Hopp til innhold
Det svensknorske kongeflagget, som på folkemunne vart kalla «sildesalaten», innført i 1844. Foto: Sverresborg Trøndelag Museum. Nytta med løyve for Allkunne.
Det svensknorske kongeflagget, som på folkemunne vart kalla «sildesalaten», innført i 1844. Foto: Sverresborg Trøndelag Museum. Nytta med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Norsk historie 1814–1870 – vidare nasjon, tettare land

Etter 1814 hevda Stortinget norsk sjølvstende i den nye unionen med Sverige. Snart kom bønder med i stasstyringa, og arbeidarar kravde stemmerett. Folketalet voks sterkt, så mange måtte leige jord. Nye kommunikasjonsmiddel gjorde avstandane kortare, folk og handel hang meir saman.

Fredsslutninga etter napoleonskrigane skapte ein ny norsk stat, men òg ein ny union ‒ og stor gjeld. Svenskekongen hadde hand om den norske utanrikspolitikken, men med Grunnlova i hand styrte Stortinget riket innanlands. Med stram regi bygde embetsmennene staten frå toppen. Frå å liggje i ruinar voks næringslivet til skyene. Grunnlova gav mange rett til å stemme og til å skrive. Bøndene vart med i politikken, og sivile rørsler voks fram. Fridomen kom likevel ikkje utan kamp – for bønder, arbeidarar og minoritetar. For somme var den nye staten framleis framand.

For folk flest var poteta den viktigaste nyvinninga kring 1814. Med den kom eit rikare utbytte i jordbruket og eit betre kosthald. Sildefisket tok seg òg opp, og med nye kornlager vart kosten sikra i krisetider. Med betre føde og med nye vaksinar var det færre som døydde. Særleg overlevde fleire spedbarn, med kunnigare stell. Folketalet voks kraftig. Dermed vart det trongare om plassen. Mange måtte leige husmannsplass og spe på med anna arbeid. Skilnadane vart større, samtidig som fleire produserte varer for ein marknad. Folk flytta meir på seg for å finne levebrød – til byane, til andre landsdelar og etter kvart til USA.

Det vart lettare å reise. Landevegane vart betre, men no kom òg dampskip og jernbane. Samferdselen samla staten. Meldingar kom raskare fram, handelen vart meir landsomfattande. Tanken om eit eige norsk folk vart skjerpt, dyrka fram av nasjonalromantiske tankar. Forskarar fann fram til folkelege skikkar, dikting og dialektar – alt til å byggje den nye staten på.

Tidskapsel: Fridomen
Sugar Creek, Iowa, USA 1840: Hans Barlien ser utover åkeren. Her har han rydda seg gard, som ein av dei første nybyggjarane i området. Barlien hadde skrive heim for å få fleire til å kome etter, sjølv vart han ein leiar for det nye samfunnet. Med mykje udyrka land var USA ein draum for nordmenn som sleit med å finne eiga jord. Samtidig var fridomen noko som drog, bort frå fattigdom, men òg frå undertrykking. «Her vert ingen forfølgd på grunn av religiøs tru», skreiv Barlien, medan «den såkalla frie norske forfatninga har enno berre tent til å tyngje ned folket» (Aavatsmark 1954. Omsett av artikkelforfattaren).

Barlien hadde sjølv sete på det første ordinære Stortinget i 1815‒16. Som skribent verka han til folkeopplysning og dreiv trykkjeri, men som politikar fekk han merke kvar grensene for fridom gjekk i det nye Noreg. På Stortinget talte han mot særrettar i handelen og for forsiktig pengebruk. Mange bønder var einige med han, men det sat få av dei på tinget. Motstandarar reiste fleire rettssaker for å hindre Barlien i å verte vald på ny. I den siste saka vart han dømd for å ha kalla saman «allmuen», folk flest, etter ei lov frå 1765, men han vart frikjend i Høgsterett. Den første generasjonen etter 1814 måtte slik framleis kjempe mot gamle band. For fleire låg det ei friare framtid i å emigrere.
Karl Johan-monumentet på Slottsplassen i Oslo, avduka i 1975. Foto: A.Davey på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Karl Johan-monumentet på Slottsplassen i Oslo, avduka i 1975. Foto: A.Davey på flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Den korte krigen, den nye kongen

Noreg sitt sjølvstende i 1814 førte til krig med Sverige, etter at dei europeiske stormaktene hadde gitt landet til svenskekongen ved Kielfreden. Krigen var kortvarig, for Noreg hadde lite å stille opp med, og Sverige ønskte fred kjapt. Fredsavtalen, Mossekonvensjonen, vart inngått mellom to likeverdige land. Noreg skulle framleis vere «eit fritt, sjølvstendig, udeleleg rike». Samtidig godtok Noreg no kongefellesskapet. I Sverige var makta delt mellom kongen og Riksdagen i 1809, så den frie norske forfatninga vart godteken, med nokre endringar. Kongen hadde framleis store rettar. Han styrte mykje av utanrikspolitikken, peikte ut regjeringa, godkjende visse stortingsvedtak og hadde utsetjande veto ved innføring av nye lover.

