Hopp til innhold
Hjulrokk med vengespindel, som gjer at ein kan spinne og vinde opp tråden i éin prosess. Denne typen rokk kom til Noreg tidleg på 1600-talet. Kjelde: Norsk Folkemuseum på digitaltmuseum.no. Foto: Anne-Lise Reinsfelt / Norsk Folkemuseum. Inventarnr.: NFL.00894. CC BY-SA 4.0.
Hjulrokk med vengespindel, som gjer at ein kan spinne og vinde opp tråden i éin prosess. Denne typen rokk kom til Noreg tidleg på 1600-talet. Kjelde: Norsk Folkemuseum på digitaltmuseum.no. Foto: Anne-Lise Reinsfelt / Norsk Folkemuseum. Inventarnr.: NFL.00894. CC BY-SA 4.0.
X
Innhald

Norsk historie 1536–1660 – eit undertrykt land

Norsk sjølvstyre vart formelt avskaffa i 1536. Dei dansk-norske styresmaktene oppheva særnorske ordningar i stadig sterkare grad etter reformasjonen. Kongen førte mange krigar og betalte for dei med ein kraftig skatteauke, tidvis mot viljen til riksrådet. Adelsmakta vart samtidig utfordra av ein borgarskap i vekst.

Reformasjonen vart innført utanfrå og ovanfrå i Noreg, og det tok lang tid før folk tok til seg den nye trua. Lutherdomen vart strammare fram mot 1600-talet, og prestane vart pressa hardare, særleg då det vart oppdaga at fleire av dei framleis heldt fast ved den katolske læra. Nye lover skulle endre folk sine tankar og handlingar, med prestane som dommarar. Straffa var hard for slikt som sex utanfor ekteskapet, men òg for bannskap og drikking. Verst gjekk det med dei som vart dømde for det mest ukristelege, nemleg trolldom. I Danmark-Noreg vart mange dømde for magi og avretta på ein grufull måte.

Aldri har Noreg vore så mykje i krig som i denne tida, heile seks gonger, mest mot Sverige. Lenge ytte riksrådet motstand, med god grunn, for opprustinga var svært dyr, og det kom lite ut av krigane. Først heldt dei nordiske rika kvarandre i sjakk, før Sverige vann våpenkappløpet på 1600-talet. Svenskane segla då opp som europeisk stormakt og tok frå Danmark-Noreg fleire landområde, ei stund attpåtil Trøndelag og Møre. Nordmenn vart skrivne ut til hæren med tvang, og frå 1628 vart ein norsk hær bygd opp. Byrdene var tunge, i form av skadar og plyndring, men òg i form av stadig høgare skattar.

Styringsforma i denne tida vert gjerne kalla adelsvelde, for høgbyrdige menn hadde mykje makt, særleg gjennom det danske riksrådet. Kongen måtte forhandle om vedtak i riksrådet, og for å verte innsett som konge måtte han godta klare vilkår. Ofte såg han likevel gjennom fingrane med avtalen og staka ut kursen sjølv. Lokalt hadde adelen likevel stor makt, som embetsmenn. I Noreg vart både riket og dei største regionane, lena, styrte av danske adelsmenn. Dei gjorde seg rike på godsdrift, skatt og handel. Adelen si stilling og særrettane deira var derimot i ferd med å verte forelda, etter kvart som næringsliv og fagkunnskap vart meir og meir viktig.

Tidskapsel: Kanslaren
Stjørdalen, 21. juli 1612: Nederlandske leigetroppar herjar seg opp dalen. 12 gardar legg dei i oske. Trønderske bondesoldatar er dårleg rusta og må gøyme seg øvst i dalføret og skyte frå avstand. Langs fjorden har dei nederlandske skipa fått segle fritt. Kongen flyr i flint. Danmark-Noreg er i krig med Sverige, og leiaren for hæren nord i Noreg er Jens Bjelke. Han har ingen militær bakgrunn og måtte kapitulere for svenskane året før. Bjelke har derimot gode kontaktar, og det er lensherren i Trondheim som blir straffa for åtaket. Danskekongen har ansvaret for vanrøkta av det norske forsvaret, men Bjelke leiar ein kommisjon som straffar bøndene. Sjølv blir han norsk kanslar i 1614.

Jens Bjelke var ein av Noregs rikaste menn som arving til Austrått gods. Likevel klaga han si naud til kongen, og han fekk nye store eigedomar i len, som Bergenhus og Stavanger. Ved midten av hundreåret eigde han ein femtedel av alt norsk gods. Som kanslar var han øvste leiar for rettsvesenet i Noreg. Han sat i fleire kommisjonar, og i 1632 reiste han rundt for å granske bondeklager på futar og offentlege byrder. Ein del futar vart dømde, og arbeidet leidde fram til lovendringar. Som adelsmann levde han overdådig, og han arbeidde i senga fram til klokka to. Han hadde samtidig stor virkekraft, og han skreiv fleire, om beint ut elendige, dikt. Til gjengjeld fekk han i 1634 utgitt den første norske ordboka. Bjelke har vorte ståande som det fremste dømet på den nye norske eliten og det danske fjernstyret under den.
Preikestol frå 1623, truleg dansk og i slekt med arbeida til den danske snekkaren Niels Ibsen. Foto: Anne-Lise Reinsfelt / Norsk Folkemuseum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: NF.1910-0358. CC BY-SA 4.0.

