Hopp til innhold
Norsk folkedrakt brukt ved slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet. Foto: Haakon Michael Harriss / Norsk Folkemuseum. Eigar: Norsk Folkemuseum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: NF.1906-0858B. CC BY-SA 4.0.
Norsk folkedrakt brukt ved slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet. Foto: Haakon Michael Harriss / Norsk Folkemuseum. Eigar: Norsk Folkemuseum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: NF.1906-0858B. CC BY-SA 4.0.
X
Innhald

Norsk historie 1660–1814 – nye tankar, støtt styre

Frå 1660 til 1814 vart Noreg styrt frå København, der all politisk makt i Danmark-Noreg vart samla hos kongen i 1660. I lange periodar var det likevel rådgivarane til kongen som styrte rika. Opprivande krigar med Sverige vart avløyste av fredstid, før fredsslutninga etter napoleonskrigane skilde Noreg frå Danmark i 1814. Opplysningstida påverka tenkjemåten, men folk flest merka mest til svolt og nød.

Eineveldet var eit gjengs europeisk styresett på 1600-talet, der monarken si makt var nærmast uavgrensa. Solkongen, Ludvig 14. i Frankrike, var det fremste dømet, men Danmark-Noreg etter 1660 stod for det mest gjennomførte eineveldet. Her var den absolutte makta til kongen lovfesta i ei eiga grunnlov og straffelov. I røynda var fleire av kongane ute av stand til å leie landet, men embetsverket hadde vorte styrkt, så sentrale rådgivarar heldt likevel regimet saman. Førande ministrar styrte såleis rika i eit halvt hundreår. Byråkratiet vart dessutan gjort smidigare og meir kunnskapsrikt, ved at fagkunnskap vart lagt til grunn for tilsetjingar, heller enn adeleg opphav.

Krig råka Norden mange gonger på 1600-talet, sist i Den skånske krigen (1675‒79). Utbrota vart hyppigare på grunn av at europeiske land inngjekk forsvarssamband, og endåtil angrepsavtalar. På grunnlag av ein slik avtale gjekk Danmark-Noreg til angrep på Sverige i 1700, saman med Polen og Russland. I to tiår varte Den store nordiske krigen, men så var det fred resten av 1700-talet. Handelen blomstra i fredstida, etter kvart kulturlivet òg, sjølv om sensur og propaganda prega ordskiftet. Då napoleonskrigane braut ut, prøvde Danmark-Noreg å halde seg utanfor, men provoserte samtidig britane og vart til slutt tvinga inn på fransk side i 1807.

Dei neste åra skilde ein britisk handelsblokade, gjennom ei sjøsperring, Danmark og Noreg i to, og postruta gjennom Sverige vart òg stogga. Noreg måtte klare seg sjølv, og ei eiga styringsnemnd vart oppretta. I 1814 vart skilsmissa endeleg, mest fordi Danmark-Noreg var på den tapande sida av krigen. I fredsavtalen vart Noreg lagt under svenskekongen, men nordmennene nytta den utanrikspolitiske uroa til å erklære seg sjølvstendig og å vedta ei grunnlov etter opplysningstida sine demokratiske prinsipp. Men handelsblokaden hadde stoppa innførselen av korn og skapte hungersnød, den siste etter fleire kriseår på 1700-talet.

Tidskapsel: Preika
Evje, 3. mai 1765: På preikestolen står Hans Mathias Abel, personellkapellan. Det er bots- og bededag i Danmark-Noreg. I heile statsområdet samlar folk seg for å angre syndene sine. Kyrkjegang er påbode ved lov. «Ve deg! Søk Herren medan han finst!», buldrar Abel med dogmatisk tyngd. Det held ikkje å leve i synd og så kalle på Gud når ein ligg for døden: «Då vil han le når ulukka di kjem.» Ein må sjå til Bibelen for å finne vegen ut av sitt syndige liv: «Lys opp auga dykkar og bøy hjarta dykkar, gråt over brotsverka dykkar, fall ned for Jesu føter, sei synda farvel og rop etter nåde» (Abel 1765. Omsett av artikkelforfattaren).

Bergensaren Abel har vore kapellan i Setesdal i halvtanna år. Han er godt likt, særleg samanlikna med soknepresten, Erich Ancher Bruun, som drakk tett og fleire gonger gjorde ugifte kvinner gravide. I sine yngre dagar hadde også Abel rangla, men no bryt han staven over flaska ‒ ein gong knekkjer han nasen på ein full mann i eit likfølgje. Slik skaper han orden mellom soknefolket, men vert respektert for den faste moralen sin. Same året skryter biskopen han opp i skyene.

Som talar er Abel gamaldags og heller middelmåtig. Teologisk slektar han på den bibelnære ortodoksien på 1600-talet. Då han finn ei bok av den radikale filosofen Voltaire, som sonen Søren hadde gøymt unna, flyg han i taket. Større ry får han for innsatsen sin for skulen og for betre dyrkingsmåtar i landbruket. Han klagar sterkt over mangelen på debatt og ei levande presse i Noreg. Som fleire andre prestar ivrar han for opplysning og rasjonell tenking, om enn ikkje i kyrkja. Sonen Søren slår derimot inn på nye vegar, og det gjer òg sonesonen, Niels Henrik, den største matematikaren Noreg har fostra.

Kuppet

Fram til byrjinga av 1600-talet heldt dei nordiske maktene kvarandre i sjakk, men så fekk Sverige overtaket. Svenskehæren fekk ei fastare ordning, betre våpen og ein mykje betre taktikk. Sverige tok fleire område ved Austersjøen, og så kasta dei auga sine på Danmark-Noreg. I 1658 omringa svenske troppar København og tvinga til seg dei danske områda Skåne, Halland og Blekinge, og dei norske områda Båhuslen, Trøndelag, Nordmøre og Romsdal. Straks etter kringsette dei København på ny ‒ men denne gongen heldt forsvaret. Svenskane vart så jaga tilbake, også i Noreg. «Jeg vil blive i min Rede, enten leve med mit Folk eller døe for det», skal kongen ha sagt. No stod han att som den ærefulle sigerherren.