Karl Johan hadde ført Sverige i krigen, i 1818 vart han konge. Han ivra for ein tettare union og ei sterkare kongemakt, til dømes endeleg veto for nye lover. Ytringsfridomen skulle tøymast. I 1828 forbaud han feiringa av 17. mai, og hæren gjekk til angrep på folkemengda året etter, men det førte berre til at feiringa vart viktigare og motstanden større. Stortinget frykta statskupp, sidan Karl Johan nytta både agentar og militære trugsmål, men stod mot krava og felte kongelege statsrådar med riksrett. Noreg fekk eigen regjeringsleiar frå 1829. Karl Johan gav opp og innsåg at han var avhengig av velvillige embetsmenn til å styre Noreg. Etterkomaren hans, Oscar 1., viste større vilje til å godta norske særkrav, mellom anna eit eige flagg.

Ny stat, gamalt styre

Grunnlova hadde erstatta eineveldet med folkestyre. Det gamle regimet levde likevel vidare i straffelova, som var den same fram til 1842, og enno lenger i styringsverket. Embetsmannsstaten er brukt som nemning for denne tida, då høgt utdanna menn med røter i gamalt embetsverk bygde det nye Noreg. I eit land utan adel vart embetsmennene eliten. Dei styrte på vegner av folket, folkemakta måtte vente. Til Stortinget vart dei valde av valmenn, i avstemmingar som ikkje var hemmelege. Partidanning var ulovleg. Også lokalt heldt det gamle regimet fram. Amtmenn og futar styrte som før, sorenskrivarar og dommarar heldt gamal lov i hevd.

Gjennom dansketida hadde embetsmennene bestemt over folk. Slik var det enno. Den nye staten trong ein nasjonalbank, men statsgjelda var stor etter napoleonskrigane, så det var lite pengar til kreditt. Stortinget løyste saka med å tvinge folk til å kjøpe aksjar med sølv og gull. «Sølvskatten» skapte motstand. Austlandsbøndene tapte samtidig stort på svikt i tømmereksporten, så i 1818 toga dei til Stortinget for å klage. Bøndene tok slik i bruk gamle ytringsmåtar, og dei fekk gamle svar, ved at dei vart kasta i fengsel. No var likevel opprøret betre samordna enn før. Det viste at noko var i emning.

Bondestorting og formannskap

40 prosent av alle vaksne menn fekk stemmerett etter Grunnlova. Det var mange i høve til andre land, men altså langt frå alle, berre 6,5 prosent av folketalet. For å ha stemmerett måtte ein vere over 25 år, drive skattlagd jord eller næring med byborgarskap, eige ein bygard over ein viss verdi eller vere embetsmann. Frå 1821 hadde òg reindriftssamar med stor nok flokk stemmerett, den første endringa i Grunnlova. Frå då av var bønder i fleirtal av dei som kunne stemme, men ikkje mellom dei valde representantane. Halvparten av dei var embetsmenn i byrjinga, mest juristar og teologar. Elles var det mange borgarar, og byane fekk fleire tingmenn enn folketalet skulle tilseie.

Bøndene protesterte. Det var folket som skulle sitje på tinget, skreiv Hans Barlien i ein pamflett i 1817, og «folket er den produserande og fabrikkerande delen av statsmedlemene, dei andre er folket sine tenarar» (Aavatsmark 1954. Omsett av artikkelforfattaren). Den vidt spreidde Ola-boka (En Odelsmands Tanker om Norges nærværende Forfatning), frå 1830, gjekk lenger: «Embetsklassa» nytta kvar stortingssamling til å gjere seg rikare, og «då kan ein frykte at dei fleste eigedomar ville kome i hendene på embetsmennene og andre kapitalistar» (Neergaard 1830. Omsett av artikkelforfattaren). Forfattaren av Ola-boka var bonde og stortingsmann John Neergaard. No reiste han rundt for å vekkje bøndene til handling ‒ til å ta staten i bruk.

I 1833 kom svaret, bøndene tok halvparten av stortingsseta. Frå då av kunne dei danne fleirtal saman med borgarane og drive embetsmennene tilbake i fleire saker. I 1837 vedtok dei kommunalt sjølvstyre. Dermed kom folkestyret til bygda òg. I eigne val skulle det veljast formannskap og representantskap (seinare kommunestyre) som styrte byane og landkommunane, herada. Det vart òg valt styre for amta (fylka). Likevel kom embetsmennene tilbake, endå kraftigare, med sterkare sjølvstyre og økonomi. Opposisjonen vart veikare. Embetsmennene nytta stemmeretten sin, men elles gjekk valdeltakinga ned. Relativt færre fekk stemmerett, etter kvart som folketalet auka.

Marcus Thrane. Visittkort frå omlag 1875. Ukjend fotograf. Kjelde: Nasjonalbiblioteket, Flickr.com (biletnr. blds_05747). Fri lisens.

Marcus Thrane. Visittkort frå omlag 1875. Ukjend fotograf. Kjelde: Nasjonalbiblioteket, Flickr.com (biletnr. blds_05747). Fri lisens. 

Arbeidarar – blad og foreiningar

Småkårsfolk fekk altså ikkje stemmerett i 1814. Som i Europa elles hadde dei «ikkje anna å misse enn lenkjene sine», som Karl Marx skreiv i Det kommunistiske manifestet i 1848, men no «går eit spøkjelse gjennom Europa, det kommunistiske spøkjelset» (Marx [1848] 1921). I mange land kom det til opprør og revolusjonar, med ytringsfridom og allmenn stemmerett som følgje. I Noreg lét Marcus Thrane seg rive med. I 1849 stifta han Arbeider-Foreningernes Blad, ei avis som kravde politiske rettar for småbønder, handverkarar og andre arbeidarar. Ei stund var det kona som dreiv avisa, den første kvinnelege norske redaktøren.

