Hopp til innhold
Børsa-kalken, datert ca. 1250. Foto: Frode Larsen / Nasjonalmuseet. Inventarnr. OK-08959A. CC BY-NC 4.0.
Børsa-kalken, datert ca. 1250. Foto: Frode Larsen / Nasjonalmuseet. Inventarnr. OK-08959A. CC BY-NC 4.0.
X
Innhald

Høgmellomalderen (1066–1319) i Noreg – ein stat i satsen

I høgmellomalderen vart Noreg ein sterkare stat. I over hundre år var det strid om tronfølgja, men ut av kampane kom ei klarare arvemakt og eit sterkare embetsverk. Eliten fekk hand om ressursane og fjerna seg frå folket, men lokalt kunne bøndene styre seg sjølve.


Då kong Harald Hardråde fall under hærtoget i England i 1066, var det eit signal om at forsvaret mot vikingferdene hadde vorte sterkare. Under sonen Olav Kyrre (1066–1093) slutta den norske kongemakta fred med England – og med Danmark. Heller enn til erobring vart ressursbruken no snudd innanlands. Olav bygde ut hirda, skreiv ned lover og oppretta faste bispesete, noko som styrkte kyrkja og betra forholdet til paven.

Dei tre første åra styrte Olav Kyrre saman med bror sin, akkurat som Harald Hardråde i eit år hadde regjert saman med nevøen sin, Magnus den gode. Reglane for arvefølgja til trona var nemleg slik at alle kongssøner kunne arve makta. Denne ordninga med samkongar kan samtidig ha fremja innanlands fred i fleire tiår, for kongane delte statsinntektene mellom seg, utan at riket vart delt opp for ettertida. Tidsepoken som vi kallar høgmellomalderen, var rett nok ikkje berre prega av semje og ro. Tidvis var samstyret meir spent, og det hadde truleg vore større strid om ikkje samkongane rådde i lag i så kort tid. Eit sikkert teikn på at forholda likevel var mest fredelege, er at kongesogene nyttar så liten plass på tiåra etter vikingtida, sidan sogeskrivarane var mest opptekne av strid.

Arvereglane skapte likevel mange kongsemne, og med det grunnlag for usemje og strid. I 1130 var fredstida over, og dei komande tiåra vart det kjempa harde kampar om krona. Førande grupper av stormenn dreiv opp konfliktnivået ved å støtte den eine eller den andre av tronarvingane. Stormennene fekk land og inntekter frå krona for teneste i kongen si hird, dei vart lendmenn. Etter at vikingferdene tok slutt, vart dei meir avhengige av inntektene frå godsa for å halde oppe rikdomen. Og for å sikre seg gods, støtta dei tidleg ein tronarving. Fleire kongar var dessutan umyndige, slik at det eigentleg var lendmennene som styrte riket. I 1161 var utviklinga komen så langt at son til lendmannen Erling Skakke vart teken til konge, altså ikkje ein kongsson.

Erling Skakke fekk støtte frå erkebiskopen, som krona sonen Magnus i 1163 og utnemnde han til «konge av Guds nåde». Samtidig støtta erkebiskopen ei ny tronfølgjelov, der berre den eldste sonen til kongen skulle arve makta. I det heile styrkte kyrkja seg mykje i denne tida, med skipinga av erkebispedømet i Nidaros i 1152/53 som høgdepunktet. Den norske kyrkja nytta slik den ustødige tida for kongedømet til å fri seg frå politisk overstyring, gjennom samarbeid med den eine parten.

Då styret til Erling og Magnus to tiår seinare vart nedkjempa av birkebeinarane og Sverre Sigurdsson, oppstod det sterk strid mellom den nye kongen og kyrkja. Paven lyste kong Sverre i bann, og norske biskopar leidde motstanden mot kongen gjennom opprørsgruppa baglarane. Frå 1204 tok dei styring over Austlandet, slik at landet vart delt i to. Oppstanden heldt fram mot soneson til Sverre, Håkon Håkonsson, sjølv om han vart hylla av fleire av baglarane i 1217. Ikkje før Håkon kjempa ned opprøret frå svigerfaren, Skule Bårdsson, i 1240, reknar ein at borgarkrigstida var over. 

Styrkinga av statsapparatet heldt fram i borgarkrigstida. Hirda vart større og fekk større sivilt ansvar. Kongen fekk meir styring med dei store domstolane, lagtinga, og auka inntektene sine. Leidangen (sjøforsvaret) vart bygd ut og gjord om til skatt i fredstid. Hæren vart meir profesjonalisert. Det statlege styringsverket vart styrkt under kong Sverre, med regionale sysselmenn, som ikkje var knytte til gamle lokale hovdingslekter. Slik vart dei meir lojale overfor krona enn det dei tidlegare lendmennene var. Under etterkomarane til Sverre vart òg prinsippet om at den førstefødde sonen skulle arve trona, gjennomført.