Preikestol frå 1623, truleg dansk og i slekt med arbeida til den danske snikkaren Niels Ibsen. Foto: Anne-Lise Reinsfelt / Norsk Folkemuseum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: NF.1910-0358. CC BY-SA 4.0.

Reformasjonen

Politisk gjekk det kjapt å vedta den lutherske reformasjonen i Danmark-Noreg, sjølv om striden bak var lang og hard. I det som nærmast var eit statskupp i 1536/37, kasta kongen kyrkjeleiarar i fengsel og sette inn nye leiarar, som var trufaste mot han sjølv. Erkebiskopstillinga vart avskaffa, sjølv om biskopen i København framleis skulle vere ei kyrkjeleg leiestjerne. Før det hadde gått eit år, var ei ny kyrkjelov på plass. Teologisk tok reformasjonen derimot mykje lengre tid. I Noreg var vegen særleg lang, for her hadde lutherdomen lite feste, samanlikna med Danmark og Sverige. Først vart òg berre biskopane bytte ut, så det tok tid før luthersk utdanna prestar steig opp på preikestolane. Då vendinga kom, slutta nordmenn å gå like mykje i kyrkja.

Lutherdomen var ei av fleire reformatoriske, protestantiske retningar. Usemja mellom dei ulike retningane var tidvis hard, og det var òg strid mellom lutheranarar innbyrdes. For å motverke religiøse konfliktar innanlands heldt danskekongen seg til ei stram truslære. Han godtok ikkje nye skrifter, heller ikkje det felles lutherske vedkjenningsskriftet, konkordieformelen. Trusgrunnlaget vart på den måten snevrare enn i lutherske land elles.

I høgmellomalderen eigde kyrkja halvparten av alt gods. Med kuppet i 1536/37 la kongemakta difor store eigedomar under seg. Halvparten vart nytta til å drive kyrkja, medan resten gjekk i lomma til kongen. Ideologisk var reformasjonen òg ei styrking. Lenge hadde kyrkja spela ei stor rolle i statsstyringa, men no kunne monarken sjølv styre etter eige hovud. Kyrkjerommet vart i aukande grad nytta til politisk propaganda, med strenge straffer for prestar som ikkje følgde opp kongelege påbod. Kongane vart framstilte som innsette av Gud, og politisk motstand vart derfor oppfatta som eit opprør mot Gud.

Kristian 3. Foto av koparstikk, truleg laga av Johan Martin Preisler (1715–1794). Teksten på namneplata under portrettet: «Christian den Tredie/Konge til Danmark og Norge de Venders og Gothers,/Hertug udi Slesvig Holsten Stormarn og Ditmarsken,/ Greve i Oldenborg og Delmenhorst.». Eigar: Oslo Museum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: OB.00625. CC BY 4.0.

Kristian 3. Foto av koparstikk, truleg laga av Johan Martin Preisler (1715–1794). Teksten på namneplata under portrettet: «Christian den Tredie/Konge til Danmark og Norge de Venders og Gothers,/Hertug udi Slesvig Holsten Stormarn og Ditmarsken,/ Greve i Oldenborg og Delmenhorst.». Eigar: Oslo Museum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: OB.00625. CC BY 4.0.

Lydriket

Den såkalla Noregsparagrafen i Kristian 3. si handfesting frå 1536 avskaffa formelt norsk sjølvstende. I handfestinga heiter det at Noreg heretter skal «vere under Danmarks krone, på same måte som ein av dei andre landsdelane, Jylland, Fyn, Sjælland og Skåne, og ikkje vere eller heite eit kongerike for seg.» Denne avtalen var ein siger for kongen, for då var det berre eitt riksråd att å forhandle med, det danske. Danske adelsmenn fekk på si side gode utsikter til eigedomar i Noreg. Ein opprivande dansk strid vart dermed løyst med ei ordning som tente både kongen og adelen. Med indre ro kunne regimet no fritt knuse det pågåande norske opprøret.

Lydrike er Noreg kalla frå reformasjonen og fram til 1814, altså eit rike som måtte lyde eit anna. For kongen gjorde ikkje alvor av avtalen om å oppheve riket. Heller enn å gjere Noregsparagrafen kjend, heldt han fram med å kalle Noreg eit eige rike, og omtalte seg sjølv som «Konge til Danmark og Noreg». Den norske riksløva var framleis med i kongevåpenet, og Noreg hadde eit eige lovverk. Mest avgjerande var det at nemninga rike vart nytta i mellomstatlege avtalar. Slik hindra kongen at slektningane hans kunne nytte avskaffinga av sjølvstendet til å gjere krav på den norske krona.