Avisa til Thrane agiterte altså for arbeidarforeiningar, og han stifta slike foreiningar over store delar av landet. Mange slutta opp om foreiningane, etter to år var 30 000 med, halvparten så mange som dei som hadde stemmerett. 13 000 av dei bad så om stemmerett og betre vilkår i eit bøneskrift til kongen, ei form for politisk handling som var kjend før 1814. Mange skreiv òg i Thrane si avis, som spreidde opplysning til folk flest. Om dei mangla stemmerett, meinte arbeidarane nemleg at Grunnlova gav dei ytringsfridom. Thrane sjølv kritiserte opphoping av rikdom, men ulikt Marx ville han ikkje avskaffe eigedomsretten og gjere revolusjon.

Arbeidarrørsla vart likevel knust. Embetsmenn, borgarar og storbønder slutta rekkjene i frykt for regimeskifte. «Dei må møtast med bly og jern» (Schweigaard. Omsett av artikkelforfattaren.), gneldra juristen Anton Martin Schweigaard, den fremste forsvararen av embetsmannsregimet, frå talarstolen på Stortinget. Høgsterett dømde Thrane til fengsel, etter oppdikta påstandar om at han oppfordra til revolusjon. Hemmelege forhandlingar syner likevel at dei eigentleg meinte at grunnlaget var sviktande. I Danmark vart allmenn stemmerett for menn innført i 1849, men Noreg måtte enno vente i femti år. Thrane utvandra til USA.

Eitt land

Bygging av statlege institusjonar og infrastruktur stod tidleg høgt på dagsordenen. Eit universitet kom før 1814, ein sentralbank like etter. Riksarkivet kom likeins raskt, det danna det nasjonale minnet til den nye staten. Skulestellet vart bygd ut. Frå 1827 vart rekning og skriving viktige fag, ved sida av lesing og religion. Faste skulebygg vart reiste fleire stader, før ein verkeleg folkeskule kom i 1860. Embetsmennene miste herredømet over høgare kunnskap då det kom lærarseminar frå 1820-åra og høgare landbruksskule frå 1859. Statlege direktorat, oppsyn og andre etatar heldt samtidig styr på utviklinga.

Nasjonale mål batt det norske samfunnet saman. Mål for vekt og volum vart samordna for å gjere vareomsetninga lettare, og det vart innført normaltid i staden for lokale tider. Oversikter over tal og mål vart gitt ut til hjelp for næringslivet og for politisk styring. Nasjonale kart vart teikna, og det letta utbygginga av samferdselen. Vegane vart betre, og vegnettet vart dobla frå 1840 til hundreårsskiftet. Dampskipa gjorde at sjøtransporten gjekk raskare frå 1820-åra, og med fleire fyr vart skipsleia tryggare. Jernbanen gjorde godsfrakten enklare til lands. Skip og tog møttest gjerne i byane, som for det meste låg ved sjøen. Post og varer gjekk då raskare. Så byrja ein å sende meldingar med telegraf, fortare enn nokon hadde drøymt om. I 1870 dekte telegraflinjene heile landet.

Éin nasjon, mange lag

Landet vart altså samla, sjølv om samfunnet sprikte. Sivil infrastruktur styrkte seg òg, med friare møterett. Mange nye foreiningar og lag kom til, særleg frå 1840, til dømes arbeidarforeiningane. Sosiale problem som alkoholmisbruk, fattigdom og mangel på bustader var grunnlaget for fleire lag. Andre foreiningar var kulturelle og sosiale, til dømes leseselskap og musikklubbar, eller dei var yrkesretta. Laga skapte fellesskap, dei samla folk av ulikt kjønn, ulike yrke og ulike alderslag, ofte på tvers av samfunnsklassene. Fleire av dei vart landsdekkjande. Kjensla av å høyre til i samfunnet voks med foreiningane.

Mange gjekk samtidig saman i motkulturar. Fråhaldslaga tok avstand frå folkeleg drikkekultur, lågkyrkjelege danna motvekt mot statskyrkjeleg høgkultur. Mange religiøse foreiningar oppstod då hinderet mot religiøse møte utanfor kyrkja vart oppheva i 1842. Misjonsforeiningar vart stifta frå 1820-åra, og misjonsrørsla vart den største frivillige rørsla. Med dissenterlova i 1845 vart også andre kristne trussamfunn tolererte. I Grunnlova var jødar nekta tilgang til riket, men i 1851 vart forbodet oppheva, etter ein lang kamp. Katolikkar grunnla si eiga kyrkje, men munkar var framleis utestengde. Religiøst mangfald voks, sjølv om folk med ei anna tru vart uglesett, og dei fekk ikkje vere lærarar eller embetsmenn.

Gjennom foreiningsdanninga, kalla «associationsaanden», fekk folk øving i politisk medverknad, i val, økonomi og diskusjon ‒ også dei som ikkje hadde stemmerett. Mange lag ønskte då òg nettopp å påverke politikken. Embetsmennene kjende seg trua, og for å få hand om framveksten av foreiningar, stifta dei difor halvoffentlege motstykke under si leiing. Arbeidarsamfunn vart danna mot Thranerørsla, med mål om opplysning, ikkje politikk. Den Norske Lutherstiftelse skulle få bukt med lekmannsforkynninga. Overklassa kom i leiinga i dei fleste laga elles òg. På kort sikt skapte foreiningane på denne måten einskap og ro, men på lang sikt førte dei til ei demokratisk gjæring nedanfrå.