Danmark-Noreg prøvde å halde tritt i våpenkappløpet, som kosta mykje pengar. For å få orden i økonomien kalla kongen saman ei stenderforsamling i 1660. Folk flest var skvisa hardt med skattar, handelsmennene med tvangslån. Adelen, derimot, hadde pengar, og dei betalte ikkje skatt. Denne særretten var no trua, for adelen si stilling i hæren var svekt. Nokre borgarar hadde lånt krona mykje pengar og var avhengige av å få balanse i statskassa. For å endre skattlegginga gjekk borgarane då saman med den tredje standen, prestane, og for å få igjennom forslaget hos kongen, tilbaud dei han arvemakt, det vil seie at framtidige kongar skulle overta makta gjennom arv, ikkje verte utpeikte ved val.

Retten til å velje konge hadde lege hos adelen, gjennom riksrådet. For å godta kongen hadde  dei fastsett politiske retningslinjer som kongen måtte følgje. Fredrik 3. hadde måtta gitt riksrådet ei historisk sterk stilling berre 12 år tidlegare. Men etter det hadde han sett seg føre å vinne tilbake meir makt. Tilbodet om arvemakt var no eit eineståande høve til å ta frå adelen all makt: Kongen sperra adelen inne i København og truga dei med våpen til å godta dei nye vilkåra. Ei nemnd utarbeidde så ei ny statsform. Framlegget gjekk lenger i eineveldig lei enn forsamlinga hadde ønskt, men soldatar tvinga utsendingar rundt om i riket til å skrive under med eid.

Eineveldet

Grunnlinja i den nye statsforma var at all makt låg hos kongen. Ikkje noko råd eller forsamling kunne utfordre han. Kongen avgjorde då òg mykje sjølv, men det sentrale embetsverket vart samtidig styrkt. Det vart oppretta nye statskontor og fleire stillingar. Kontora vart kollegium, samlingar av jambyrdige kollegaer, med lik rett til å kome med forslag. Avdelingane vart samordna i eit hovudkontor, først kalla Statskollegiet, seinare Geheimerådet, som fungerte som ei slags regjering. Kongen hadde likevel eit eige kontor, kabinettet, som kunne overprøve dei andre kontora. Med det stod han fritt til å handle sjølv.

Saksmengda hadde hopa seg opp på 1600-talet, for den gamle byråkratiske ordninga hadde ikkje halde tritt med auken i saker. Adelsmenn hadde hatt einerett på dei viktigaste stillingane, og dei hindra ei utviding av statsapparatet. Pengar og mellommenn var avgjerande for å kome seg oppover på embetsstigen. I dei nye kollegia vart fagleg kunnskap langt viktigare for tilsetjing og opprykk. Ikkje-adelege fann med det vegen inn i statsstyringa. Staten braut såleis med fåmannsveldet, bak avgjerder stod det no vektigare faglege vurderingar. Men eineveldet var likevel ofte eit einmannsstyre, og kongen sine nærmaste rådgivarar fekk mest makt.

Ved sida av skriftet om arveleg einevaldsmakt, vart eineveldet heimla i ei eiga grunnlov, Kongelova. Ho slo fast at kongen var einaste lovgivar, og han hadde ingen dommar over seg, berre Gud åleine. I 1685/87 fekk kongen utarbeidd Danske Lov og Norske Lov, som for Noreg sin del avløyste Landslova frå 1274. Eineveldet vart då konkretisert gjennom ei ny straffelov, som truga med tortur, lemlesting og dødsstraff for dei som kritiserte kongen eller oppmoda til systemskifte. Norsk rettsskikk frå før dansketida vart bytt ut. I staden vart rettsreglane forma etter Moselova. Heller enn ved makt gjennom val vart styreforma legalisert ved å vise til at kongen var utvald av Gud. Herren herska i himmelen, men på jorda var det kongehuset Oldenborg som styrte Danmark-Noreg for han.

Fredrikshald festning i Halden, fotografi frå ca. 1880 av per Adolf Thorén. Eigar: Oslo Museum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: OB.F16020p. CC0 1.0.

Fredrikshald festning i Halden, der svenskekongen Karl 12. vart drepen i 1718. Fotografi frå ca. 1880 av per Adolf Thorén. Eigar: Oslo Museum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: OB.F16020p. CC0 1.0.

Den lange krigen

Det var krig som låg bak kuppet i 1660. Kongen ivra sterkt for nye angrep, og då han fekk større makt, vart det meir strid. Sverige tok rett nok føringa i Norden, som europeisk stormakt, men Danmark-Noreg fekk god hjelp frå allierte land. I fredsslutningane var det likevel dei store maktene som ofte bestemte vilkåra. Nederlanda hindra at danskekongen fekk att område nord for Øresund, så han ikkje kunne styre tollen på austersjøhandelen åleine. Det same gjorde Frankrike i 1679, då Danmark-Noreg sidan 1675 hadde erobra tilbake mange svenske område, men i fredsavtalen berre måtte gi dei frå seg.

Europeiske land hang no sterkare saman enn før. Freden etter trettiårskrigen (1618‒48) gav fyrsten full rett over eige land. Ein slutta å krige om religion og byrja å inngå ulike forsvarssamband. Det var viktig å unngå at eit land fekk overmakt, og difor danna fleire statar motvekt mot stormaktene. For å stå imot Sverige støtta Danmark-Noreg seg til Nederlanda og til staten Brandenburg. Avtalane føregreip moglege angrep og skapte slik heller fiendskap enn fred. Russland voks no fram som stormakt ved Austersjøen, og for å svekkje Sverige, gjekk tsaren, danskekongen og tyske fyrstar saman om eit angrep i 1700.

Svenskekongen Karl 12. var ein makelaus feltherre, som straks slo Danmark-Noreg, og deretter vann han eit viktig slag mot Russland. I 1706 tok han Polen. Han beit likevel over for mykje, og då han på ny rykte inn i Russland i 1709, vart han knust. Danmark-Noreg heiv seg så inn i krigen igjen. Dei svenske områda ved Austersjøen fall no eitt etter eitt, og Finland vart teke av russarane. For å utlikne tapet gjekk Karl 12. til angrep på Noreg. Eit felttog i 1716 mislukkast derimot, og i 1718 vart han drepen ved Fredrikshald festning. Sveriges tid som stormakt fall med han. Denne krigen, Den store nordiske krigen (1700‒1721), er den lengste Noreg har vore i. Opp mot ein femtedel av alle menn måtte gjere krigsteneste. Tilbake låg ruinar, liding og død, men liten vinst for folk flest.

