Hopp til innhold
Det reine norske flagget vert heist 9. juni 1905 etter at Stortinget hadde vedteke at unionen med Sverige skulle oppløysast. Foto: Anders Beer Wilse / oslobilder.no. CC BY SA 3.0.
Det reine norske flagget vert heist 9. juni 1905 etter at Stortinget hadde vedteke at unionen med Sverige skulle oppløysast. Foto: Anders Beer Wilse / oslobilder.no. CC BY SA 3.0.
X
Innhald

Norsk historie 1870–1914 – nye rettar, nye krefter

I tida mellom 1870 og 1914 kravde folk flest makt over politikken i Noreg. Noreg frigjorde seg frå Sverige, og kvinner frigjorde seg frå mennene. Staten tok sterkare styring, og både by og land fekk ny kraft. Mange utvandra til USA. Moderne liv skapte nye utfordringar og nye utvegar.

Noreg hadde vorte eit meir samla land på 1800-talet. Ei kraftig utbygging av samferdselen kring hundreårsskiftet fullførte jobben – jernbanen til lands, dampskipa til sjøs. Kontakten mellom folk vart dessutan sterkare på grunn av fleire presseorgan og ein landsdekkjande telegraf. Kulturelt var landet likevel framleis delt, meinte fleire – i ein norsk folkekultur og ein dansksinna elitekultur. Politisk viste kløyvinga seg mellom embetsstyret i hovudstaden og ein ny bondevenleg opposisjon.

Frå 1870-åra spissa striden seg, mellom dei folkevalde på Stortinget og regjeringa, som var utpeika av kongen. Stortinget vann over regjeringa i 1884, eit nederlag for kongen – og på lengre sikt også for den svensk-norske unionen. Ut av tvikampen voks dei første partia fram, der Venstre kravde stadig større folkemakt, og fekk stortingsfleirtal i løn. Kampen for kulturelt sjølvstende fekk med det ei politisk slagkraft. I 1905 vart kampen fullbyrda, då Stortinget oppheva unionen med Sverige.

Staten tok no større ansvar for sosial nød og styrkte velferda. Nye grupper skauv politikken i ny retning. I 1898 vart allmenn stemmerett vedteken, for myndige menn. Kvinnesaka skapte stor strid, men hadde støttespelarar på Stortinget og vann stadig fram. Viktigast var det at kvinnene sjølv organiserte seg i eigne lag. Etter harde dragkampar fekk kvinner endeleg full stemmerett i 1913.

Industrien blomstra. På same måten som jernbaneutbygginga kravde han mykje arbeidskraft. Arbeidarklassa vart større og kravde betre velferd og større politiske rettar. Ordskiftet vart partipolitisk. Storindustrien kravde òg maskinkraft, og med det ny teknologi og store investeringar. Utanlandsk kapital spekulerte i vasskraft, men staten slo så under seg vassdraga. Landbruket og fisket vart likeins mekaniserte. Bygdelivet vart raskare og flyktigare. Mange braut opp frå det gamle, og fleire vandra ut. Fellesskapen vart oppløyst og sett saman på ein ny måte. Den moderne tida melde seg.

Tidskapsel: Telegrammet
Gjævran gard, Steinkjer, 10. juni 1880: Med telegraf får Fredrikke Marie Qvam ei melding frå dagen før, ei god stund før avisene kjem: «President Sverdrups promulgasjonsforlsag vedtatt.» Avsendaren er mannen hennar, stortingsmann Anton Qvam. Fleirtalet på tinget vil altså promulgere, det vil seie kunngjere, eit vedtak om at statsrådane skal møte for dei folkevalde. Det er den store politiske striden i samtida. For Anton er det ein av fleire demokratiske sigrar, ved sida av jury i rettssaker og allmenn stemmerett. Kampane delte han med Fredrikke, ho var del av ein ny generasjon kvinner, som heva si eiga politiske røyst. Det er difor Anton sender telegrammet, for ho «får ikke sove for trontaler, statskupp», men «våkner med skrik og febergys».