Noregs Grunnlov av 17. mai 1814. Foto: Vidar M. Husby. Kjelde: Stortingsarkivet, Stortinget på Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Trykk på fotoet for å sjå heile den originale Grunnlova (10 Mb pdf). Bilete: Noregs Grunnlov av 17. mai 1814. Foto: Stortinget, Flickr.com CC BY-ND.

Frimodige ytringar – presse og litteratur

«Ytringsfridom skal det vere», slo Grunnlova fast, om ein ikkje oppfordra til oppstand mot staten eller religionen, eller til umoral eller dreiv med ærekrenking. Frå full sensur fekk Noreg dei neste tiåra ei levande presse. Grunnlova vart straks trykt i avisene, som fekk stadig meir stoff. Den første dagsavisa, Morgenbladet, kom fem år seinare. Med frislepp av trykkjerirettane i 1839 voks omfanget av aviser og tidsskrift. Journalistikken vart livlegare. Fleire debattskrifter kom, mellom anna Ola-boka, der tonen og det politiske påtrykket kunne vere hardt. «Frimodige ytringar» skulle alle ha høve til, svært ulikt tida før 1814.

At det var grenser for fridomen fekk likevel fleire merke, mellom dei Marcus Thrane. Grunnlova verna særleg om skriftlege ytringar, når det kom til munnlege protestar og demonstrasjonar, vart ytringane raskt straffa. Eineveldet si harde trykkjelov vart heller ikkje eigentleg oppheva og låg som eit ris bak spegelen. Sensur før utgiving vart ikkje avskaffa før i 1837. Embetsmennene nytta forbodet mot injuriar til å stoppe radikal kritikk. Opposisjonelle skrifter, som avisa Statsborgeren, vart undertrykte ved at portosubsidiane vart fjerna, den tids pressestøtte. Med ny straffelov i 1842 vart rettsskikken likevel mildare og ytringsretten friare.

Litteraturen elles kom tregare i gang, men med Henrik Wergeland skaut nasjonalromantisk litteratur fart i 1830-åra og fekk i neste ledd ein arvtakar i Bjørnstjerne Bjørnson. Ei anna forteljing, om overklassa, dei «kondisjonerte», kom likevel fram i novellene til Maurits Hansen, den viktigaste forfattaren rett etter 1814. Tråden vart plukka opp av Camilla Collett, som i Amtmandens døttre skildra borgarlege kvinner si svekte stilling i det nye formelle offentlege rommet. Aasmund Olavsson Vinje skildra natur og bondekultur meir realistisk, der folkespråket fekk ny lyrisk kraft. Realismen prega òg Henrik Ibsen, som frå 1860-åra skildra mørkeret i både by- og bygdekulturen.

Foto av måleriet «Brudeferd i Hardanger» av Adolph Tidemand og Hans Gude, 1848. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland. Kjelde: Nasjonalmuseet, samling.nasjonalmuseet.no CC BY-NC 4.0.

Foto av måleriet «Brudeferd i Hardanger» av Adolph Tidemand og Hans Gude, 1848. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland. Kjelde: Nasjonalmuseet, samling.nasjonalmuseet.no CC BY-NC 4.0.

Folkeferda

Tanken om den frie odelsbonden var kjernen i nasjonalkjensla i 1814, men også tidlegare. Diktargruppa kring Wergeland, «patriotane», køyrde fram bøndene som berarar av den norske kulturen. I 1830-åra møtte dei motbør frå dei som heller hylla kulturfellesskapen med Danmark. «Intelligensen», samla om Johan Sebastian Welhaven, meinte at bygdesamfunnet var for rått og udanna, kantane måtte slipast. Denne kulturkampen vart viktig utover i hundreåret. Samtidig vart bondekulturen oppsøkt og teken i bruk for å skape ein nasjonalromantisk finkultur, av mellom andre Edvard Grieg, Adolph Tidemand og Hans Gude.

Folkeånda vart spora opp også av forskarar. Vitskapsmenn reiste rundt og granska norsk kultur og norsk natur. Fjell og skog gav uttrykk for det nasjonale, Jotunheimen fekk namn frå norrøn mytologi og danna ryggen i fedrelandskjensla. Eventyr og viser vart samla inn for å fange norsk kultur. Frukta av det norske vart hausta, frøa odla på ny. Foreiningar for å ta vare på skriftkultur og fortidsminne vart danna. Ivar Aasen reiste i mange år rundt og samla dialektar til eit eige norsk skriftspråk, landsmålet. Med Vinje skaut målet fart som bruksspråk, i dikt og essay, bøker og blad.

Historikarar gjorde nasjonalitet til vitskap. Rudolf Keyser hevda at nordmennene hadde vandra inn frå nordaust. Som eigen stamme var dei då meir norrøne enn svenskar og danskar. Minoritetar passa ikkje inn i eit slikt syn. Samar hadde visse borgarrettar, men for reindriftssamar vart det vanskeleg då den nye grensa i nord skar over siidaer på grensa og gjorde flytting vanskeleg. Kulturelt vart andre folkegrupper òg meir framandgjorde utover 1800-talet. Staten ivra for å gjere samar, kvener og skogfinnar meir norske, med tvungen skulegang. Rom- og romanifolk vart ikkje rekna med i fellesskapen, som ikkje-bufaste. Vegen mot det norske vart dermed ei ny einsretting. Då 35 flyttsamar gjorde sosialt og kulturelt opprør i Kautokeino i 1852, vart dei straffa særleg hardt, to med døden.