Den evige freden

I 1720 vart det endeleg fred, og freden varte lenge. I lang tid hadde staten vore bygd for krig. Forsvaret mot Sverige var drivkrafta, men no endra tilhøva i nabolandet seg: Eineveldet i Sverige vart avskaffa, Riksdagen fekk meir makt, og krigsviljen dempa seg. Grensene frå 1720 vart respektrete, attverande tvistar vart løyste gjennom forhandlingar. I 1751 vart grensa mellom Noreg og Sverige trekt etter fjellstrekninga Kjølen, med unntak av Lierne i Trøndelag. No vart ein endeleg samde om grenselinja i nord. Danmark-Noreg søkte nøytralitet, og lukkast, sjølv om stormaktene pressa på. Store summar vart framleis nytta på forsvaret, men kulturlivet fekk større spelerom etter kvart, men mest i København.

Diplomati var i vinden også elles i Europa, men då helst i samband med krig. Nye forsvarssamband, bygde på vurdering av verkelege trugsmål, og rasjonalisme heller enn tradisjon, kravde mange forhandlingar. Preussen slo seg fram og skapte ein storkrig som varte i sju år, der Danmark-Noreg òg måtte samle styrkane sine. Krigstrøytt låg Europa tilbake, og no kjempa europearane også i Amerika og Asia. Somme byrja å drøyme om ei endring: «Eit særleg forbund må skipast», skreiv filosofen Immanuel Kant i 1795, «som søkjer å ende all krig for alltid». Då måtte derimot alle forfatningar vere frie og republikkar erstatte krigshissande fyrstar.

Kosmopolitisme, verdsomspennande samkjensle, var grunnsynet hos Kant. Synet vann fram også i Noreg. Krig hadde vore viktig i statleg propaganda, som åtvaring dersom folk var ulydige. Sigrar vart tolka som teikn på kongen si makt. No vart fred og nestekjærleik framheva som vitnemål om det gode dansk-norske statsstyret, og noko alle tok del i. «O! Kor lykkeleg vart verda vår, om den allmenne kjærleiken sameinte alle borgarane hennar» (Krogh 1801, 41. Omsett av artikkelforfattaren.), forkynte Ørlandspresten Mathias Bonsach Krogh i 1801. Nye tankar, om mellomfolkeleg samarbeid og borgarleg deltaking, hadde meldt seg, men enno herska eineveldet.

Måleri av Joseph Wright of Derby (1734–1797) frå 1766: «A Philosopher giving that Lecture on the Orrery in which a lamp is put in place of the Sun». Måleriet syner vitskapleg formidling i samtida. Foto: Derby Museums Trust. Måleriet er vanlegvis utstilt på Derby Museum and Art Gallery i England. Fotokjelde: Art UK. CC BY-NC-SA 4.0.

Måleri av Joseph Wright of Derby (1734–1797) frå 1766: «A Philosopher giving that Lecture on the Orrery in which a lamp is put in place of the Sun». Måleriet syner vitskapleg formidling i samtida. Foto: Derby Museums Trust. Måleriet er vanlegvis utstilt på Derby Museum and Art Gallery i England. Fotokjelde: Art UK. CC BY-NC-SA 4.0.

Opplysning

Gjennom heile 1700-talet gjekk det føre seg ei gjæring i tenking og vitskap. Den frie engelske forfatninga skapte grobotn for nye politiske idear, og filosofen John Locke tok til orde for ytringsfridom, maktfordeling og folkemakt. Franske tenkjarar utvikla prinsippa vidare. Statsmakta måtte delast i ei lovgivande, ei utøvande og ei dømmande makt, hevda Montesquieu. Politikk måtte tene ei felles sak, fastslo Jean-Jacques Rousseau. I Danmark-Noreg var det streng sensur, men skriftene frå utlandet vart lesne og drøfta folk imellom. Reformer vart forsiktig lufta, ein skriftkunnig allmuge var i kjømda.

Plutseleg slo ytringsfridomen ut i full blom også i Danmark-Noreg. Johann Friedrich Struensee var lege for Kristian 7., og då kongen var sinnssjuk, fekk Struensee stor verknad på statsstyringa. I 1770 vart han einaste minister, fekk kongen til å oppheve Geheimerådet og vart slik sjølv eineherskar. Påverka av opplysningstida vedtok han ein liberal strafferettsleg og økonomisk politikk og oppheva raskt sensuren. I tre år skreiv dansk-norske skribentar fritt og kritisk om politikk. Angrepa vart likevel retta også mot Struensee, særleg for forholdet hans til dronninga. Misnøya steig, og til slutt vart han styrta. Det vart igjen lagt lok på det frie ordskiftet.

Opplysningstida handla samtidig like mykje om vitskap, og her var opninga større i Danmark-Noreg. Tidlegare hadde lærdom bygd på tradisjonen og på tolking av tradisjonen. No vart det stadig viktigare å måle og granske det som hende. Forsking på stjerner og naturkrefter førte an, med Isaac Newton som den førande krafta. Kunnskapen måtte forklarast, så menneska si dømmekraft kunne forstå han. Denne grunnregelen påverka dansk-norsk vitskap, men også den religiøse trua. Ein teologi bygd på bibeltradisjon ved byrjinga av 1700-talet vart såleis avløyst av ei forkynning som la vekt på logisk forklaring ved slutten av hundreåret.

Xylografitrykk av Hans Nielsen Hauge, frå Illustrert Familieblad nr. 13/1888. Kjelde: Norsk Folkemuseum, digitaltmuseum.no. Brukt med løyve.

Xylografitrykk av Hans Nielsen Hauge, frå Illustrert Familieblad nr. 13/1888. Kjelde: Norsk Folkemuseum, digitaltmuseum.no. Brukt med løyve.