Samlivet mellom Anton og Fredrikke var ofte fjernt i avstand, for han sat på Stortinget, medan ho styrte garden. Elles var det nært, også i sak. I 1888 vedtok eit storting dominert av Venstre, der Qvam var formann, at kvinner var fullt myndige. Samtidig sat Fredrikke i styret for Norsk Kvinnesaksforening. Seinare stifta ho Norske Kvinners Sanitetsforening og vart leiar i Landskvinnestemmerettsforeningen. Slik leidde ho kampen for kvinneleg frigjering og stemmerett. Då mannen vart statsminister i Stockholm i 1902, stod ho på eigne bein i Kristiania og hadde ikkje tid til å følgje med. Anton førte på si side radikale saker, uhøyrde for ein embetsmann nokre tiår tidlegare, langt mindre for ein statsminister. For begge var kampen for sjølvstende frå Sverige viktig.

Venstrerørsla og høgrelaga

Partiet Venstre voks ut av ei politisk samling mellom bøndene i foreiningar som vart kalla bondevenene, i 1860-åra. Politisk kjempa venstrerørsla mot embetsmennene sitt overstyre frå hovudstaden og mot overstyret frå Sverige. Radikale byfolk engasjerte seg i denne klassekampen. Saman kravde venstrerørsla større folkemakt, nasjonalt gjennom Stortinget og lokalt gjennom formannsskap og kommunestyre. Embetsmennene i regjeringa vart sedde på som fiendar av folket og av norsk sjølvstende. Sjølv såg dei konservative det som ein kamp mot radikale krefter og eit forsvar både for statsforfatninga, samfunnet og moralen.

I 1870-åra danna fleire stortingsmenn ei opposisjonell fylking. Avisene byrja å nytte uttrykka «høgre» eller «embetspartiet» om konservative som støtta regjeringa, og «venstre» eller «folkepartiet» om motstandarane. Venstrerørsla mobiliserte sterkt, gjennom folkemøte og aviser, med Johan Sverdrup som partileiar og folkeførar. Konservative såg derimot mistruisk på «partityranniet», som dei meinte braut med Grunnlova. Som mottrekk mot venstrelaga danna høgrefolk likevel partilag frå slutten av 1870-åra. Veksten i lokallag skaut så fart ved stortingsvalet i 1882. Partiordninga fekk eit gjennombrot, og i 1884 skipa Venstre og Høgre nasjonale partilag.

Johan Sverdrup. Foto: Statsministerens kontor. Med løyve for Allkunne.

Johan Sverdrup. Foto: Foto: Statsministerens kontor.

Stortingsmakt og vetostrid

Under unionen med Sverige vedtok Stortinget nye norske lover. Men svenskekongen kunne utsetje lovvedtak, og det var han som utnemnde regjeringa, uavhengig av kven som var vald til Stortinget. Kring 1870 styrkte så både Stortinget og regjeringa seg, regjeringa ved å oppnemne ein norsk statsminister. Stortinget fekk større kraft ved at dei no møtte årleg og hadde lengre samlingar. Konservative embetsmenn kjempa for sterkare kongemakt, med rett til å oppløyse Stortinget og skrive ut nyval. I 1872 vedtok Stortinget at statsrådane skulle møte for tingsamlinga og stå til politisk ansvar for dei folkevalde. Kongen nekta å sanksjonere vedtaket. Regjeringa stod på hans side, men mange konservative var for vedtaket. I 1880 nekta kongen for tredje gong.

Striden stod no om kongen hadde endeleg veto på endringar i Grunnlova, eller berre utsetjande veto. Saka skapte ei stor politisk oppvakning, hjelpt fram av påtrykk frå folkemøte, presse og flygeblad. Valdeltakinga auka sterkt, 72 prosent gjekk til urnene i 1882, mot 48 prosent i 1879. Frontane var steile. I trontalen før valet refsa Oscar 2. Stortinget for «de uhellsvangre følger» ved å rokke ved statsordninga. «Et opprop som setter Norges folk intet annet vilkår enn seier eller uderkastelse», kalla Sverdrup det på eit stort folkemøte – «Vi skal sigre!» ropte tilhøyrarane til svar. Fleire høgrefolk rådde kongen til å ta til våpen, og statsministeren og kongen drøfta faren for statskupp. Folkevæpningssamlaga, samordna skyttarlag med 20 000 medlemer, lova derimot «riflering» kring Stortinget.