I andre halvdel av 1200-talet nådde statsmakta eit høgdepunkt. No vart også Island og Grønland norske skattland, og Noreg var på sitt største geografisk sett. På 1200-talet vart meir lovarbeid flytta over til riksmøte, og på 1300-talet vart statleg representasjon formalisert ved opprettinga av eit riksråd. Ei statsforvaltning, kanselliet, vart oppretta under den leiande hirdmannen, kanslaren. I 1274/76 kom dessutan ei riksdekkjande lov, Landslova. Med sentraliseringa styrkte dei mektigaste rådgivarane seg, og riksrådet vart ein mektig motspelar til kongemakta frå slutten av 1200-talet og utover. Samtidig vart dei nordiske rika fløkte sterkare inn i kvarandre, både med strid og med inngifte. Til slutt fekk Noreg og Sverige felles konge, då Magnus Eriksson i 1319 vart hylla til konge i begge rika.

Tidskapsel: Sysselmannen
Elgeseter kloster, 24. mai 1240: Augustinarklosteret brenn. Her har hertug Skule Bårdsson søkt tilflukt, han som i årevis har tretta med Håkon Håkonsson om kongsmakta. Erkebiskopen talar hans sak, men birkebeinarane set klosteret i brann og høgg Skule ned då han kjem ut. 100 år med kamp om kongsmakta er tvillaust over. Gaut Jonsson på Mel frå Kvinnherad fører birkebeinarane denne dagen, og året etter drep han eigenhendig Skules hirdleiar, stallaren.

Gaut bar nemninga lendmann, ein gamal tittel for høgverdige hirdmenn, som fekk land av kongen. Frå 1218 var han likevel sysselmann i Elvesysla, sør i Båhuslen, ein ombodsmann med mindre sjølvstende, prov på ei sterkare sentralmakt. Elvesysla var i opprør, men Gaut slo det ned. Seinare fekk han syssel i Sunnhordaland. Frå kongshyllinga og i over fire tiår tente Gaut kong Håkon lydig, etter kvart som militær og politisk strateg. Under kroninga av Håkons son Magnus i 1261, bar Gaut kroningssverdet. Då Håkon fór på krigstokt mot Skottland to år seinare, vart Gaut heime som sentral rådgivar for kongssonen.

Gaut var ein stridslysten mann, ein hauk i feiden med Skule, ifølgje sogene. For dette dikta Skules ven Snorre Sturlasson ei nidvise om han. Etter borgarkrigen forhandla Gaut om freden utanlands, med Lübeck i 1250 og Skottland i 1266. Sjølv var han den avgjerande kjelda då soga om Håkon Håkonsson vart skriven ned i 1264, og den einaste som då hadde vore vitne til dei to siste tiåra av borgarkrigen.
Eit utval av Græsli-funnet, det nest største myntfunnet i Noreg, oppdaga av Arnt Kristoffersen i 1878. Over 2000 av myntane er frå Olav Kyrre sin kongsperiode (1066–1093). Kjelde: NTNU Vitenskapsmuseet på flickr.com. CC BY 2.0.

Eit utval av Græsli-funnet, det nest største myntfunnet i Noreg, oppdaga av Arnt Kristoffersen i 1878. Over 2000 av myntane er frå Olav Kyrre sin kongsperiode (1066–1093). Kjelde: NTNU Vitenskapsmuseet på flickr.com. CC BY 2.0.

Fredstid og samkongedøme

I 1066 invaderte den normanniske hertugen Vilhelm Erobraren England og gjorde med det slutt på to hundre år med nære nordisk-engelske band. No var det òg slutt på vikingtida. Den nye norske kongen, Olav, slutta fred med dei nye engelske herskarane – og med danskekongen, etter eit mislykka hærtog mot Danmark. For det fekk han tilnamnet Kyrre – den fredelege. I staden nytta han tid og pengar på reformer innanlands. Olav bygde ut og ordna hirda tydelegare, og han fekk lover skrivne ned. Truleg var han òg den første kongen som sjølv kunne lese. Dessutan styrkte Olav kyrkjeordninga og oppretta bispedøme i Oslo, Nidaros og Selja (seinare flytta til Bergen).

Dei første åra herska Olav Kyrre likevel ikkje åleine. Broren Magnus hadde same arvekrav på krona. Dei delte makta mellom seg ved at Magnus styrte området ved Oslofjorden, Vika, og fekk inntektene derifrå. Riket vart derimot ikkje stykkja opp, det ville gå udelt til neste slektsledd – ulikt utviklinga i Europa elles, der statar ofte fall frå kvarandre ved kongelege dødsfall. Forholdet mellom kongsbrørne var truleg godt, og stormennene eggja nok ikkje nokon av dei to til å krevje einekongedøme. Truleg ønskte dei ikkje ei sterkare kongsmakt, som i tilfelle ville innskrenke deira eiga makt, samtidig som dei hadde sterkt nok økonomisk grunnlag uavhengig av kongemakta.