Trua og saltet

Tru var politikk under eineveldet, som regimet sitt ideologiske grunnlag. Den teologiske linja vart akta strengt. Lenge hadde ho vore ein stram luthersk ortodoksi, men ei ny bølgje slo inn over lutherske statar frå slutten av 1600-talet, nemleg pietismen. Mykje ved pietismen var tenleg for eineveldet: Ei inderleg tru skulle omsetjast i hard sjølvtukt, folk skulle halde styr på seg sjølve. Iherdig arbeid var viktig, likeins ei fast felles ordning av religionen. I den såkalla statspietismen i 1730-åra vart det innført tvungen kyrkjegang, konfirmasjon og folkeskule. Eit eige kollegium for misjon var oppretta få år tidlegare.

I pietismen låg det også ein sterk religiøs iver utanfor kyrkjerommet, og ein hang til å hakke på andre prestar. Pietistane forenkla òg preikene for å nå fram til folk flest, men ville ikkje at folk skulle forma bodskapen sjølve. Både radikal kyrkjekritikk og ustyrleg forkynning utanfor kyrkja måtte temjast, meinte regimet. I 1742 vart religiøse møte, konventiklar, avgrensa i ei eiga lov, konventikkelplakaten. I kyrkja vart vidtgåande predikantar irettesette, særleg slike som støtta den eigenarta herrnhutismen. Folk måtte ikkje vekkjast til uro, inderleg fromskap måtte ikkje kome i vegen for kyrkjeleg einskap.

Folkeleg gudsfrykt vart likevel utfordrande ved byrjinga av 1800-talet. Hans Nielsen Hauge var ein sjølvlærd forkynnar som reiste rundt og preika på folkemøte. Samtidig bygde han opp ei handelsverksemd, basert på papirproduksjon og saltutvinning. Han stod for ein noko gamalmodig pietisme og klandra prestar og embetsmenn for umoral. Styresmaktene frykta at den store oppslutninga Hauge fekk, kunne skape eit bondeopprør, og kjøpmenn kjende handelsrettane sine truga. Med så mektige fiendar vart han til slutt fengsla for brot på konventikkelplakaten. Sjølv vart han broten ned i fengselet, men rørsla han skapte, levde derimot lenge. Tre haugianarar vart valde til riksforsamlinga på Eidsvoll, og på Stortinget vart dei ei viktig drivkraft.

Udugelege kongar, urokkeleg embetsverk

Eineveldet var samla kring kongen sin person. Lenge var kongane òg viktige i statsstyringa, særleg når det galdt krig, utanrikspolitikk og ulike reformer. Statspietismen under Kristian 6. (1730‒46) var døme på det. Kristian 7. (1766‒1808) var likevel ute av stand til å styre riket, og det same galdt far hans, Fredrik 5. (1746‒66), som heller drakk og festa. Leve livet gjorde gjerne òg Kristian 5. (1670‒99), som òg gav sonen sin dårleg opplæring, så han ikkje skulle overgå han som statsleiar. Fredrik 4. (1699‒1730) vart likevel ein driftig konge, som i liten grad greidde å delegere makt, og var slik den som i størst grad herska eineveldig. 

I kyrkja fekk folk høyre at kongen var ufeilbarleg og den som sikra rika fred og velstand. Men i fleire tiår var kongane altså ute av stand til å styre. Reformene innanfor embetsverket sytte likevel for at statsstyringa gjekk sin gang. I tomrommet vart sentrale rådgivarar, i Geheimerådet og i utanrikstenesta, dei leiande i politikken. Etter Struensee vart landet styrt av ein minister, medan kongen, Kristian 7., fungerte som ei slags underskriftmaskin. Kronprinsen, seinare Fredrik 6., kom så med i statsstyringa då han vart myndig. I 1784 kuppa han både kongen og makta, sjølv om det var utanriksministeren, Andreas P. Bernstorff, som la linjene det neste tiåret.

Noreg – styrkt sentralstyring

Styringa av Noreg endra seg òg etter 1660. I dei gamle regionane, lena, hadde adelege lensherrar hatt stor makt og fått mykje av inntektene. No vart lena kalla amt, medan amtmennene fekk fast løn og vart utpeika også utanfor adelen. Noreg vart delt i fire stiftamt, med åtte underamt. Før hadde det vore 24 smålen, så mange regionar vart slått saman. Med færre område og fast embetsløn skulle lokale inntekter heller gå til statskassa. Byråkratiet voks derimot på grunn av samanslåinga, så det vart fleire å løne lokalt. Lågare embetsmenn utførte fleire oppgåver enn tidlegare, medan amtmennene mest hadde oppsyn med embetsmennene.

Kongen fekk meir hand også om lokalstyret. Lågare embetsstillingar skulle no utnemnast av han, i staden for av amtmennene. Fleire etatar vart oppretta til særskilde styringsoppgåver, til dømes bergamtet, og desse etatane stod direkte under kongen, ikkje under amtmannen. Hæren vart kopla til sentralstyret, under krigskollegiet. Statthaldaren i Noreg, som hadde styrt med forsvaret, fekk såleis ei mindre viktig rolle. Prestane hadde dei lokale kyrkjelydane delvis valt sjølve, men også dei skulle kongen no utpeike. Truskapen var personleg, ved kongeskifte måtte alle embetsmenn søkje om å få halde fram. Likevel stappa mange embetsmenn pengar i eiga lomme, i 1783 underslo landkasseraren halvparten av alle statsinntektene!

Eigne kasser for norsk pengestell var særleg viktig for å styre hæren. Ei ordning vart prøvd fleire gonger, også i fredstid. Ikkje før i 1714 fekk ein derimot ei vedvarande norsk landkasse, Zahlkassa. Elles heldt regimet stramt på at riksstyringa skulle vere felles. Fleire gonger bad nordmenn om eigne institusjonar, mellom anna eigen bank og eige universitet, men møtte døve øyre. I den lange fredstida vart Danmark-Noreg styrt som ein heilstat, etter ein felles politikk, som mest tente København. Ikkje før krigen braut ut på ny, kom det fleire særnorske ordningar.