Venstrerørsla vann valet, med 83 av 114 mandat. Dermed kunne Stortinget no rå over riksretten, ein domstol som var samansett av 2/3 frå Lagtinget og 1/3 høgsterettsdommarar, og som kunne føre straffesaker mot regjeringa. Høgsterett var ein konservativ bastion, men følgde Grunnlova. Kupp-planane vart det ikkje noko av. Dei fleste statsrådane vart frådømde embetet sitt i 1884, for å ha hindra samarbeidet mellom regjeringa og Stortinget. Regjeringa måtte gå av. Kongen prøvde først å finne ein ny embetsmann til statsminister, men måtte til slutt peike på Sverdrup.

Parlamentarisme og parti

Parlamentarisme blir statsskikken etter 1884 kalla. Ei regjering måtte no ha støtte frå fleirtalet i parlamentet, altså Stortinget. For å styre politikken kunne Stortinget tvinge regjeringa til å gå av, ved å stemme for mistillit. For å få gjennomslag for ei sak kunne regjeringa på si side truge med å gå av, ved å stille kabinettsspørsmål. Gjennom dei folkevalde avgjorde dermed folket kven som skulle sitje i regjering, ikkje kongen. Monarken miste dessutan meir makt ved at endeleg vetorett fall bort også i vanlege lovsaker. Omskiftet skjedde likevel ikkje over natta. Oscar 2. hindra framleis utnemninga av statsrådar som han ikkje likte. Regjeringa sjølv forankra i liten grad politikken i stortingsgruppa si den første tida. Embetsmenn heldt framleis grepet om ministerpostane, og på Stortinget sat det mest akademikarar.

Venstrerørsla var samansett. Sverdrup hadde verka samlande i sine harde ord mot makta, men som statsleiar greidde han ikkje å halde partiet saman. Radikale venstrefolk i byane ville nytte offentlege midlar til store reformer, men møtte motstand frå dei moderate og sparevenlege på landsbygda. Ved valet i 1889 vart Venstre kløyvd i to, og Sverdrup måtte gå av. Høgre fekk då flest stemmer og kom til makta, men stifta dermed òg den første mindretalsregjeringa, støtta av det nye Moderate Venstre. Den radikale linja stod likevel sterkt i Venstre. Då regjeringa for første gong gjekk av på kabinettsspørsmål, i 1892, gjekk fleire moderate tilbake til moderpartiet. Idet unionskampane hardna til, sat eit uforsonleg Venstre i førarsetet.

Anna Rogstad på Stortinget , datert 19.3.1911. Foto Nasjonalbiblioteket, Flickr.com CC BY

Anna Rogstad på Stortinget, datert 19.3.1911. Dette året vart Rogstad den første norske kvinna på Stortinget. Foto: Nasjonalbiblioteket på flickr.com. CC BY.

Kvinnesak

Kvinner hadde frå gamalt av ei viktig økonomisk rolle. Dei stelte i fjøset og styrte i heimen, medan mannen fiska og arbeidde på åkeren og i skogen. Kvinner skaffa dessutan familien biinntekter, med vasking og sying. Konene til viktige menn kunne òg gjere seg gjeldande politisk, ved å påverke avgjerder og vere med i diskusjonar som gjekk føre seg i heimen. Etter 1814 vart politikken så flytta ut til offentlege møtestader, der kvinner ikkje fekk vere med. Stemme fekk dei heller ikkje. Folkemakt var altså framleis mannemakt. Eigedom var likevel det som klarast avgjorde kven som hadde politiske rettar, og ikkje lenge etter 1814 kom det framlegg om at eigande kvinner burde få stemme ved val. I 1833 vedtok Stortinget å gi enkjer stemmerett, noko kongen nekta å sanksjonere.