Samstyret vart likevel kort, for allereie etter tre år døydde Magnus, medan Olav var konge til 1093. Med eit så kort samkongedøme vart det lite strid om styringa, og likeins var det med son til Olav, Magnus Berrføtt, som rådde åleine frå 1095 til 1103. Før dette var det derimot ufred, mellom Magnus og søskenbarnet hans, Håkon Magnusson Toresfostre – men også Håkon døydde tidleg. Som einekonge invaderte Magnus Berrføtt både svenske, skotske og irske område, men erobringane varte ikkje ved. I 1101 vart det stifta nordisk fred på trekongemøtet i Konghelle.

Samstyret til sønene til Magnus – Øystein, Sigurd og Olav – var meir langvarig. Olav døydde før han vart myndig, men Øystein Magnusson og Sigurd Jorsalfare rådde i lag til 1123. Sogene teiknar opp ei viss spenning mellom brørne, men samstyret ser ut til å ha verka godt jamt over. Under Øystein og Sigurd vart tienda innført, kloster oppretta og kyrkjevesenet styrkt med bispedømet i Stavanger. Byane vart bygde ut ytterlegare. Konghelle vart grunnlagt, medan den unge handelsstaden Bergen blomstra, med gryande fiskeeksport. Samtidig tok kongane stadig meir tilhald i byane.

Strid om makta

Sigurd Jorsalfare styrte i landet til 1130, men mot slutten av styringstida hans hevda Harald Gille arverett til trona, som påstått son av Magnus Berrføtt. Son til Sigurd, Magnus, skal ha vore uvenleg og kravde høge avgifter, og difor fekk Harald Gille sitt krav god støtte. Det var mykje strid mellom dei to. Til slutt tok Harald sine folk Magnus til fange, kvesta og blinda han, så han ikkje kunne hevde kongsmakt meir. Det vart opptakta til ein valdsspiral. I over to tiår var det mykje strid, frå 1142 mellom dei tre sønene til Harald, som først delte makta mellom seg, men så vart uvener. Ein av dei, Inge Krokrygg, stod att som einekonge i 1157.

Mykje av drivkrafta i kampane var ei sterk samkjensle innanfor gruppene som støtta dei ulike kongsemna, og tilsvarande sterk fiendskap utetter. Slike grupper var danna av stormenn som hadde fått dårlegare høve til forteneste etter at vikingferdene tok slutt. For å halde på rikdomen hadde dei vorte meir avhengige av inntekter frå landområde som dei fekk for teneste i kongen si hird, som såkalla lendmenn. Difor prøvde dei å knyte kongsemne til seg frå byrjinga, og slik få einerett på stillingane. Sidan fleire av kongane var umyndige då dei kom til makta, fekk lendmennene òg stor politisk innverknad. Då kong Inge vart drepen av flokken til Håkon Herdebrei, samla følgjarane til Inge seg om lendmannen Erling Skakke, gift med dotter til Sigurd Jorsalfare. Det var dermed Erling som vart eigentleg riksstyrar då Håkon Herdebrei vart nedkjempa i 1162.

Ein vakkert dekorert skitupp som kan stamme frå ein birkebeinarski. Kjelde: NTNU Vitenskapsmuseet på flickr.com. CC BY 2.0.

Ein vakkert dekorert skitupp som kan stamme frå ein birkebeinarski. Kjelde: NTNU Vitenskapsmuseet på flickr.com. CC BY 2.0.

Birkebeinarane og baglarane

Erling Skakke heldt i taumane, men køyrde fram son sin, Magnus, som kongsemne. Sidan han ikkje var kongsson, braut det med reglane for arvefølgja, men Magnus fekk tilslutning frå leiande stormenn. Samtidig lova han større fridom til kyrkja, og dermed fekk han støtte av erkebiskopen, som òg krona han. Det skapte fred, og no vart det vedteke nye reglar for tronfølgja, der makta berre skulle gå til den eldste kongssonen.

I 1174 reiste opprørsflokken birkebeinarane seg om tronkravet frå Øystein Møyla, son til Øystein Haraldsson og soneson til Harald Gille. Då Øystein han vart drepen tre år seinare, følgde birkebeinarane Sverre, som hevda å vere son av Sigurd Munn, den eldste av sønene til Harald Gille. Sverre Sigurdsson førte ein svært vellykka kamp for å tileigne seg kongsmakta. I slaget ved Kalvskinnet i 1179 drap han Erling Skakke, og i slaget ved Fimreite i 1184 sigra han over kong Magnus Erlingsson. Her miste svært mange lendmenn livet, noko som svekte det fysiske grunnlaget for makta til Magnus.