Undersåttar og borgarar

Einevaldskongane herska med Guds nåde, men ofte hevda regimet at folket sjølv hadde gitt han makta i 1660, trass i den væpna tvangen. Vanlege folk hadde uansett lite høve til å påverke politikken, sjølv om dei fekk sende bønebrev til kongen. Lokale embetsmenn vart utsette for kraftigare angrep. Når tyngslane og nøda vart for hard, gjorde bøndene opprør. I strilekrigen i 1765 fekk stiftamtmannen svi for skattane, og i Lofthus-reisinga i 1786‒87 reiste hundrevis av bønder seg i protest mot kornprisane og tok futen som gissel. Opprøra vart slått ned, men bøndene kravde stadig meir medverknad.

Pengemangel leidde kongemakta til å selje unna jord til långivarane sine frå 1660 av. I neste omgang vart jorda seld til vanlege bønder. Graden av sjølveige auka, men òg dei sosiale skilja på landsbygda, for med folkeauken måtte endå fleire leige seg gardsbruk. Adelen stod til gjengjeld ikkje så sterkt i Noreg, for jorda låg for spreitt til å danne større gods. Skrinn jord gjorde likevel landet avhengig av korn frå utlandet, samtidig som eineveldet i fleire tiår gav danske bønder einerett på korneksport til Sør-Noreg. I uår vart folk då meir utsette. Nøda herja stadig, fleire gonger på 1700-talet døydde det fleire enn det vart fødde i løpet av eit år.

Om politiske rettar mangla, framheva fleire fram mot 1800-talet at folk flest påverka samfunnsutviklinga. Borgarsamfunnet vart eit omgrep som vart nytta om staten, omgrepet medborgarar vart brukt om undersåttane. Tankar om verdsborgarskap og sterkare vekt på nestekjærleik medverka til det, men òg fliden i pietismen. Vanlege menn og kvinner skulle bidra økonomisk, noko styresmaktene sjølve oppmoda til ved å samle inn opplysningar og setje fart i handverksverksemd. Då striden kom, hevda presten Krogh, og mange andre, at lykke i krig ikkje berre var kongen si forteneste, men kom av at «fleire medbrør ofra livet».

Måleri av Peter Wessel Tordenskjold, måla av kunstnar Balthasar Denner, ca. 1719. Foto: Byantikvaren i Trondheim. Kjelde: Municipal Archives of Trondheim (Trondheim byarkiv), Flickr.com CC BY 2.0.

Måleri av Peter Wessel Tordenskjold, måla av kunstnar Balthasar Denner, ca. 1719. Foto: Byantikvaren i Trondheim. Kjelde: Municipal Archives of Trondheim (Trondheim byarkiv), Flickr.com CC BY 2.0.

Nordmenn ‒ og andre

Var så nordmenn norske, eller rettare: Var det noko særskilt med det å vere norsk? Ja, ifølgje styresmaktene sjølve var nordmenn nemleg særleg glade i kongen sin. «Dei kjekke nordmennene i desse tider har søkt å leggje sin vedvarande truskap for dagen, prøver på eldgamal ærlegdom» (Pro memoria 1772). Oppropet skulle prestane lese opp, og det vart trykt i avisa i Kristiania. Bakgrunnen var eit opprør mot matmangelen, som regimet aviste som «rykte». Heller enn å gi uttrykk for sanninga var dette maktspråk. Nordmenn var ikkje opprørske, for då gjorde dei skam på farsarven. Dessutan, vart det hevda, var jo danskane så lydige og flinke til å forsvare fedrelandet, og nordmennene kunne vel ikkje vere dårlegare?

Patriotisme, kjenslene for fødelandet, var viktig i ordskiftet. Dragkamp var det derimot om kva for eit land ein ivra for, Noreg eller den danske heilstaten. Regimet spela altså på kjensler til begge: Det var noko særnorsk ved å vere glad i kongen. Nordmennene spela med: Sidan kongen var så god, måtte han vere rettferdig mot Noreg. Klage gjorde dei heller på danskane, som dei hevda reiv til seg pengar og stillingar, til skade og fornærming for Noreg. I slike klager låg politisk kritikk, som styresmaktene fordømte og sensurerte, men norske skribentar forsvarte seg med at dei jo var patriotiske, slik regimet sjølv hadde sagt ‒ dei ville berre hjelpe kongen med å forstå kva som gjekk føre seg. Då Struensee oppheva sensuren i 1770, vart kritikken til gjengjeld skarpare. Under fine ord låg ustyrlege tankar.

Slik politisk patriotisme kvilte på ei nasjonal kulturell sjølvforståing. I litteratur og andre skrifter er det tydeleg: I «Norske selskab» dyrka studentar frå 1772 «Norge, Kiempers Fødeland», i talar og i poesi. Den vakre naturen og den reine lufta gjorde nordmenn friare til sinns enn danskane, noko som viste seg i dei norske bøndene si ubundne stilling. Bøndene sjølve merka rett nok grensene for fridomen dersom dei gjorde opprør mot matmangel. Norske kjende dei seg likevel, i møte med danskætta embetsmenn og dansk språk i kyrkja. Når dei vart utkalla til krigsteneste, stod dei saman, og norske krigsheltar, den største var Tordenskjold, vart hylla som nettopp det, altså norske.

Norsk identitet vart òg innramma ved kulturmøte med andre folkeslag. Eit eige seminar lærte opp misjonærar i samisk språk og kultur frå 1716, før dei vart sende nordover. Dei vart spydspissen i staten si underlegging av Finnmark og fortrenginga av samisk levesett. Etter at det vart funne store naturressursar, flytta fleire nordmenn nordover. Lenge hadde staten gått til angrep på samane, men fleire lærde skreiv verk som òg synte velvilje for samisk kultur. No vandra òg finske kvener inn i nord, medan skogfinnane etablerte seg i austnorske grenseskogar. Dette gjorde Noreg etnisk og kulturelt rikare.

