Hopp til innhold
X
Innhald

Unionstraktaten av 1450

Unionstraktaten av 1450 vart utferda av det norske og danske riksrådet i samband med kroninga av Christian 1., ein avtale om ein varig union mellom Danmark og Norge. Unionstraktaten garanterte absolutt sjølvstende og likeverd i ein personalunion med felles konge, men med eigne riksråd. For Noregs politiske stilling var det særleg viktig at det mektige danske riksrådet garanterte det politiske systemet overfor ei ambisiøs kongemakt. Styringsideologien var bygd på handfestningar og riksrådskonstitusjonalisme. Unionstraktaten fall vekk med det norske riksrådet og særlege norske handfestningar i 1536 då Noreg formelt vart innlemma i Danmark.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.04.2017
Sist oppdatert: 05.04.2017