i forvaltninga som svekte det lokale sjølvstyret og stillinga til bøndene i rettsapparatet.

Som statthaldar skjerpa han skattekrava i Noreg og gav pålegg om at innbyggjarane måtte gjere teneste i hæren. For å auke skattytinga frå bøndene fekk han snevra inn avgiftskrava til private godseigarar og forsterka kontrollen med gjeldskrava til kjøpmennene. Vidare la Gyldenløve til rette for auka norsk næringsliv ved å dele ut privilegium og monopol, og han skjerpa bøndene sine plikter til å levere råstoff til bedriftene.

Ulrik Frederik Gyldenløve hadde også fleire andre leiande sivile og militære stillingar både i Noreg og Danmark. Som leiar for den sønnanfjelske hæren under den såkalla Gyldenløvefeiden med Sverige (1675‒79) leidde han fleire vellykka slag i Bohuslän.

Sjølv bygde Ulrik Frederik seg store gods i Noreg, Danmark og Holstein. I 1671 fekk han grevetittel og Larvik grevskap i len av Christian V. Seinare oppnådde han store eigedommar gjennom privilegium til drift av sagbruk og jernverk. I 1678–83 eigde han òg Tønsberg grevskap, som han døypte om til Jarlsberg grevskap.

Først publisert: 30.01.2017
Sist oppdatert: 01.03.2017