Samtidig «kunne vel Noreg ein gong vakne opp av søvne […], for ho er ikkje så vanstelt og vanæra at ho jo kunne kome til makt og herlegdom igjen», skreiv presten Absalon Pederssøn Beyer i 1567. Historikarane har vore usamde om menneska på 15- og 1600-talet såg på seg sjølve som norske. Nokre har kalla det ei moderne oppfatning og meiner at folk den gongen ikkje heva blikket frå bygdelaget. Andre har peikt på sterke kjensler for norsk natur og historie hos skribentar som Beyer, og at kongemakta sjølv viste til særnorske trekk og norsk samkjensle. Dessutan samla både studentar og soldatar seg i eigne norske grupper, og nordmenn kjempa mest for å forsvare sitt eige land, heller enn å gå i krig for kongen.

Noregsstyret

Den eigne norske utøvande forsamlinga, riksrådet, vart avskaffa med Noregsparagrafen. Kanslaren, den administrative leiaren, stod att som einaste embetsmann på norsk riksnivå. Han hadde oppsyn med rettsstellet og vart mot slutten av hundreåret talsmann for den norske adelen. I 1572 innsette regjeringa i København ein norsk statthaldar, som skulle styre riket i kongen sitt fråvær og halde gjenstridige nordmenn i age. Statthaldarane var politisk utnemnde, slik som dei danske riksrådane. Fleire av dei tok klare grep, ved å byggje opp skatte- og tollvesenet, opprette eit styre for bergverk og skogsdrift og opprette ein norsk hær. Slik voks det norske styringsverket mykje.

Statthaldaren var lensherre for Akershus, eit av fire, seinare seks, hovudlen. Under hovudlena fanst det om lag 30 smålen. Lensherrane var stort sett danske adelsmenn. Nokre fekk lenet som motgåve for lån til kongen, og fekk då alle lensinntektene sjølve. Mest vanleg var leige gjennom ein årleg fast sum, men også då var det lite att til kongemakta. Større utbytte gav det om lensherrane førte rekneskap og tok ein fast del av overskotet, men då lurte dei gjerne unna mykje pengar. Men med veksten i statsadministrasjonen heldt kongemakta etter kvart betre oppsyn. Fleire len måtte føre rekneskap, sentralstyret vart fastare, og statsinntektene voks. Under Hannibal Sehested (1642–51) vart det oppretta ei eiga norsk sentralkasse, Generalkommisariatet, som skulle forvalte alle norske skatteinntekter.

På slutten av 1500-talet vart rettsvesenet omforma. Tidlegare løyste gjerne lokale domstolar, bygdetinga, vanlege rettstvistar. Andre saker vart avgjorde av den statlege lagmannen. I 1590 vart ei klar appellordning innført. Første instans var bytinget i byane, på landet ein bondejury, lagretten. Lagmannen var andreinstans. Den øvste domstolen, Herredagen, fekk no òg ei fastare møteform. Ved ein anke vart lagretten formelt saksøkt, så ansvaret vart større, og ordninga kravde stor kunnskap om lovverket. Til dette fekk bøndene hjelp av ein ny embetsmann, sorenskrivaren, som òg utforma dommen skriftleg. Raskt vart han den eigentlege dommaren.

Oljemåleri av Kristian 4, laga av H. V. Westergaard i 1916, truleg etter måleri av Karel Mander på 1600-talet. Eigar: Oslo Museum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: OB.00294. CC BY 4.0.

Oljemåleri av Kristian 4, laga av H. V. Westergaard i 1916, truleg etter måleri av Karel Mander på 1600-talet. Eigar: Oslo Museum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: OB.00294. CC BY 4.0.

Utanriks

Etter reformasjonen var Danmark-Noreg ein opplagd alliert for andre protestantiske land. Rika hamna då òg i krig med den katolske tysk-romerske keisaren, Karl 5., i 1542. Han var svoger av den avsette dansk-norske kongen Kristian 2. og støtta difor hans krav på å få att krona. Striden vart løyst i 1544: Keisaren avstod frå å støtte den avsette kongen, mot at danskekongen, Kristian 3., lova å ikkje blande seg inn i dei tyske religionsstridane. Avtalen la grunnlaget for utanrikspolitikken på 1500-talet, og Danmark-Noreg førte ingen stridbar lutherdom. Forhandling var det sentrale i utanrikspolitikken, krig var siste utveg. Då dei var unge, ville både Fredrik 2. og Kristian 4. så slå seg opp som krigarkongar, men riksrådet makta å halde att gjennom mykje av hundreåret.