Bergverka

Vanlege folk hadde lenge vore bønder og fiskarar, men frå 1500-talet kom nye næringar til, og nye levebrød. Dei største koparverka kom i første halvpart av 1600-talet, og med masomnen skaut jernverka òg fart. I 1623 vart det så funne sølv ved Kongsberg, som vart sentrum for bergamtet, styret av bergverka i sør. Kongsberg fekk den første høgskulen i landet, bergseminaret, og vart den nest største byen i landet, etter Bergen. I gruvedrifta var kongen tidleg sterkt inne, tok inn utanlandske fagfolk, ordna drifta og innførte ei eiga berglov. Private investorar kom så gjerne inn, ofte embetsmenn. Tette band og rolleblanding skapte større fare for utbytting av arbeidarane.

Tyngslane var store for verksarbeidarane. Men gjorde dei opprør, vart det slått ned av militæret, og opprørsleiarane vart hardt straffa, som i oppreistar elles. Kongeleg lov heldt si hand over verksleiinga, og prestane forbanna all motstand. Tette band og rolleblanding skapte liten rettstryggleik. Lokale verksdrivarar kunne utpine arbeidarane, med lågare funksjonærar som harde oppsynsmenn. Lønene vart haldne nede, og kjøpekrafta vart stadig dårlegare. Folk levde i nød. Tyngslane ramma òg alle bøndene som vart pålagde å yte tenester til bergverka, særleg ved å skaffe ved og kol til å vinne ut malm og metall. Det galdt mange, kring 1800 arbeidde 10 000‒20 000 menneske for bergverka, nesten ein fjerdedel av alle bønder.

Tidskapsel: Verksarbeidaren
På høgda, i 1770, var det 4000 arbeidarar ved sølvverket i Kongsberg. Ein av dei var Lars Storhoff. Som liten gut hadde han byrja i gruvene, som vaksen hadde han vorte «hauer», bergbrytar. Store verdiar i sølv vart henta ut, men i 1770 tok funna slutt. Krisa ramma hardt, og uår forverra tilhøva. På halvtanna år fekk ikkje arbeidarane løn. I staden måtte dei kjøpe varer på kreditt av leverandørar med einerett, som gjorde seg rike på å selje dårleg mat til overpris. I 1772 var Storhoff ein av dei «kjekke nordmennene» som gjorde opprør. Arbeidarane bad Storhoff tale deira sak, og med eit klagebrev med 1748 underskrifter reiste han til København. Lenge før arbeidarrørsla voks fram, mana han norske arbeidarar til organisert kamp.

Audiens var det ei viss opning for, og kongemakta sette ned ein undersøkingskommisjon. Som ein tryggleiksventil støtta staten først at kjøpmennene fekk bøter, men få kunne vise at dei hadde vorte lurte, og høgare embetsmenn gjekk fri. Nøda heldt difor fram, og i 1773 døydde en tidel av sjukdom og matmangel. Nytt kornlager og subsidierte varer neste år hjelpte berre noko på veg. Lars Storhoff reiste til hovudstaden på ny i 1775. Gjentakande klager slo regimet derimot hardt ned på. Storhoff vart fengsla. Ein reisekamerat fekk med seg eit brev heim til kona Marthe Marie: Lars var send til straffarbeid i dei danske koloniane i Vestindia. Ingen høyrde frå han igjen, enkja vart avfeia med ein mindre pensjon.

Oppgangstider

Skogsdrifta var den andre store næringa som voks fram. Bønder tente ein del på sal av trelast på 1500-talet, men etter kvart tok handelsmenn meir over. Byborgarane fekk einerett på utførsel av trelast i 1662, og i 1688 fekk dei hand om alle sagene som sagde til eksport i Sør-Noreg. Resten av sagene, kring halvparten, fekk då berre sage tømmer til lokalt bruk. Bøndene miste høvet til kjøp og sal av tømmer og plank, og til å tene pengar på sagbruka. Likeins overtok kjøpmenn omsetninga av fisk, ved å flytte marknaden frå Bergen til lokale fiskevær, og der knyte fiskarane personleg til seg. Rike handelsmenn gjekk no gode tider i møte ‒ og det same galdt staten, som fekk ein del av utbytet.

Særleg voks handelen under alle krigane som Danmark-Noreg ikkje tok del i. Ein sterk vekst kom difor i 1690-åra, då England og Nederland gjekk til angrep på kvarandre sine skip og dermed trong varer tilførte frå nøytrale skip. Ein ny oppgang kom då England og Frankrike var i krig frå slutten av 1700-talet. Noreg hadde varer å eksportere, dessutan gode forhold for fraktetenester, med ein lang kyst og sjøvande folk. På 1700-talet kom sjøfarten over på norske hender, og mange skipsverft voks fram. Den samla dansk-norske lasten tredobla seg inn i første del av napoleonskrigane, og talet på skip gjekk opp frå 600 til 1600. Store handelshus oppstod, på pengar først tente på sal av krongodset. Særleg i Kristiania danna det seg ei gruppe rike kjøpmenn, som påverka samfunnet mykje. Då tidene svinga, la dei press på styresmaktene.

Vedtaket i 1688 om «sagbruksprivilegia» sette òg tal på kor mykje trelast ein sageigar kunne føre ut, for såleis å halde prisane oppe. Men mykje vart smugla ut, og då gjekk staten glipp av store summar. Inn til landet var det høge tollmurar, ein viktig del av den økonomiske, merkantilistiske, politikken. Smuglinga av varer inn til Noreg var likevel enno større enn smuglinga ut, noko som var mogleg på grunn av omfattande korrupsjon i tollvesenet. Mottiltak som fast tiend og bortforpakting av tollinnkrevjinga verka berre noko på veg. Mot slutten av 1700-talet slo staten inn på ein liberalistisk veg, som resten av Europa. Einerettar vart avskaffa og taket på eksporten heva, medan særrettane for byborgarar kom under press.

Litografi av Dorothe Engelbretsdotter. Kjelde: NTNU Universitetsbiblioteket. Innskrift: «Her Staar ieg slet for Verdens Flok. Som paa mig Kaster Øÿed. Men pÿnted og Stafferet Nok. Naar Gud Kon er fornöÿed.» CC BY-SA 4.0.

Litografi av Dorothe Engelbretsdotter. Kjelde: NTNU Universitetsbiblioteket. Innskrift: «Her Staar ieg slet for Verdens Flok. Som paa mig Kaster Øÿed. Men pÿnted og Stafferet Nok. Naar Gud Kon er fornöÿed.» CC BY-SA 4.0.

