Vikingtida (793–1066)
Vikingtida (793–1066)
Vikingtida, namnet som blir brukt om siste delen av den yngre jernalderen i Norden. I vikingtida vart dei nordiske rika samla og kristendommen innført.
Høgmellomalderen (1066–1319) i Noreg – ein stat i satsen
Høgmellomalderen (1066–1319) i Noreg – ein stat i satsen
I høgmellomalderen vart Noreg ein sterkare stat. I over hundre år var det strid om tronfølgja, men ut av kampane kom ei klarare arvemakt og eit sterkare embetsverk. Eliten fekk hand om ressursane og fjerna seg frå folket, men lokalt kunne bøndene styre seg sjølve.
Seinmellomalderen (1319–1537) – nytt landskap, nye fellesskapar
Seinmellomalderen (1319–1537) – nytt landskap, nye fellesskapar
Hundretusenar av nordmenn døydde av pestane i seinmellomalderen. Jordleiga vart halvert, og det skapte krise for dei store jordeigarane. I nye nordiske statssamband hevda den norske eliten seg stadig dårlegare, men for folk flest vart det større armslag.
Norsk historie 1536–1660 – eit undertrykt land
Norsk historie 1536–1660 – eit undertrykt land
Norsk sjølvstyre vart formelt avskaffa i 1536. Dei dansk-norske styresmaktene oppheva særnorske ordningar i stadig sterkare grad etter reformasjonen. Kongen førte mange krigar og betalte for dei med ein kraftig skatteauke, tidvis mot viljen til riksrådet. Adelsmakta vart samtidig utfordra av ein borgarskap i vekst.
Norsk historie 1660–1814 – nye tankar, støtt styre
Norsk historie 1660–1814 – nye tankar, støtt styre
Frå 1660 til 1814 vart Noreg styrt frå København, der all politisk makt i Danmark-Noreg vart samla hos kongen i 1660.
Norsk historie 1814–1870 – vidare nasjon, tettare land
Norsk historie 1814–1870 – vidare nasjon, tettare land
Etter 1814 hevda Stortinget norsk sjølvstende i den nye unionen med Sverige. Snart kom bønder med i stasstyringa, og arbeidarar kravde stemmerett. Folketalet voks sterkt, så mange måtte leige jord. Nye kommunikasjonsmiddel gjorde avstandane kortare, folk og handel hang meir saman.
Norsk historie 1870–1914 – nye rettar, nye krefter
Norsk historie 1870–1914 – nye rettar, nye krefter
I tida mellom 1870 og 1914 kravde folk flest makt over politikken i Noreg. Noreg frigjorde seg frå Sverige, og kvinner frigjorde seg frå mennene.
Noreg under første verdskrigen
Noreg under første verdskrigen
Noreg heldt seg nøytralt under første verdskrigen, 1914–1918. Men krigen forsterka konfliktar og 1920- og 30-åra blei ei uroleg tid.
Noreg under andre verdskrigen
Noreg under andre verdskrigen
Noreg valde motstand då Tyskland gjekk til åtak 9. april 1940. Etter to månaders kamp måtte dei norske styrkane gi opp, men motstandskampen heldt fram.