Kring hundreårsskiftet vart stemninga kvassare, og ei drivfjør var striden om Nordkalotten. Både den svenske og den danske kongen prøvde å skattleggje samane som levde her, og det gjorde også den russiske tsaren. Mange sendemenn reiste mellom rika, men forhandlingane førte sjeldan fram, og avtalane var i så fall kortvarige. Skatteoppkrevjarar vart i staden sende så langt som råd, før dei vart stansa. Samtidig byrja engelskmenn å handle meir i Nord-Russland. Dei segla langs norskekysten, noko som truga det danske herredømet. For å hevde makta si sende danskekongen krigsskip nordover i 1599, og kongen sjølv, Kristian 4., var leiar. Danmark-Noreg rådde dermed over kystområda i nord, medan svenskane ofte gjorde innfall frå innlandet.

Dei religiøse stridane i Nord-Europa hardna til på ny på 1600-talet, og no kasta danskekongen seg inn i kampen, men utan den krigsmakta som trongst. I 1626 sende han 20 000 soldatar til Nord-Tyskland – og fekk 80 ryttarar igjen etter det første slaget. Nederlaget utarma rika og synleggjorde Danmark-Noreg si manglande slagkraft og veikskapen utanriks. Nøytral var det likevel vanskeleg å vere, for handelstollen i Øresund eggja opp Nederland og England. Fredsslutninga etter trettiårskrigen (1618–48) grunnfesta så ei mellomstatleg ordning med maktbalanse, der land slutta forbund for å hindre store grensekrenkingar. Norden vart då drege sterkare inn i europeisk diplomati, der stormaktene avgjorde utviklinga, på godt og vondt.

Arvefienden

Sverige braut ut av den samnordiske Kalmarunionen i 1523. Seinare nærma dei nordiske kongane seg, og då begge frykta Karl 5., slutta dei forbund i 1541. Avtalen varte berre medan Kristian 3. levde, og i 1563 gjekk Fredrik 2. til åtak for å leggje under seg Sverige. Krigen varte i sju år og gav store tap på liv og eigedom, men Sverige var sterkt militært, så grensene vart uendra. Det same var tilfellet med Kalmarkrigen (1611–13). I fredsslutningane stod riksrådane fritt, og var meir villige til hestehandel enn det kongen var. Usemja vart tydelegare då rådet fleire gonger nekta å gå til krig på 1600-talet. I trettiårskrigen gjekk Kristian 4. i staden inn som fyrste over Holstein, og målet var å kome svenskane i forkjøpet som protestantisk leiar.

Skytevåpen vart no viktig, og for å henge med i våpenkappløpet, måtte danskekongen skaffe seg mange fotsoldatar. Nordmenn utgjorde ein god del av den felles hæren, men det var òg mange utanlandske leigesoldatar med, og leiinga var dansk eller utanlandsk. Nordmenn såg i liten grad på krigane som sine. I Trondheim i 1564 vart svenske åtaksstyrkar heller tekne imot som frigjeringsmenn, og lensherren i Bergenhus måtte tvangsutskrive styrkar for å jage dei ut. I 1611 nekta norske bønder å gå til åtak over grensa. Til forsvar var kampviljen derimot mykje større, og folket i Oslo sette byen i brann for å hindre at svenskane overtok byen i 1567, medan bønder frå Gudbrandsdalen knuste ein hær av skotske leigesoldatar i slaget ved Kringen i 1612.

Krigane viste kor sårbar den norsk-svenske grensa var, men viste òg stridsevna som fanst dersom den norske kampviljen vart mobilisert. I 1628 vart det vedteke å byggje opp ein eigen norsk hær, etter legd – det at tre gardar var saman om å stille med ein soldat. I lengre tid vart den norske bondehæren likevel sveltefôra økonomisk, for kongen ville ikkje bruke av statskassa, og riksrådet frykta at ei eiga norsk opprusting ville føre til lausriving og svekking av den felles hæren. Eigne norske skattar vart då skrivne ut, særleg under statthaldar Hannibal Sehested. I 1643 nytta han hæren til åtak mot Sverige, men det var for tidleg. Hæren var for dårleg trent og væpna. Danmark-Noreg tapte Jemtland og Herjedalen, og fjellbygdene Idre og Særna.

Medan danskekongen mislykkast i Europa, vann Sverige store sigrar. Stormaktstida kallar svenskane 1600-talet, for no voks landet fram som europeisk stormakt og tok landområde søraust for Austersjøen. Maktforholda i Norden endra seg. Frå 1657 til 1660 køyrde den svenske hæren over den dansk-norske, la under seg Trøndelag og Møre og truga med å smadre heile den dansk-norske staten. Redninga vart utanlandske allierte. Nederlanda kom til hjelp på sjøen, og Polen og Sachsen dreiv svenskane ut av Jylland. No var den norske hæren òg sterk nok til å jage svenskane bort frå Midt-Noreg. Danmark-Noreg overlevde, men tapte viktige område nord for Øresund, mellom dei Båhuslen, som hadde vore norsk sidan 1000-talet.

Litografi av gravene til Kristian 3. og Fredrik 3. i domkyrkja i Roskilde («Cathédrale de Roeskilde. Tombeaux de Chrétien III et de Frédérik III»). Laga av Adolphe Jean Baptiste Bayot i perioden 1842–1856. Kjelde: Nasjonalmuseet. Inventarnr.: NMK.2008.0140. CC BY-NC 4.0.