Det trykte ordet

Som med handelen var det særrettar også for prenting og presse. København kom først også på dette feltet, og Noreg fekk ikkje trykkpresse før i 1643, 150 år etter Danmark. Biblar og teologiske skrifter var ein viktig del av litteraturen. Preikesamlingar, huspostillar, var det fleire som eigde, for då kunne far i huset halde andakt heime. Religion var òg ramma for den fremste norske diktaren på 1600-talet, Dorothe Engelbretsdotter. Med skulestellet, der læraren gjekk frå gard til gard, vart lesekunnskapen betre, rundt 1800 kunne opp mot 90 prosent av innbyggjarane lese. Læreboka var først og fremst Pontoppidans katekisme, Sandhed til Gudfryktighed. Kunnskapen var viktig for konfirmasjonen, nøkkelen til vaksenlivet. 

Avisene vart prenta i København, og dei vart i nokon mon innførte til Noreg. I 1763 braut så trykkjaren i Kristiania dette monopolet, og støtta av rike handelsmenn kom han unna med det. Såkalla adresseaviser, firesidige annonseblad med små notisar, kom ut i fleire byar dei neste åra. Sensuren innskrenka stoffet, men etter kvart vart det eit visst ordskifte. Krigen i 1807 skapte ein tørst etter nyhende, men blokaden stoppa skrifter utanfrå. Fleire aviser kom til, og nyhenda vart fleire, sjølv om mykje var propaganda. Tidsskrift kom òg, med fagleg innhald og litterær kritikk. Dei som skreiv, viste god innsikt i utviklinga i Europa elles.

Lærde selskap vart pådrivarar for vitskapleg utvikling, og dei gav ut skrifter. Dei gav opplysning som praktisk læring, men dreiv ikkje politisk oppvekking. Prestar av ulike teologiske oppfatningar ivra for ny kunnskap, til dømes dyrking av poteter. Fleire hadde større bibliotek, som andre kunne nyte godt av. Selskapa gav ut skrifter om natur, historie, økonomi og religion. Meir brennbart var det då Det Kongelige Selskap for Norges Vel gjekk i gang med ei pengeinnsamling for å opprette eit eige norsk universitet. Lenge hadde kongen stritta imot, men no stod ein norsk elite samla bak kravet, og arbeidet bar frukter: Universitetet kom i 1811.

Utanrikspolitikk

Danmark-Noreg måtte søkje saman med større land for å stå seg mot andre makter. Russland var ein opplagt alliert mot Sverige, som på si side søkte til Frankrike. Storbritannia var ein annan dansk-norsk partnar, som vart viktigare då Nederlanda vart svekte på 1700-talet. Ved midten av hundreåret vende regimet i Danmark-Noreg seg heller mot Frankrike. Årsaka var ønsket om å sikre hertugdøma Slesvig og Holstein for den danske krona. Det lukkast, men kravde dyre garantiar, i form av troppevakt ved grensa. I 1762 kom det nesten til krig med Russland, då tsaren ville ta desse områda.

Danmark-Noreg heldt seg unna krigane, men avstanden til britane auka. For å verne flåten var det inngått samarbeid med andre ikkje-krigande land. Åleine ved makta utstyrte kronprins Fredrik handelsskipa med krigsmateriell frå 1797. Flåten frakta varer for Frankrike, og det øste opp britane. Endå verre var det at franske kaprarar, sjørøvarar, tok seg inn i norske hamner. I 1801 gjekk den engelske marinen til angrep på København og tvinga fram ei oppløysing av det nøytrale samarbeidet. Mellomstatlege samtalar var no avgjerande, men i 1805 slo kronprinsen seg ned i Holstein og nekta å snakke med sendemenn.

Då Napoleon ville stengje britiske skip ute frå Europa i 1807, gjekk difor britane til angrep på ny. I fleire dagar bomba dei København og rana så med seg den dansk-norske flåten. Danmark-Noreg kom dermed inn i krigen på fransk side, Sverige på britisk side. No vart presset frå stormaktene for stort, og Norden kom igjen i krig. I uroa ønskte fleire at Noreg skulle nærme seg Sverige. Då svenskekongen vart velta i 1809, var høvet der, men også for ei samling under danskekongen Fredrik 6. Men han avviste samlingsforslaget frå svenske opprørarar. Det same gjorde Kristian August, som hadde leidd Noreg i krigen, før han no vart vald til svensk tronarving. Då han døydde tidleg, prøvde så etterkomaren Karl Johan å erobre Noreg heller enn å ta tilbake Finland frå Russland. Til det fekk hann støtte av stormaktene, i byte for kampen mot Napoleon.

Napoleonskrigane

Krigen i 1807 delte Danmark-Noreg i to. Britiske skip sperra sjøen, Sverige sperra ferdselen til lands. Ei eiga styresmakt måtte opprettast for Noreg, regjeringskommisjonen. Den viktigaste oppgåva var å føre krig mot Sverige og skaffe korn til Noreg. Det første gjekk greitt, då kommisjonen nekta å gå til angrep, men forsvarte seg bra. Korn var det verre med under blokaden, og så kom uåra. Svolten herja, fleire sette livet på spel i eigne robåtar over Skagerrak for å kjøpe korn i Danmark. Samtidig rotna trelasten i hamnene. Handelshusa hadde ikkje varer til kreditt, og fiskarane torde ikkje segle til Bergen med fisk. Frå gylne tider kom handelen no i krise.

Regjeringskommisjonen ønskte særleg fred med Sverige, men fekk det ikkje. Krona godkjende heller kapring, noko som skaffa nokre varer. Mest tente kapringa likevel nokre få skipperar, medan mange sjøfolk hamna i britisk fengsel. Den svenske kuppet endra så stillinga, og næringslivet tente på at handel med britane vart lov for dei med lisensar. Eit nytt uår i 1812 gjorde så tilhøva verre, og verst var det at Napoleon tok til å tape krigen. Gjennom 1813 sleit den nye norske statthaldaren, kronprins Kristian Fredrik, med å halde den aukande misnøya i sjakk ‒ før danskekongen vart tvinga til å gi frå seg Noreg etter Kielfreden, i januar 1814.