Folkevekst

På 1800-talet voks folketalet i Noreg raskare enn i noko anna europeisk land. Dei første femti åra etter 1814 nesten dobla det seg, frå 900 000 innbyggjarar til 1,7 millionar. Folk fekk like mange ungar som før, så det avgjerande var at færre døydde. Dødsraten vart den lågaste i Europa. Det byrja på 1700-talet, med visse tiår med klar vekst. Då gjorde matmangel og sjukdom likevel store innhogg fleire gonger, likeins i krigsåra frå 1807 til 1814. Då det vart fred, vart det derimot fastare tilgang på mat og færre tilfelle av akutt smittespreiing. Den nye staten oppretta òg kornmagasin til å ha i krisetider.

Årsakene til veksten er samansette. Betre ernæring var viktig. Potetdyrking vart meir og meir vanleg, og potetene gav større avlingar enn korn og hadde større næringsinnhald. Silda vende tilbake, etter tiår med dårleg fiske. Nytt utstyr og nye metodar i landbruket gav større avlingar. Forbetra varetransport gjorde det enklare å kjøpe mat. Dessutan var den nye koppevaksinen viktig, sjølv om det framleis kom dødelege sjukdomar: lepra, kolera, tuberkulose og kikhoste. Likevel, det klaraste brotet var at færre døydde før dei var eitt år gamle. «Ei sensasjonell forbetring i overlevingssjansane til spedbarna», har Ståle Dyrvik kalla det, og peikar på lengre amming. Andre har trekt fram betre spedbarnsstell, i samband med ny skule for jordmødrer i 1818.

Familiane vart større då fleire voks opp. Frå kjernefamiliar på 4‒5 var det no gjerne 7‒8 i kvar familie. Etter kvart vart det fleire arbeidsføre, og sidan ikkje alle kunne arve garden, måtte fleire finne seg anna arbeid. Barnearbeid vart dermed mindre viktig, og uansett mindre tenleg i industrien. Med utbygginga av skulen fekk barn også noko anna å ta seg til. Barndomen vart såleis lengre. For foreldra vart det dyrare å ha fleire barn som budde heime lenge. Mot slutten av hundreåret gjekk fødselstala ned, og dermed folkeveksten. Då hadde òg mange byrja å emigrere til USA. Kring 1/3 av folkeveksten reiste ut i tidrommet 1865 til 1905.

Bygdeliv i endring

Med større familiar var det færre som arva jord. Talet på eigedomslause auka, og fram til 1854 var desse pålagde å finne seg eit fast levebrød heller enn å ta seg lausarbeid. Mange tok teneste på gardane, særleg i yngre år. For å slå seg til ro og stifte familie valde fleire å leige seg ein plass å bu. Dei rydda seg då eit bruk med litt jord på ein annan sin gard, eller dei bygde seg berre hus ‒ dei vart husmenn. Betalinga var arbeid hos bonden, eller varer frå anna arbeid. Husmennene vart ei raskt veksande underklasse på landsbygda og omfatta også kvinnene og ungane på husmannsplassane. I ein stat som var bygd for dei med eigedom, kom husmennene i fleirtal frå 1860. Såkalla innerstar var også blant dei eigedomslause. Dette var gjerne einslege som leigde seg ein soveplass hos bonden og livberga seg med handverkstenester.

Eigedomslause var eit teikn på omfattande fattigdom, men dei vart òg ei drivkraft til samfunnsendring: Husmennene utgjorde ei stødig arbeidskraft, som auka overskotet i jordbruket og skapte fleire varer som kunne omsetjast. Handverket som dei og innerstane utførte, skapte ein marknad for varetenester. Etterspurnaden etter arbeidskraft på gardane gjekk likevel ned frå 1860-åra av, med meir effektiv drift. Tilbodet vart òg mindre, for småkårsfolk tok til å skaffe seg anna arbeid. Dei kunne dra på fiske eller skaffe seg jord nordpå, dei kunne dra inn til byane, eller dei kunne utvandre. I 1854 vart arbeidsplikta for eigedomslause oppheva. Heller enn å tilverke alt sjølve, byrja bøndene å kjøpe tenester, slik at fleire kunne livnære seg på handverk. På gardane tok sesongarbeidande onnearbeidarar over for husmennene.

Tidskapsel: Husmannen og kvinna
Gunnar Gunnarson og kona Åsa Markusdotter var frå 1820-åra to av dei som leigde seg plass, på Eianeset, under garden Austerli i Skjold i Rogaland. Sildefisket var i sterk vekst, Gunnar dreiv fiske og fraktefart og tok på seg mindre arbeidsoppgåver, slik mange husmenn gjorde. På hus og jekt kunne Gunnar ta opp lån. Etter to tiår skreiv dei i 1842 kontrakt med bonden om plass på livstid og tomt til sommarfjøs. Før hadde Gunnar måtte arbeide på garden, no skulle dei heller betale to spesidalar årleg og noko tran, dersom dei heldt geiter. Dei var sikra levebrød.

Gjelda vart derimot for stor for Gunnar og Åsa. Plassen kunne berre fø éi ku og gi dei éi tønne med poteter. Fattigkommisjonen kravde til slutt skifte. Opprekninga av dei få eigedelane kunne ikkje dekkje gjelda. Dei to enda livet som fattiglemer på legd, det vil seie at dei fekk forsorg ved å gå frå gard til gard. Begge vart likevel ganske gamle, 87 og 76 år. Lagnaden deira liknar forteljinga til husmenn flest. Å feste husmannsplass gav tryggleik, med kontrakt var ein sikra hus og gjerne jord livet ut. Husmannsvesenet fanga slik opp folkeveksten og gav dei som ikkje arva gard, eit levebrød. Det var likevel eit karrig liv, med utrygge levekår.