Litografi av gravene til Kristian 3. og Fredrik 3. i domkyrkja i Roskilde («Cathédrale de Roeskilde. Tombeaux de Chrétien III et de Frédérik III»), laga av Adolphe Jean Baptiste Bayot i perioden 1842–1856. Kjelde: Nasjonalmuseet. Inventarnr.: NMK.2008.0140. CC BY-NC 4.0.

Statsstyret – kongen og riksrådsadelen

Usemja om krigføringa viste klare motsetningar mellom kongen og riksrådet, som no synte seg som ein sjølvstendig maktfaktor. Rådet stod saman om ei felles linje, det hindra pengeløyvingar og avgjerder og klandra kongen for skadelege handlingar utanriks. Der kongane på 1500-talet hadde styrt eigenrådig og tidvis overkøyrt rådet, makta ikkje Kristian 4. i lengda å stå imot i same grad. I 1630-åra knytte han derimot til seg fleire høgadelsmenn som svigersøner, mellom anna Hannibal Sehested, og gav dei førande stillingar. Då desse adelsmennene tok sete i riksrådet, slo dei ein kile i samhaldet. Men den fremste av svigersønene, Corfitz Ulfeldt, vart etter ei tid avsett som rikshovmeister på grunn av store underslag.

Sidan den danske borgarkrigen (1534–36) hadde kongane fått hylla den eldste sonen som tronarving tidleg, for å hindre nye tvistar. Då Kristian 4. sin utpeikte etterfølgjar døydde i 1647, stod riksrådet hardt på eigne krav for å godkjenne den nest eldste sonen, Fredrik, som tronarving. Ulfeldt var den leiande riksråden dei komande åra. Då kongen døydde før tronfølgja var avgjord, måtte Fredrik 3. godta klare grenser for makta si for å verte innsett. Hannibal Sehested, Kristian 4. sin nære støttespelar, vart rettsforfølgd og avsett, og dei særnorske politiske og økonomiske ordningane han hadde innført, vart avskaffa.

Frå å ha ei sterk stilling ved reformasjonen, såg kongen no ut til å ha lidd store tilbakeslag, men det var mest på papiret. Dei siste tiåra av styringstida si tok Kristian 4. riksrådet mindre med i avgjerder utanriks og høyrde meir på nokre få nære rådgivarar. Samtidig godtok rådet ein skatte- og avgiftsvekst, noko som rett nok styrkte riksrådsadelen, men som gagna kongen mest. Også regionalt stramma krona grepet, styringsverket voks, og futar vart lagde under kongeleg oppsyn. Den danske adelen utanfor riksrådet fekk større råderett over økonomi og politikk. Rådet var slik på tilbaketog på lang sikt, men òg på kort.

Fredrik 3. tok nemleg straks opp hansken etter innsetjinga, opna ny rettssak mot Ulfeldt og fekk han avsett. I enno større grad enn før nytta han enkeltrådgivarar, helst tyskarar, som rådet ikkje hadde styring med. Han fekk tidleg valt eldste son sin til tronfølgjar, for å hindre vanskelege forhandlingar ved neste tronskifte. Så undergrov han riksrådsadelen ved å innføre samarbeidande statsorgan, der stand var mindre viktig. Riksrådet tviheldt på styringa ved å nekte ei utviding til fleire regjeringskontor enn det eine, kanselliet, men dermed vart kanselliet òg stadig meir avleggs og kraftlaust.

Maktgrunnlaget til adelen vart òg utfordra av at deira bidrag til hæren, væpna ryttarar, vart mindre viktig, etter kvart som skytevåpen vart viktigare. I staden måtte dei søkje autoritet som offiserar og statsmenn, men dei utgjorde inga sjølvstendig makt. Adelen verna om særrettane sine ved klarare standsmedvit, dei oppretta eigne skular, og ytre pryd vart viktigare. Kongen vart derimot stadig mindre avhengig av dei, og la meir vekt på fagleg kunnskap enn adelskap i statsstyringa. Til slutt kasta han heile riksrådet og gjorde seg eineveldig. det skjedde i 1660. Dei komande åra gjorde han adelskap til ei individuell tildeling som han sjølv stod for.

Økonomi – skatteskru og tollvekst

Med ein folkevekst på 250 prosent frå 1500 til 1650 måtte fleire nordmenn leige jord. Fram til kring 1600 var landgodset difor framleis kongen sitt økonomiske grunnlag og stod for halvparten av statsinntektene. På 1600-talet tok derimot nye inntekter over, nemleg skatt og toll. I 1660 selde krona heller unna jord for å dekkje gjeld, og berre 10 prosent av inntektene kom då frå landeigedom. Det vart oppretta ein eigen tolletat, som hindra noko av unndraginga og styrkte inntektene. Trelasttollen tidobla seg, og tollen på handel gjennom Øresund voks mykje, til Nederlanda skvisa Danmark-Noreg til å redusere han. Tollen var elles til mest skade for folk flest, for utanlandske handelsmenn svarte på tollauken ved å betale mindre for tømmer og fisk.