Sverreætta

Sverre sat med makta til han døydde i 1202, men måtte sjølv kjempe mot opprørarar. Dei sterkaste av dei, baglarane, fekk støtte både av kyrkja og av danskekongen, som ikkje hadde interesse av Sverre sitt sterke riksstyre. Fleire stormenn på Austlandet slutta òg opp om motstanden. Son til Sverre, Håkon, fekk bukt med opprøret ved å forlike seg med kyrkja, og han lykkast dessutan med å halde birkebeinarane samla. Då Håkon Sverresson så plutseleg døydde i 1204, delte derimot flokken seg i to grupper, dei som støtta den nye kongen, Inge Bårdsson, og dei som støtta jarlen hans, Håkon Galen.

Samtidig blussa opprøret på Austlandet opp på ny. Baglarane stod då sterkt, med støtte frå den sterke danskekongen Valdemar Siger. I 1206 overfall dei birkebeinarsetet i Nidaros. Til slutt vart det slutta forlik, på Kvitsøy i 1208, der baglarane fekk godteke eit visst sjølvstyre i Vika og på Opplanda. Då Håkon Håkonsson så arva makta, slutta flokkane endeleg fred. Oppstanden vart ført vidare av ribbungane, men då var striden meir avgrensa, og ribbungane vart endeleg knuste i 1227. Tolv år seinare gjorde Skule Bårdsson opprør – som son av kong Inge var han riksstyrar medan Håkon Håkonsson var umyndig, men hadde tapt stadig meir makt – men også dette opprøret vart knust av kong Håkon. Slik enda borgarkrigstida.

Då Noreg vart ein stat

Utbygginga av statsapparatet heldt fram på 1100- og 1200-talet, trass i maktstrid – eller kanskje nettopp difor, for alle kampane skapte truleg eit ønske om ei sterkare statsmakt. Det er i denne tida «Norge blir en stat», ifølgje eit klassisk verk av historikaren Knut Helle. Det var no det kom på plass styringsmenn som hevda statlege interesser, heller enn sine eigne, og det var no det kom på plass eit kongedøme heimla i rett heller enn i rein makt.

Statsforvaltninga vart no styrkt. Kongen sin nærmaste krins, hirda, vart stadig utvida, og under Sverre vart det laga eit eige lovverk for hirda, hirdskråa. Hirdmennene vart delte i grupper, der dei såkalla gjestene fekk oppgåver som galdt vakthald og handheving av politimakt på vegner av kongen og lokale embetsmenn. Likeins voks leidangen til å omfatte kring ein fjerdedel av folkesetnaden i 1300, og no fekk kongen rett til å nytte leidangen til åtak utanriks. Samtidig fekk hæren stadig større innslag av profesjonelle krigarar, særleg under kong Sverre, som først hadde lite støtte frå bøndene.

Hirda fekk samtidig tildelt fleire sivile oppgåver i statsstyringa og fekk juridiske og administrative støtteoppgåver rundt om i landet. Kanslaren var hirdmannen som skreiv brev og førte rekneskap. Sidan kongen reiste mindre rundt i landet, vart skriftbruken meir omfattande, og kanslaren dermed viktigare. Under han vart det oppretta ei skrivestove, eit kanselli, som etter 1314 vart lagt fast til Oslo, og der utvikla kanselliet seg til ein fungerande statsadministrasjon. Hirda som krigarfølgje var då meir utdatert, og vart avløyst av nye organ.

Sterkare sentralmakt

Til styringa ute i landsdelane hadde kongen sidan vikingtida hatt årmenn, som opphavleg styrte kongsgardane, og lendmenn, som hadde mykje av dei same oppgåvene, mellom anna innkrevjing av skattar og avgifter, handheving av lov og rett og ordninga av forsvaret. Lendmennene var av svært høg byrd, som etterkomarar av gamle hovdingslekter, og autoriteten som dette gav, gjorde at dei hadde ei nokså sjølvstendig stilling, som utfordra sentralmakta. Under Sverre Sigurdsson vart dei difor bytte ut med sysselmenn, tenestemenn utan nokon nedarva autoritet innanfor styringsområdet sitt. Dei nye sysselmennene var såleis meir bundne av truskap til kongen.

Kongemakta fekk vidare meir herredøme over rettsapparatet. Leiarane for lagtinga, lagmennene, vart no utnemnde av kongen, og dei fekk domsmakt. Samtidig fekk kongen og kyrkja igjennom stadig større endringar av lovene. I 1274/76 fekk Magnus Lagabøte erstatta dei gamle regionale landskapslovene med Landslova, eit lovverk for heile riket. Ei slik riksdekkjande lovbok var eit særleg symbol for kongeleg makt, og fanst elles berre i kongedømet Castilla. Dei regionale lagtinga var samtidig i ferd med å bli for trege for rikspolitikken. Meir hasteprega saker vart difor etter kvart avgjorde ved møte på riksnivå, og i seinmellomalderen fekk statsstyret fast form i ei vedvarande forsamling, riksrådet.

