Hopp til innhold
X
Innhald

Utlegd

Utlegd er det gamle norske ordet for fredløyse, adjektiv utlagr, som tyder utanfor lova.

Det vil seie at ein person hadde gjort eit så alvorleg lovbrot at han ikkje kunne gjere opp for seg med bøter til kongen og dei fornærma, kalla ubotamål. Vedkomande vart òg frådømd sin fred, den lovbestemte rettsgarantien for liv og gods, måtte stå utanfor lova og kunne straffritt drepast av kven som helst. Utlegd var ei vanleg straffeform i eldre germansk rett. I Noreg var utlegd den viktigaste straffa for ubotamål inn på 1500-talet, men vart òg brukt seinare.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.04.2017
Sist oppdatert: 05.04.2017