«Marked på Stortorvet i 1843», måla av Ludvig V. Theodor Bratz. Eigar: Byantikvaren i Oslo. Kjelde: Digitalt Fortalt på digitaltmuseum.no. Inventarnr.: DF.6704. CC BY-SA 4.0.

«Marked på Stortorvet i 1843», måla av Ludvig V. Theodor Bratz. Motivet syner yrande folkeliv og marknadsbuer i Christiana, og midt i biletet ser vi Henrik Wergeland.  Eigar: Byantikvaren i Oslo. Kjelde: Digitalt Fortalt på digitaltmuseum.no. Inventarnr.: DF.6704. CC BY-SA 4.0.

Byvekst og industri

For mange bygdefolk var det å flytte til byen eit steg på vegen til utvandring. Mange vart likevel verande, men då kravet om pass for reiser innanlands vart oppheva i 1860, auka flyttestraumen. For å få fart på økonomien oppretta staten fleire byar på 1800-talet, ved å dele ut bynamn og gi rettar til handel. No kom det byar også i innlandet, som knutepunkt for samferdsel, handel og etter kvart tilverking av varer. Staten hjelpte byane i gang ved å byggje infrastruktur: vegar, jernbane og telegraf. Byveksten gjekk tregt, men tendensen var tydeleg: I 1800 budde ni av ti på landsbygda, hundre år seinare budde 37 prosent i byar. Mest voks hovudstaden Kristiania, med alle statsinstitusjonane, vareutførsel og ein veksande industri. 

Industrien kom tregt i gang samanlikna med det som skjedde i Storbritannia. Maskiner vart for det meste laga der, men vart ikkje eksporterte før frå 1842. For entreprenørar var det òg vanskeleg å skaffe kapital til investeringar, med eit svakt bankvesen og svekt eksporthandel. Med økonomisk vekst og import av maskindelar kom det etter kvart vind i segla. Spinneri og veveri var tidleg ute, så kom sagbruk og høvleri og varer til forbruk: fyrstikker, tobakk og alkohol. Mekaniske verkstader og støyperi laga maskinar og delar til fabrikkane, noko som forsterka industrialiseringa. Nokre byar vart reine industristader, mellom anna Fredrikstad og Sarpsborg.

Dei som fekk seg arbeid i industrien, kunne tene dobbelt så mykje som i landbruket. Eigedomslause tok seg difor lønsarbeid heller enn å feste plass eller ta teneste under andre. Skipsfart var ei anna næring, og den skapte ein sterk byvekst på Sørlandet. I byen kunne kvinner verte funksjonærar og arbeidarar, og fleire stod no på eigne bein. Industri og skipsfart skapte ny underordning til fabrikkeigaren og reiaren, ei slags vidareføring av gamal paternalisme, der eigaren heldt handa si over arbeidaren, men òg straffa ulydnad. På lengre sikt vart det sosiale bandet til husbonden likevel avløyst av den økonomiske kontrakten med bedrifta og eit upersonleg aksjeselskap. Noreg vart eit klassesamfunn. Med det kom større samhald innanfor klassene, og større konfliktar mellom dei.

Vekst i handelen

Økonomiske omsyn låg til grunn for utbygginga av samferdselen på 1800-talet, ein ville få den nasjonale handelen på fote. Embetsmennene gjekk sterkt inn for frihandel og vedtok fleire lover for større næringsfridom. Med få bankar som kunne gi kreditt, vart likevel statlege investeringar avgjerande for å få fart i veksten. Infrastruktur til transport og kommunikasjon var ein del av denne politikken, og teknologi vart ein viktig del av høgare utdanning. Staten skaut inn pengar og styrte utviklinga gjennom Indredepartementet, men la til rette for at drifta gjekk gjennom private selskap, eit utslag av den marknadsliberalistiske tenkinga.

Industrien naut godt av aukande etterspurnad. Ikkje berre vart det fleire folk, dei byrja å kjøpe varer heller enn å lage alt sjølve. Bøndene satsa heller på det som gav mest overskot og inntekter, og dei kjøpte varer og tenester med reine pengar. I byen fann dei ein marknad, hos dei som ikkje dreiv landbruk. Frislepp av retten til å drive handverk i 1839 og til å drive handel i 1842 gav endå meir næringsvekst. Tenesteytinga gjekk oppover. I 1835 stod primærnæringane for 70 prosent av verdiskapinga, i 1900 for 25 prosent, medan tertiærnæringane voks frå 22 til 47 prosent. Marknadsøkonomien var komen.

Eksporthandelen hadde ein trong start på 1800-talet. Napoleonskrigane knekte ryggen på norsk trelasteksport. Store handelshus gjekk konkurs, og etter 1814 vart norsk tømmer utkonkurrert av Canada. Så, frå 1830, starta oppturen igjen. Sjøfarten leidde an. Då britane i 1849 oppheva Navigation Act, som sette forbod mot varefrakt for andre enn engelske skip og skip som frakta varer frå sitt eige heimland, voks fraktefarten sterkt. Norske sjøfolk fekk godt rykte og reiarlaga mange oppdrag. Skipperane fekk enno betre omdøme, med navigasjonseksamen frå 1839. Den samla frakteevna tidobla seg frå 1830 til 1870, og talet på sjøfolk voks frå 5000 til 60 000. Utførselen av fisk og tran, trelast og varer frå gruvedrift voks òg. Tollen vart senka, og økonomien opna seg utover. BNP tredobla seg og vart monaleg større enn i Sverige. Noreg vart eit rikt land.