Statsbygginga endra forholdet mellom kongen og bøndene. I vikingtida måtte ein makthavar sikre seg støttespelarar ved å dele ut gåver. Rikdom vart slik fordelt nedover. I høgmellomalderen var kongen si stilling som overhovud så sterk at staten heller kunne krevje økonomisk underhald oppover, i form av skattar og avgifter. Samtidig miste altså bøndene formell innverknad på lover og politikken elles, som no vart utforma på statleg nivå. Bak overføringa låg tvang gjennom ei omfattande hærmakt – «usminka overgrep» mot bøndene har historikaren Kåre Lunden hevda – men den same makta sikra òg at lov og rett vart halde i hevd.

Tidskapsel: Klosterbrørne
På 1100-talet vart dei første klostera grunnlagde i Noreg, i dei største byane, men òg på meir avsides stader. Munkane og nonnene høyrde til internasjonale ordenar, benediktinarar, cisterciensarar, fransiskanarar og dominikanarar. Dei levde enkle liv, med mål om å «be og arbeide». Til grunn for klosterlivet låg Benedikts regel, som kravde at klosterbrørne levde i fattigdom og sølibat og dessutan viste full lydnad til leiaren av klosteret, abbeden eller abbedissa. I klostera fanst det òg lekbrør, gjerne dobbelt så mange som munkar. Dei deltok ikkje i bøna, men arbeidde med hendene og levde like strengt. Lekbrørne vart sette ned på, kalla «omvende» og «skjeggete» og vart stadig sterkare oppfatta som munkane sine tenarar.

Trass i lydnadskrav kom det til konflikt. I 1243 gjorde lekbrør og munkar opprør på cisterciensarklosteret på Hovudøya ved Oslo. Med våpen i hand bortførte dei abbeden og fleire andre leiande munkar. Opprørarane rodde dei til aude øyar, ifølgje ei fråsegn frå rådsamlinga for klosterordenen. Her tok opprørarane frå dei kleda, piska to munkar til blods og lét alle bli igjen for å svelte i hel. Stor fare for å døy var det nok ikkje så nær land, men hendinga viser at klosterstyret kunne få handfast motstand. Ordensleiinga svarte med bannlysing, men utover 1200-talet vart lydnaden veikare, og særleg lekbrør gjorde opprør mot undertrykking innanfor klostermurane.

Framleis lokalt sjølvstyre

Om bøndene tilsynelatande miste høvet til politisk og juridisk påverknad på statleg nivå, var det likevel grenser for statsstyret lokalt. Kongen sitt styringsapparat var rett og slett ikkje stort nok til å kontrollere all samfunnsutvikling. Sysselmennene hadde sete på sentrale stader i dei 50 norske sysla. Til å styre i bygdene oppnemnde dei lensmenn blant bøndene, og sidan lensmennene var underlagde sysselmennene og samstundes høyrde til bondesamfunna, var dei under svak kontroll av sentralmakta. Samtidig utnytta sysselmennene stillinga si som påtalemakt til å løyse saker utanfor retten, mot pengar under bordet. At dei slapp unna med det, viser kor veik kongen si valdsmakt framleis var.

Bygdetinga var dessutan framleis svært sjølvstendige. Bøndene nytta tinget som domstol, men òg til å vedta lokale politiske saker, til dømes bygging av vegar. Som lekdommarar, lagrettemenn, på lagtinga verka bøndene likeins inn på rettspleia. For det meste vart likevel usemje løyst utanfor tinga, som forlik. Dom og bot kunne vere opprivande i små lokalsamfunn, og då var det betre å forsone seg ved ein gjensidig avtale. Private tvistar vart då gjerne løyste i gilda, samanslutningar som nettopp skulle sikre folk oppreising ved skade og ulykker.

Gilda var dermed viktige for å halde ro og orden lokalt, og denne rolla stod under eit særleg rettsvern. Kongemakta såg seg nemleg tent med at mindre saker vart løyste av bygdefolket sjølve, sidan dei hadde best kjennskap til lokale forhold. Det at bøndene styrte sine eigne område, vert kalla bondekommunalisme. Dette sjølvstendet vart endå sterkare då statsapparatet vart sterk svekt etter svartedauden. Like fullt vart det òg meir orden i lokalsamfunna i høgmellomalderen. Det vart mindre sjølvtekt og meir kollektiv justis, og no vart grensene for ein ny geografisk fellesskap teikna opp, nemleg kyrkjesoknet.