Skattar og avgifter vart stadig viktigare. Fleire embetsmenn måtte gi krona tvangslån, medan handelsmenn måtte ut med handelsskatt i krig, som dei vanlegvis var fritekne for. Adelen slapp derimot å betale. Det var den gjengse innbyggjaren som betalte mest, no også dei jordlause. Nye skattar kom nemleg som koppskattar, ein fast sum for kvart hovud, ikkje etter eigedom. Berre på 1500-talet kom det 25 ekstraskattar, og dei gjekk mest til krigføring. Skatteskruen vert dette kalla: Skattane vart skrudde opp mykje når det var krig, og så litt ned i fredstid. 10 000 riksdalar gjekk til slik skatt i Noreg ved byrjinga av 1600-talet, ved midten av hundreåret var talet 200 000 riksdalar.

Mot midten av 1600-talet var dei norske statsinntektene på 500 000 riksdalar. Det utgjorde 35 prosent av dei samla inntektene til Danmark-Noreg, mot 10 prosent i år 1600. Danmark bidrog med om lag like mykje i 1650, mot 55 prosent i 1600 (resten kom frå kongen sine tyske hertugdøme). Norske bidrag gjekk såleis opp i høve til dei danske. Framleis var folketalet i Danmark dobbelt så stort som i Noreg, og då den samla skatteauken var større i Noreg, vart trykket her dobbelt så stort. Slik gjekk Noreg frå eit lågt skattenivå i europeisk samanheng til eit høgt. Samtidig voks tollen mest i Noreg, der det vart betalt fire gonger så mykje for kvart hovud som i Danmark. Pengane vart no òg grundigare samla inn, med eit myndigare rettsstell og økonomisk driftige statthaldarar.

Inntektsauken hang saman med at utgiftene skaut i vêret, mest på grunn av opprustinga. Kring 1600 var statsbudsjettet på 250 000 riksdalar, hundre år seinare 2,9 millionar. Med inntektsauken gjekk den statlege pengebruken opp også i Noreg, frå 40 000 riksdalar kring 1600 til 90 000 i 1630-åra, men den brøkdelen av budsjettet som vart nytta i Noreg, gjekk ned, frå 1/10 til 1/15. Berre ein tredel av dei norske inntektene vart nytta innanlands, medrekna innkjøp til hæren frå utlandet. Privat gjekk det òg føre seg ei overføring. Lensherrar og godseigarar brukte nemleg dei norske inntektene i Danmark. Infrastrukturen vart vanskjøtta, og utlendingar på besøk i Noreg undra seg over mangelen på staselege bygg.

Næringsliv og embetskjøpmenn

Tidleg på 1500-talet byrja handelsborgarane å utfordre adelen i sosial rang. I den danske borgarkrigen (1534–36) prøvde dei å verne om stillinga si mot den adelsstøtta Kristian 3. Dei tapte denne kampen, og dei komande tiåra stanga dei hovudet mot adelen sine politiske og økonomiske særrettar. Motsetningane verkar harde, men ofte var det ikkje så vasstette skott mellom stendene. Mange embetsmenn dreiv nemleg samtidig handel, med sagbruk, bergverksdrift og varesal. «Embetskjøpmenn», har historikar Øystein Rian kalla dei som kombinerte politisk makt med å gjere seg sjølve rike.

Å sage tømmer vart enklare med den vassdrivne oppgangssaga, som kom i 1520-åra. Etterspurnaden etter trevirke voks i det avskoga Vest-Europa, Det trongst sagbord til båtar og hus. I byrjinga kunne bønder tene på dette salet, men då kysten vart avskoga, måtte det større pengeinnsats til. Byborgarar tok over, mellom dei mange embetsmenn. På godsa hadde lensherrane mykje skog, og dei pressa til seg meir jord frå bøndene. Gjennom lovendringar fekk dei hand om sagbruksdrifta. Tollauken motverka dei med smugling, som futane såg gjennom fingrane med. Dei fekk òg rett til å drive bergverk, medan bøndene i omlandet vart pålagde å levere tømmer og drive køyring for verka.

Det politiske handlingsrommet la til rette for samanblanding av embetsgjerning og handelsverksemd, og i tillegg tilsynet med økonomien. Futane dreiv mykje handel. Dei samla inn skattar, ofte i form av varer. Den pålydande satsen var låg, og så selde dei varene vidare med godt overskot. Så gjekk dei vidare til nye embetsstillingar i byen og heldt fram med handel som rådmenn og lagmenn. Samrøret mellom embete og handel auka avstanden til folk flest, og avstanden mellom dei rikaste adelsmennene og resten. Då den norske adelen smuldra opp på 1600-talet, tok dette sjiktet av danskætta styringsmenn over som leiande samfunnslag. Og då krona selde unna gods etter 1660, sikra dei seg meir gods.