Utanrikspolitikk

I unionen hadde Noreg ikkje eigen utanrikspolitikk, og det var kongen som tok hand om mellomstatlege forhold. Stortinget hadde likevel sitt å seie. Kongen måtte melde frå om tankane sine og innhente fråsegn frå Stortinget før han kunne gå til krig, ifølgje Grunnlova. Dessutan løyvde Stortinget pengar til Forsvaret og avgjorde kor mange soldatar som kunne gå i krig utanlands. Ein handelsavtale, mellomrikslova, samla marknaden for dei to landa. Fleire særoppnemnde unionskomitear arbeidde for tettare samordning, men planane om eit felles forsvar og felles tollunion vart ikkje gjennomførte.

Den norske statsministeren var med i det svenske statsrådet, som behandla utanrikssaker, frå 1836. Dei komande tiåra fekk han stadig større innverknad på utanrikspolitikken. All godkjenning av handelstraktatar skulle leggjast fram for statsrådet etter 1842, og rådet skulle tilsetje konsular. Frå 1858 behandla det norske Indredepartementet norske konsulatsaker. I utlandet hadde Sverige-Noreg likevel felles konsular. Særleg eksporthandelen meinte at denne ordninga ikkje tente norske interesser godt nok. Til slutt var det denne saka som sprengde unionen.

Etter napoleonskrigane kom den nøytrale linja tilbake i norsk politikk. I 1826 vart den russisk-norske grensa forhandla fram på fredeleg vis, og dermed var grensene for det moderne Fastlands-Noreg trekte, ei frukt av Karl Johan si tilnærming til Russland etter 1812. Framleis var Norden svært avhengig av stormaktene, særleg Storbritannia. Då engelske smuglarar rømde frå varetekt i Bodø i 1818, pressa britane og den svenske utanriksministeren Noreg til å betale ei vanærande erstatning. Norske politikarar lærte at Sverige ikkje brydde seg om norske interesser, ein verkebyll gjennom heile unionstida.

Russarfrykta var sterk i svensk-norsk politikk. Frå offisielt norsk hald vart det hevda at russarane ville erobre isfrie hamner i Nord-Noreg. Redselen hadde lite rot i røyndomen. Men Russland ønskte ikkje eit sterkt Sverige-Noreg og avviste å støtte Karl Johan sitt forsøk på statskupp, noko som verna om norsk sjølvstende. Britane pressa meir på, men kongen og Stortinget strekte seg langt for å halde venskapet vestover ved like. Håpet var at den britiske flåten ville forsvare kysten dersom nøytraliteten slo feil. Under Krimkrigen vende Oscar 1. seg endå tydelegare mot vest. I 1855 underteikna han ein anti-russisk avtale med Frankrike og England. Eit storting i russarfrykt klaga ikkje, sjølv om det ikkje var underretta på førehand, slik stasskikken kravde. Dermed var det slutt på nøytraliteten, englandslinja vart førande.

Skandinavisme

Etter unionsoppløysinga i 1814 ivra mange danske intellektuelle for eit dansk-norsk kulturelt samarbeid. Denne skandinavistiske rørsla fekk ei viss oppslutning også i den norske eliten. Særleg stod han sterkt mellom studentar. I 1840-åra fekk rørsla eit politisk preg, med mål om nordisk samling. Grunnlaget var delvis felles kultur, ein utvida nasjonalisme, men vel så viktig var tryggleikspolitikken: Eit samla Norden ville stå sterkare mot eit tenkt russisk trugmål i nord, og eit tysk i sør. Norske skandinavistar håpte at Danmark ville vege opp for den svenske overmakta. Karl Johan såg derimot mørkt på den liberale grunntonen i rørsla.

Skandinavismen fekk så vind i segla, med tilspissa dansk-tyske forhold frå 1848. Oscar 1. la seg dessutan no meir frampå utanriks. Han håpte å utnytte stemninga til ei nordisk samling under huset Bernadotte, noko som verka mogleg med ei utdøyande dansk kongeslekt. Helst ville han også vinne tilbake Finland, som Sverige hadde tapt i 1809. Med eit svekt Russland verka spelerommet større. Då det danske landskapet Slesvig kom under åtak frå Preussen og Austerrike i 1864, ville sonen, Karl 4., sende svensk-norske troppar til hjelp. Riksdagen og Stortinget nekta derimot å gå med på det. Trass i sterk kongeleg propaganda var også folk flest imot ei nordisk samling, og det vart slutten for den politiske skandinavismen.

Regimet framfor stupet

Gjennom to mannsaldrar etter 1814 heldt embetsmennene stramt på makta, ikkje berre på Stortinget, men òg i kommunestyra og formannsskapa. Med folkeveksten vart embetsklassa likevel stadig færre målt mot folketalet elles. Mindretalet kom under press då den politiske oppvakninga kom. Frå midten av hundreåret byrja bøndene å stemme på eigne representantar lokalt, og dei kom i fleirtal blant ordførarane. I 1860-åra kom bondevenlaga, foreiningar som samla seg om landbruket, med kvass kritikk av embetsmennene. Bøndene tok styringa på ein heilt ny måte. Med utgangspunkt i bondevenlaga danna dei eigne ordningar, til dømes sparebankar og forbrukarforeiningar. Frå bondevenene voks det fram ei nasjonal rørsle, venstrerørsla.