Dansk flagg med det gamle norske kongesymbolet (løva) frå Fredriksten festning i 1814. Foto: Trollbu. Kjelde: Digitalt Fortalt på digitaltmuseum.no. Inventarnr.: DF.6768. CC BY-SA 4.0.

Dannebrogen med tillegg av det gamle norske kongesymbolet, løva, frå Fredriksten festning i 1814. Slik kunngjorde Kristian Fredrik at flagget skulle vere, 27. februar 1814. Foto: Trollbu. Kjelde: Digitalt Fortalt på digitaltmuseum.no. Inventarnr.: DF.6768. CC BY-SA 4.0.

1814

Kristian Fredrik ønskte då å få eineveldig makt i Noreg ved arv. På det såkalla notabelmøtet i februar viste norske stormenn heller til folkesuvereniteten, som Georg Sverdrup var talsmann for. Dei hevda at kongen hadde sagt frå seg makta i Kiel, i strid med Kongelova, og styringsmakta gjekk då tilbake til folket. «De har rett. Eg er vorten overtydd», svarte prinsen og la armen sin kring Sverdrup. Statthaldaren burde no heller kalle inn til eit riksmøte, og der håpte Kristian Fredrik å verte vald til konge. «Prinsippet om at statsmakta skal ha rota si i folkeviljen, vart knesett», skriv Arne Bergsgård i boka Året 1814.

På kort tid vart det så ordna med val til ei riksforsamling. Ein tredel av dei valde var bønder, og halvparten kom frå distrikta. 10. april 1814 møtte 112 sendemenn på Eidsvoll for å lage ei ny statsordning. Til grunn for arbeidet låg fleire utkast til ny grunnlov. På samlinga ivra ei gruppe for union med Sverige, men flest for sjølvstende, med Sverdrup og Christian Magnus Falsen i spissen. Falsen vart leiar av komiteen som fullførte grunnlovsarbeidet. Utkastet han og Johan Adler hadde laga, fekk òg størst gjennomslag til slutt.

Napoleonskrigane førte til eit felles europeisk samarbeid, gjennom Wienkongressen, slik Immanuel Kant hadde ivra for. Men dei gamle regima skulle stå fast. Danmark vart verande eit einvelde i ein mannsalder til, men i Noreg kom omskiftet no. På få veker vart riksforsamlinga på Eidsvoll samde om ei ny statsform, der Stortinget skulle vedta nye lover. 17. mai vart Kristian Fredrik vald til konge for den nye staten. Den endelege forfatninga vart meir demokratisk enn alle forslaga og bygde på allmennviljen (Rousseau) og maktfordelingsprinsippet (Montesqieu). Den nye norske grunnlova var svært radikal i samtida, og det vart viktig for sjølvstyret, sidan landet etter ein kort krig kom saman med Sverige i ein personalunion.

Kjelder

«Almindelig Bededag 1765 Evie». Statsarkivet i Kristiansand: Gjerstad Prestekontor, 1685‒1977. Ministerialia, Andre kirkelige handlinger, 1763‒1952.  B‒II‒10: Prekener av H. M. Abel, 1763‒1803. 1111-0014/F/Ff/L0010.

Arne Bergsgård: Året 1814, bd.1: Grunnlova. Oslo 1943

Narve Bjørgo, Øystein Rian og Alf Kaartvedt: Selvstendighet og union. Fra middelalderen til 1905, bd. 1 av Norsk utenrikspolitikks historie. Oslo 1995

Ståle Dyrvik: Norsk historie 1536‒1814. Vegar til sjølvstende, bd. 2 av Norsk historie frå vikingtid til vår tid. Oslo 2011

Ståle Dyrvik: Truede tvillingriker 1648‒1720, bd. 3 av Danmark-Norge 1380‒1814. Oslo 1998

Ole Feldbæk: Nærhed og adskillelse 1720‒1814, bd. 4 av Danmark-Norge 1380‒1814. Oslo 1998

Mathias Bonsach Krogh: Om Kierlighed til Fædrenelandet: en Tale ved Anledning af den i Viklems Hovedkirke paa Ørelandet ophængte Midestavle, holden den 14de Søndag efter Trinitatis. Trondhiem 1801

Kåre Lunden: Frå svartedauden til 17. mai. 1350–1814, bd. 2 av Norges landbrukshistorie. Oslo 2002

«Pro Memoria 18.12.1772, vedlegg A: Bekiendtgiørelse». Statsarkivet i Tromsø: Senja prosteembete. Lover, forordninger, reskripter, plakater, kollegiebrev, bispebrev mv., 1737—1791. SATØ/S-0098/D/Da/L0014.

Øystein Rian: Sensuren i Danmark-Norge. Vilkårene for offentlige ytringer 1536‒1814. Oslo 2014

John Aas og Andreas Faye: Gjerestads præstegjeld og præster. Til læsning for almuen. Gjerstad [1869] 1999

Peikarar

Gerda Bonderup: «Den yngre enevælde, 1784‒1848», danmarkshistorien.dk

Lokalhistoriewiki: «Forside: 1600-tallet», lokalhistoriewiki.no

Lokalhistoriewiki: «Forside: 1700-tallet», lokalhistoriewiki.no

Lokalhistoriewiki: «Forside: 1800-tallet», lokalhistoriewiki.no

Birgit Løgstrup: «Den ældre enevælde, 1660‒1784», danmarkshistorien.dk

Nettstaden 1718.no om den store nordiske krigen, 1718.no

Nettstaden til museet Eidsvoll 1814, eidsvoll 1814.no

Nettstaden til Norsk bergverksmuseum, norsk-bergverksmuseum.no

Norsk sagbruksmuseum: «Oppgangssagas tidsalder», sagbruksmuseet.no

Universitetet i Oslo: «1660–1780: enevelde», norgeshistorie.no

Universitetet i Oslo: «1780–1830: grunnlov og ny union», norgeshistorie.no

Først publisert: 16.12.2019
Sist oppdatert: 05.09.2020