Mariakyrkja i Bergen, bygd på 1100-talet. Foto: GothPhil på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Mariakyrkja i Bergen, bygd på 1100-talet. Foto: GothPhil på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Kyrkjevesenet veks fram

Kyrkja var det maktorganet folk hadde mest med å gjere, og kyrkja styrkte seg sterkt utover høgmellomalderen. Tidleg vart det bygd svært mange kyrkjer. 50–60 hovudkyrkjer vart reiste av kongemakta, men langt fleire av gamle hovdingslekter. Slik kunne hovdingane føre vidare det grepet dei hadde hatt om gudsdyrkinga i vikingtida, for det var byggherren som rådde over kyrkjebygget. Det gav han vørdnad, men òg inntekter, for kyrkjetenestene skulle betalast, og vederlaget gjekk til kyrkjeeigaren. Prestane ved desse kyrkjene var då lønte av stormannen, og dei var nærmast som trælar å rekne. Såleis hadde prestane lite autoritet når dei ville mane folk til å etterleve kyrkjelege moralbod.

Lenge var også biskopane ufrie, som del av kongen sitt krigarfølgje, men då det vart skipa eigne bispedøme, vart biskopane førande i styrkinga av kyrkjemakta. Ved katedralane som var knytte til bispeseta, vart det oppretta utdanning av prestar, som slik vart betre skulerte på 1100-talet. Likeins voks det fram kloster nær bispeseta. Klostera var ikkje mange i Noreg, men dei gav viktige støtte til biskopane, for munkane var skriveføre og prestevigde. Dessutan heldt dei kontakt med moderkloster i utlandet og fekk slik ein avgjerande innverknad på den kyrkjepolitiske utviklinga. Mest vesentleg var innføringa av tankane til reformrørsla.

Kyrkjeleg sjølvstende og strid

Reformrørsla var ei vesteuropeisk kyrkjeleg retning som kravde at kyrkja skulle styre seg sjølv og dessutan rå over domsmakt i forhold som vedkom kristne moralbod. Utover høgmellomalderen vart krava hevda stadig sterkare frå paveleg hald. Etter kvart skapte det strid med verdslege makthavarar, særleg om retten til å utnemne biskopar. Under Olav Kyrre og sønene til Magnus Berrføtt fekk den norske kyrkja meir sjølvstende, noko som betra forholdet ril pavekyrkja i Roma, men kongane heldt på retten til å utnemne biskopar. Det avgjerande brotet kom først etter skipinga av eit nasjonalt erkebispesete – i Nidaros i 1152/53.

I byte mot støtta til Magnus Erlingsson fekk Øystein Erlendsson, erkebiskop frå 1157 til 1188, sikra kyrkja retten til å utnemne biskopar og andre geistlege. Stormennene miste dermed makta over kyrkjebygg og prestar, og dei fekk mindre inntekter, medan prestane fekk ei friare stilling og høgare vørdnad. Uviljen som inntektstapet skapte, prøvde kong Sverre å utnytte. I eit nidskrift han fekk forfatta, skulda han biskopane for å ha tileigna seg kallsretten med «uærlegdom og svik», for slik å vilje «vere både biskopar og kongar». Då han prøvde å kalle tilbake rettane, lyste paven Sverres riksstyre i bann.

Sverre sin kamp mot kyrkja kunne han ikkje vinne. Paven hadde styrkt autoriteten sin mykje frå andre halvdel av 1000-talet og sette hardt mot hardt i strid med nasjonale herskarar. Samtidig låg den norske kyrkja langt frå Roma, og erkebiskopen fekk ganske fritt spelerom. Då striden med kongen hardna til, fekk erkebiskopen fullt medhald av paven. Det var då òg biskopen i Oslo, Nikolas Arnesson, som med dansk støtte skipa baglarflokken til kamp mot Sverre, og som støtta mostanden med inntekter frå bispegodset. Då kong Sverre låg før døden, rådde han difor sonen sin, Håkon, til å forlike seg med kyrkja.

Snorre Sturlason, teikna av Christian Krogh. Illustrasjon i boka «Kongesogur», nynorsk utgåve omsett av Steinar Schjøtt, gitt ut i Kristiania på Stensersen forlag i 1900.

Snorre Sturlason, teikna av Christian Krogh. Illustrasjon i boka «Kongesogur», utgåve på landsmål omsett av Steinar Schjøtt, gitt ut i Kristiania på Stensersen forlag i 1900. Skjermdump frå boka på nb.no.

Forteljing, skrift, kultur

Kampen mellom Sverre og kyrkja kjenner vi godt, fordi han vart skriftfest. Sverresoga er den første av kongesogene som vart forfatta i samtida, og ho gir dermed eit verdifullt innblikk i borgarkrigstida. Slik Sverre nytta seg av omfattande agitasjon i talen mot biskopane, er også soga om han eit reint propagandaskrift. Her lanserer Sverre seg som arvtakar etter Olav den heilage og som ein David i kamp mot Goliat. At skildringa bygde opp om Sverre, er då òg å vente, for om det ifølgje forordet var abbed Karl Jónsson som skreiv soga, var det Sverre som «sjølv sat over han og rådde for kva som skulle skrivast».