Som konservativ kraft vart embetsmennene utfordra av liberale tingmenn frå valet i 1850 og utetter, mellom dei Søren Jaabæk, stiftaren av bondevenene, og Johan Sverdrup. Der Jaabæk vart for radikal og miste oppslutning, tok Sverdrup over som opposisjonsleiar. Partidanning var det framleis sterk motstand mot, det vart kalla ein trussel mot nasjonale interesser. Forsøk vart fordømde og nedkjempa, men frå 1869 fekk Sverdrup samla eit fleirtal av representantane på Stortinget. Saman tvinga dei statsrådar til å gå av og regjeringa til å lytte stadig sterkare til Stortinget. Fleirtalet skulle no for alvor gjere seg gjeldande i norsk politikk.

Sambandet med Sverige knaka no i samanføyingane. Politikarar reiste stadig sterkare krav om medverknad i utanrikspolitikken, og pressa klaga over at det ikkje vart teke omsyn til norske interesser. I Noreg styrte ein kongeleg oppnemnd statthaldar regjeringa, ei særordning som vart oppfatta som ei underordning. Stortinget vedtok å avskaffe statthaldaren, noko kongen først avviste i 1854, men så lova å innfri i 1859. Den svenske Riksdagen skaut derimot planane i senk, kravde formell norsk underordning i ei ny rikssakt og eit nytt unionsparlament. Stortinget hevda at det braut med likestillinga mellom dei to landa. Det bryggja opp til strid.

Kjelder

Roald Berg: Norsk utanrikspolitikk etter 1814. Oslo 2016

Ståle Dyrvik: Den demografiske overgangen. Moderniseringsprosessens verknad på mortalitet og fertilitet. Bergen 2004

Knut Dørum: Frå undersått til medborgar. Styreform og politisk kultur i Noreg 1660 til 1884. Oslo 2016

Anders Johansen og Jens E. Kjeldsen: Virksomme ord. Politiske taler 1814‒2005. Oslo 2005

Karl Marx og Friedrich Engels: Det Kommunistiske manifestet. Kristiania [1848] 1921

Jan Eivind Myhre: Norsk historie 1814‒1905. Å byggje ein stat og skape ein nasjon, bd. 3 av Norsk historie frå vikingtid til vår tid. Oslo 2015

Jan Eivind Myhre: «Den eksplosive byutviklingen 1830‒1920», i Knut Helle ofl. (red.): Norsk byhistorie. Urbanisering gjennom 1300 år. Oslo 2006

Jon Neergaard: En Odelsmands Tanker om Norges nærværende Forfatning. Christiania 1830

Bo Stråth: Union og demokrati. Dei sameinte rika Noreg-Sverige 1814‒1905. Oslo 2005

Ole Severin Aavatsmark: Hans Barlien. En norsk bondefører. Trondheim 1954

Narve Bjørgo, Øystein Rian og Alf Kaartvedt: Selsvtendighet og union. Fra middelalderen til 1905, bd. 1 av Norsk utenrikspolitikks historie. Oslo 1995. Digital utgåve, nb.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2014032406025

John Neergaard: Ola-boka. Kristiansund 1978. Digital utgåve, nb.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2013061808073

Anton Martin Schweigaard: «Det, som maa mødes med Bly og Jern», tale på Stortinget 23.8.1851, frå Storthings-Efterretninger 1836–1854, bd. 3., s. 1105–17 og 680–685, Christiania 1904. Digital utgåve Virksomme ord, virksommeord.no: http://virksommeord.no/tale/32/ [lesedato: 12.8.2019]

Nils Olav Østrem: «Husmannsliv og husmannstid. Husmenn i Skjold og Vats», Arbeid, armslag, armod. Husmenn og husmannsordningar på Sørvestlandet. 2000. Digital utgåve, nb.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2011032108125?page=109

Peikarar

Arkivverket: «Nyere historie (1814–)», arkivverket.no

Digitalt Museum: «19. århundre», digitaltmuseum.no

Eidsvoll 1814: «1814 og Grunnloven», eidsvoll1814.no

Ivar Aasen-tunet: «Ivar Aasen», aasentunet.no

Kartverket: «Kartverkets historiske arkiv», kartverket.no

Lokalhistoriewiki: «Forside: 1800-tallet», lokalhistoriewiki.no

Nasjonalbiblioteket: «Grunnloven høsten 1814 etter unionen med Sverige», nb.no

Nasjonalmuseet: «Brudeferd i Hardanger», nasjonalmuseet.no

Nettstaden til Fortidsminneforeningen, fortidsminneforeningen.no

Projekt Runeberg: «Norske Folkeeventyr», runeberg.org

Statsministerens kontor: «1814–1905 Frihet og union. Statsministerens kontor og forløperne», regjeringa.no

Statistisk sentralbyrå: «Historisk statistikk: Befolkning», ssb.no

Stortinget: «Stortingets historie», stortinget.no

Universitetet i Oslo: «1830–1870: bygging av stat og nasjon», norgeshistorie.no

Virksomme ord: «Norske politiske taler», virksommeord.no

Først publisert: 16.12.2019
Sist oppdatert: 13.01.2020