Rettrudom

Frå gamalt fanst det ein annan førande stand, som folk såg oftast, nemleg prestane. Etter reformasjonen var også dei statlege embetsmenn. Framleis hadde dei gode inntekter, delvis frå embetshandlingar (til dømes bryllaup og gravferder), som andre tenestemenn. Sidan dei var underlagde kongen, var dei likevel mindre fri i trusspørsmål. Statleg lov avgjorde rett truslære og forkynning, og mot slutten av 1500-talet vart det teologiske spelerommet snevrare. Dei komande tiåra utforma førande teologar svært detaljerte dogmatiske handbøker. Ortodoksi er nemninga som kyrkjehistorikar bruker om denne rettrudomen. Prestar vart dømde for avvik og avsette, og nokre vart landlyste for «kryptokatolisisme». I 1624 vart det innført dødsstraff for jesuittar og munkar.

Folk elles merka truspisken mest i form av nye straffer. I 1617 vart det gitt ei ny ekteskapslov, med strenge straffer for sex utanfor ekteskapet. I 1629 vart kyrkjetukta kraftig innskjerpa, og frå no av skulle presten ha «medhjelparar» som overvakte folk i heimen og snikmelde dei til presten. Synd, anger og bot vart viktige tema i forkynninga, klarast på bededagane, særlege dagar då gudstenesta handla om kor lastefulle menneska var. Mest skulle prestane døme folk for banning, drikking og forbruk over sin stand – slikt vart hevda å føre til både krig, svolt og pest. Bannskap og fyll var for vanleg til å få bukt med, men einslege mødrer var utsette, og ofte straffa.

  Ved krig vart det hevda at elendet kom av folk sine synder. Kongen sine krigsplanar vart ikkje fordømde, heller vart det hevda at freden kom av hans makelause venskap med Gud. Då det likevel gjekk dårleg for Kristian 4. på slagmarka, tvinga han innbyggjarane til å gjere bot saman med seg, og eit bilete av han som lidande Kristus vart sendt rundt som propaganda. Skulestellet vart bygd noko ut, særleg katedralskulane i dei største byane, med mål om å lære elevane opp i luthersk moral. Klokkaren underviste elles i katekisma, den religiøse læreboka, og dei som ikkje kunne «barnelærdomen», fekk ikkje gifte seg. Moralkampen var handfast nok: Sovna nokon under preika, slo utvalde menn dei vakne med ein kjepp.

Illustrasjon av hekser og trolldomskunst, basert på gravering frå 1500-talet. Eigar: Norsk Teknisk Museum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: NTM UWP 15204. CC BY 4.0.

Illustrasjon av hekser og trolldomskunst, basert på gravering frå 1500-talet. Eigar: Norsk Teknisk Museum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: NTM UWP 15204. CC BY 4.0.

Tidskapsel: Trollkvinna
Kampen mot trolldom hardna til i takt med den teologiske einsrettinga. Hekseprosessar gjekk føre seg mange stader i Europa, i både katolske og protestantiske område. Norske teologar lét seg rive med: «Trollfolk som er inntekne av djevelen, skal ikkje øvrigheita la leve, men døme til elden», tora biskop i Stavanger, Jørgen Erikssøn, i 1582. Kvit magi, signeri, var gjengs medisin, men Erikssøn ville straffe trolldom med brenning på bålet, og fekk det inn i lovverket. Noreg fekk ei av dei strengaste lovene mot trolldom, og mange tiltalte i høve til folketalet, i alt 770, av dei vart 310 avretta. Kristian 4. viste sjølv sterk iver, mellom anna ved å gi ordre om å forfølgje samar. I Finnmark vart særleg mange dømde, men også her var det flest nordmenn mellom dei.

Ei av dei dømde var Anne Pedersdotter, enkja etter Absalon Pederssøn Beyer. Den første gongen ho vart sikta, i 1575, fekk Absalon henne frikjend. Men ho vart utstøytt i Bergen, og det vart verre då mannen døydde. Folk kalla henne eit barn av djevelen, Anne svarte med trugsmål. I 1590 vart det ny rettssak. Ei omfattande djevellære vart lagd til grunn. Mange hevda at Anne hadde valda dei skade. Tenestejenta vitna at Anne hadde brukt henne som hest då dei rei til «trolldans» på Lyderhorn, og at ho der hadde lagt planar om skadeverk mot Bergen. Rettssaka var nøye iscenesett, og fleire dommarar vitna sjølve, før Anne vart dømd og brend på bålet. To prestar ropte høglydt ut om justismord og viste slik ein open motstand mot leiande borgarar, som rådde over domstolen. Prestane vart seinare klandra av Kristian 4., som kravde full semje i trolldomssakene.