Biletet av dette tidsrommet som ei blodig krigstid er då òg prega av at Sverresoga er skriven med påhalden penn. Sverre tente opplagt på at han fekk skildre seg sjølv som den som fekk bukt med uroa, medan kyrkja tente på å overdrive kaoset som Sverre skapte. Likeins er skildringane av tida før prega av politiske interesser. Snorre Sturlasons Heimskringla er til dømes prega av koplinga hans til Sverreætta, gjennom Skule Bårdsson, den same koplinga som seinare gjorde at han vart drepen, då Skule gjorde opprør mot Håkon Håkonsson. Kyrkjelege forfattarar som Adam av Bremen og Theodoricus munk braut samtidig staven over tidlegare kongar som hadde vore for eigenrådige mot kyrkja.

Høgmellomalderen var tidsrommet då ein for alvor tok til å nytte skrift, til politikk og forvaltning, til poesi og historie. Kristendomen førte til meir skriftbruk, særleg ved klostera, og kristen moral og kristne danningsideal la nye føringar for sosial omgang, særleg gjennom kravet til lydnad til Gud og kongen. Fleire kyrkjelege skrivarar gjekk dessutan i statleg teneste. Det var no lovene vart skrivne ned, og etter kvart vart òg skriftleg ordveksling og rekneskapar avgjerande for statsforvaltninga – frå baglarkongen Filippus si hand har vi overlevert det eldste brevet skrive på norrønt. Frå 1300-talet vart skrift òg i aukande grad nytta til jordskifte og til å stadfeste eigedom.

Dessutan fekk kongemakta omsett utanlandske romanar, høvisk riddarlitteratur, for på den måten å innføre utanlandske adelege ideal. Kjensler – kjærleik og sorg – var avgjerande i denne litterære verda, som òg fekk sine nordiske uttrykk, om enn med visse kulturelle tilpassingar. Omsetjingane verka inn på norsk dikting både i innhald og form, men òg på det politiske livet, der europeiske titlar som baron og hertug vart innførte. Slik vart kontinental overklassekultur innført ovanfrå, som ledd i ei utvikling mot større skilje mellom eliten og folkekulturen.

Stordom og velde

Sjølve kongedømet kom altså styrkt ut av borgarkrigstida. Då opprøret frå Skule Bårdsson var slått ned i 1240, gjekk statsmakta inn i ei meir stabil tid, prega av reformer. Samtidig oppstod det strid om arvefølgja i Danmark, som kasta landet inn i eit hundreår med indre konfliktar, under vedvarande press mot grensene frå Nord-Tyskland. Det gav Noreg førarsetet i Norden. Håkon Håkonsson prøvde å hærta det danske området Halland, i dagens Sør-Sverige, men lykkast ikkje. Heller ikkje ein krig mot Skottland, for å forsvare dei norske interesseområda Man og Suderøyane, lykkast. Håkon kunne mønstre ein mektig flåte, men landstyrkane hadde sakka akterut i utviklinga mot reine yrkeshærar.

På det diplomatiske området gjekk det betre. Frå Noreg gjekk det truleg ut fleire hundre sendeferder, og sendemenn drog så langt som til Egypt og Novgorod. Den norske omdømebygginga viser seg i giftarmålet mellom dotter til Håkon, Kristin, og bror til kongen av Castilla. No sikra kongemakta seg dessutan retten til å skattleggje Grønland og Island, som historisk sett i stor grad var busette frå Noreg. Island hadde hatt eit omfattande sjølvstyre, men i 1220-åra hadde hovdingane svore truskap til Håkon, for å få hans vern. Slik styrkte dei si eiga stilling, men landområda sine gav dei samtidig til kongen, for å få råderetten tilbake som len. Ved slutten av Håkon Håkonsson si styringstid var Noreg såleis så stort som det aldri hadde vore tidlegare, eller nokon gong skulle bli. Norgesveldet har dette riket vorte kalla seinare.

Under Magnus Lagabøte vart utanrikspolitikken mindre pågåande, men innanriks heldt styrkinga av staten fram. I tillegg til Landslova gav kong Magnus ei eiga bylov, så byane vart eigne styringsområde. Byane hadde nemleg vakse sterkt, mykje på grunn av den marknaden staten og kyrkja skapte for handverk og byggjeverksemd. Dessutan omsette dei store jordeigarane overskotet frå jordbruket, «oppebørselen», her. Avgjort størst var Bergen, med 10 000 innbyggjarar, mykje på grunn av utførselen av tørrfisk. Tyske handelsmenn tok over mykje av fiskehandelen etter 1250, dei hadde best nettverk og gode handelsordningar. Sambandet dei danna, Hansaen, vart ein mektig aktør i nordisk politikk dei neste hundreåra.

Kyrkjeretten var ikkje ein del av Landslova. I staden gjorde kong Magnus ein avtale med erkebiskopen, Sættargjerda i Tunsberg, der grensene mellom kyrkjeleg og kongeleg makt vart dregne. Sættargjerda synte kor sterk kyrkja hadde vorte i høgmellomalderen. No hevda kyrkja retten til å styre i eigne saker, og samtidig fekk ho rett til å døme i saker som galdt kristne moralbod. Samtidig måtte erkebiskopen seie frå seg påverknaden ved kongeval, og det gjorde kongsmakta tryggare.

Sterkare riksadel

Styringstida til Magnus Lagabøte var prega av stabilitet, men då han brått døydde i 1280, var sønene Eirik og Håkon mindreårige. Riksstyret vart då teke hand om av dei fremste hirdmennene, som heller arbeidde for eigne økonomiske interesser og mellom anna straks sette Sættargjerda til sides. Utanrikspolitisk vart styret igjen meir stridbart, med felttog mot Danmark og framstøytar mot Skottland, utan at det fekk vidare følgjer. Politikken vart utmeisla av rådgivarar heller enn av kong Eirik. Det synte at adelen no skaffa seg større handlingsrom.

Eirik Magnusson døydde tidleg og barnlaus i 1299, så broren Håkon arva kongsmakta. Under han fekk medstyret til adelen fastare former. For å sikre makta for etterkomarar av dotter si, Ingebjørg, fekk Håkon Magnusson nemleg vedteke endringar i arvelova, med eit mogleg formyndarstyre utøvd av «vårt råd». Til gjengjeld knytte Håkon til seg trufaste rådgivarar og slo handa av dei mest eigenrådige. Kongen fekk då ei meir sjølvstendig stilling. Håkon gav ei rekkje lover for å styrkje kongemakta, mellom anna gjennom strengare oppsyn med sysselmennene.

Krig med Danmark, samband med Sverige

Den norske kongemakta prøvde stadig å utnytte at riksstyret i Danmark var svekt, særleg ved å leggje under seg Halland, som grensa til norske Båhuslen. Eirik Magnusson støtta difor motkreftene mot danskekongen, og under Håkon Magnusson heldt forsøket på riksutviding fram. Særleg ønskte kongen å ta del i handelen i Austersjøen, som gav stadig større inntekter. Håkon oppheldt seg difor meir på Austlandet, som dermed vart ein viktigare landsdel – også fordi det var der folkesetnaden og dermed skattegrunnlaget auka.

For å styrkje stillinga si nærma kong Håkon seg Sverige. Tidleg trulova han bort dotter si til hertug Erik, bror til svenskekongen, og gav han Sør-Båhus i len. Men forholdet mellom Erik og svenskekongen var dårleg, og det braut snart ut full strid. Håkon hamna dermed i ei vanskeleg stilling, som støttespelar til motstandarane til både den danske og den svenske kongen. Dermed braut han trulovinga. Erik måtte då kjempe åleine, men rådde over ei rad moderne borger og lykkast med forsvaret. I 1312 stod difor bryllaupet mellom Erik og Ingebjørg likevel.

Hertug Erik og Ingebjørg fekk ein son, som vart norsk arving, men Erik vart seinare fanga og drepen av svenskekongen. Då gjorde svenske stormenn opprør, så kongen måtte rømme. I Sverige vart kongen vald, og i 1319 tilbaud adelen makta til Magnus, son til Erik. Same året døydde Håkon Magnusson, og dermed vart Magnus Eriksson òg norsk konge ved arv. Sverige og Noreg kom slik i kongefellesskap, medan den mannlege slektslinja frå Sverre Sigurdsson døydde ut. Politisk vert dette gjerne sett på som slutten på høgmellomalderen i Noreg, for dette innleidde ei tid der Noreg var i union med andre nordiske land.

Kjelder

Bernt Christian Bowitz: «Hovedøya Maria kloster ‒ langt fra menneskers ferdsel?: en analyse av klosterets økonomiske forhold». Oslo 2009

Arne Odd Johnsen: De norske cistercienserklostre 1146‒1264: sett i europeisk sammenheng. Oslo 1977

Kåre Lunden: Norge under Sverreætten 1177–1319, bd. 3 i Knut Mykland (red.): Norges historie. Oslo 1995

Hans Jacob Orning: Frem til 1400, bd. 1 i May-Brith Ohman Nielsen, Magne Njåstad og Hans Jacob Orning (red.): Norvegr. Norges historie. Oslo 2011

Jón Vidar Sigurdsson og Anne Irene Riisøy: Norsk historie 800–1536. Frå krigerske bønder til lydige undersåttar. Oslo 2011 Randi Bjørshol Wærdahl: «Gautr Jónsson of Mel: Craftsmann of battle and chief oral source of Hákonar». I Sverrir Jakobsson og Jón Viðar Sigurðsson (red.): Sturla Þórðarson: Skald, Chieftain and Lawman. Leiden 2017

Peikarar

Norgeshistorie.no: «1050–1350: høymiddelalder»

Først publisert: 16.12.2019
Sist oppdatert: 23.05.2020