Kvinner var i overvekt blant dei tiltalte i trolldomssaker, med 86 prosent av dei som vart avretta i Noreg. Einslege, som Anne, vart sedde på som særleg mottakelege for Satan. Ofte hadde dei tiltalte, på same måten som henne, hamna på kant med bygda og prøvd å verje seg med munnlege trugsmål. For å fri seg frå tiltalen kunne ein få nokon til å sverje eid på at ein var uskuldig, men det var vanskeleg for dei som var sosialt utstøytte. Ein meinte at trollskap gjekk i arv, så ei rettssak kunne fort balle på seg. Tortur vart nytta under forhøyra, brenning på bålet var straffa. Rettssakene vart færre mot slutten av 1600-talet, med sterkare krav til rettslege prov. Den folkelege trua på trolldom var likevel sterk i lang tid framover.

Kultur – humanistar og folk flest

Absalon Pederssøn Beyer var ein av fleire lærde personar i Bergen på 1500-talet, seinare kalla bergenshumanistane. Dei var teologar, men sysla med mange emne, mellom anna språk og naturvitskap. Reformasjonen var forma ut frå antikke kunstnariske ideal, og Absalon fekk lære både teologi, fysikk og språk i Wittenberg, høgsetet for den lutherske reformasjonen. Seinare skreiv han om både historie og astrologi og lærte fag vidare ved katedralskulen i Bergen. Her vart det omsett fleire norrøne verk og skrive historie og prosa på dansk, som dermed kunne lesast meir allment. Men som Absalon òg opplevde, sette sensuren klare grenser.

I Oslo og Stavanger var det likeins skrivande grupper knytte til katedralskulane, men dei gav mest ut verk på latin. Bøkene kunne då lesast utover landegrensene. Norske humanistar skreiv om kometar og himmelrom, og om dei ikkje fekk ei like høg stjerne som danske Tycho Brahe, tok dei del i den lærde europeiske samtalen. Samtidig skreiv dei dikt og vers. Dessutan ivra dei for å framstille både norsk historie og norsk geografi. Stavanger-kannik Peder Claussøn Friis gav ut Norges beskrivelse, eit topografisk verk, altså om historie, natur, næring og kultur. Her tok han med ein eigen del om samisk kultur.

Mykje av litteraturen på 15- og 1600-talet var likevel religiøs. Rektor ved katedralskulen i Oslo, Hallvard Gunnarssøn, gav til dømes ut 13 titlar, åtte om teologi. Dette var sprenglærde verk, men Gunnarssøn skreiv òg ei religiøs lærebok, på folkemunne kjend som «prestepina», sjølv om innhaldet var artig nok. Skifte etter dødsbu viser at mange eigde slike bøker, som ein kunne nytte for å oppnå kyrkjelova sitt krav om religiøs kunnskap. Med denne typen bøker gjorde dansk skriftspråk seg stadig sterkare gjeldande, som det òg gjorde i tale – i kyrkja og på tinget.

Sambandet med utlandet påverka elles òg folkekulturen. Utanlandske kjøpmenn betalte gjerne med varer, mellom anna tøy og klede. Norske bønder lærte nye mønster og tok etter dei sjølve. Dei vov teppe med religiøse motiv og brokade til drakter, som fekk regionale uttrykk, seinare lagde til grunn for bunadene. Møblar og innreiing utvikla seg lite, men ved midten av hundreåret ser vi at vegger og tak byrja å verte pryda med frihandsmåling, med blomstrete mønster. Dei neste hundreåra utvikla dette seg til rosemåling, og folkekulturen vart prega av enno strengare reglar.

Kjelder

Narve Bjørgo, Øystein Rian og Alf Kaartvedt: Selsvtendighet og union. Fra middelalderen til 1905, bd. 1 av Norsk utenrikspolitikks historie. Oslo 1995

Ståle Dyrvik: Norsk historie 1536–1814. Vegar til sjølvstende, bd. 2 av Norsk historie frå vikingtid til vår tid. Oslo 2011

Nils Gilje: Heksen og humanisten. Anne Pedersdatter og Absalon Pederssøn Beyer, en historie om magi og trolldom i Bergen på 1500-tallet. Bergen 2010

Øystein Rian, Den aristokratiske fyrstestaten 1536–1648, bd. 2 av Danmark-Norge 1380–1814. Oslo 1997

Øystein Rian: Embetsstanden i dansketida. Oslo 2003

Peikarar

Carsten Porskrog Rasmussen: «Adelsvælden, 1536–1660», danmarkshistorien.dk

Øystein Rian: «Luther, reformasjonen og Norge», fagsnakk.no

Lokalhistoriewiki: «Forside: 1500-tallet», lokalhistoriewiki.no

Lokalhistoriewiki: «Forside: 1600-tallet», lokalhistoriewiki.no

Universitetet i Oslo: «1500–1660: kirkestat», norgeshistorie.no

Universitetet i Oslo, Institutt for kulturstudier og orientalske språk: «Norske trolldomsprosesser», hf.uio.no

Først publisert: 16.12.2019
Sist oppdatert: 05.03.2020