Kvinner sin rett til næring kom dermed først. Marknadsliberal ideologi opna for reformer som gagna kvinnene. Kvinner utan forsørgjar fekk rett til å drive nokre handverk frå 1839, og handel med innanriksvarer frå 1842. I 1860 fekk einslege kvinner drive alle slags handverk, i 1866 all slags handel. Gifte kvinner måtte derimot vente til 1894. Stadig fleire kvinner vart funksjonærar, lærarar og arbeidarar. Dei var ettertrakta, for dei fekk mindre løn. Kvinner kunne slik enklare livnære seg sjølve, men det nye lønsarbeidet svekte òg kvinnene. Produksjonen vart fjerna frå heimen, kvinneleg gardsarbeid vart ikkje rekna som økonomisk verdiskaping, for det gav ikkje inntekt. Heimegåande kvinner vart rekna som arbeidslause, forsørgde. Samtidig vart heimearbeidet tyngre, med fleire barn og strengare krav til husstellet.

Både politisk og økonomisk frigjering svekte slik først kvinnene si stilling. På lengre sikt vann likevel tankar om likeverd fram. Før fekk kvinner halvparten så mykje arv som det brørne fekk, men i 1854 fekk dei lik arverett, noko bønder hadde føreslått alt i 1815. Ugifte kvinner vart myndige i 1863. Dei kunne då inngå avtalar utan verje, medan gifte kvinner måtte vente til 1888. Framstega skjedde likevel ikkje utan kamp. Den første lokale kvinneforeininga kom i 1826. Kvinnelag pressa på for nye rettar og øvde medlemene i politisk verksemd. I 1884 vart Norsk kvinnesaksforening stifta, med stortingsmannen Hagbard Berner som formann. På byrjinga av 1900-talet fekk endeleg kvinner tilgang til statlege embete, men framleis låg den største kampsaka open, nemleg stemmeretten.

Fleire med stemmerett

Etter Grunnlova hadde berre myndige menn med stor nok eigedom stemmerett, i tillegg til embetsmenn. Med den økonomiske veksten fekk fleire stemmerett, men folkeveksten var sterkare, så prosentdelen med stemmerett gjekk ned. Det same gjorde valdeltakinga. I 1870 kunne berre 4,7 prosent stemme, medan knapt 2 prosent gjorde det. Allmenn røysterett vart eit stadig sterkare krav frå småkårsfolk. Før valet i 1882 aksjonerte eigedomslause ved å kjøpe opp myrland, for å få stemmerett. Slik organisert utviding nedanfrå gjorde det nye Stortinget derimot raskt slutt på ved å krevje ein viss verdi på eigedomen. Samtidig vart høg nok inntekt sett som grunnlag for stemmeretten, men det gav berre 23 000 fleire høve til å stemme. Over 85 prosent av dei over 25 år måtte framleis finne seg i å stå utanfor.

Allmenn stemmerett var ikkje ei samlande sak for Venstre. Bønder og moderate var særleg tvilande til å gi arbeidarar politiske rettar, dei frykta ei radikal utvikling som i Europa elles. Sverdrup uttalte at landet ville verte umogleg å styre med allmenn stemmerett, og saka vart avgjerande for partikløyvinga. I 1887 vart samtidig Arbeidarpartiet stifta, med allmenn stemmerett som det fremste kravet. For å halde på stortingsgrunnlaget støtta Venstre då sterkare opp om saka. I 1897 gjorde partiet eit brakval, med over 2/3 av mandata. Året etter fekk alle myndige menn stemmerett. Folk på fattigstønad var derimot rekna som umyndige og måtte vente til 1919. Dessutan stod framleis halvparten utanfor, nemleg kvinnene.

Norske Kvinners Nasjonalråd 1904. Frå v.: Karen Grude Koht, Fredrikke Marie Qvam, Gina Krog, Betzy Kjelsberg og Katti Anker Møller. Foto Nasjonalbiblioteket, Flick.com CC BY

Norske Kvinners Nasjonalråd 1904. Frå venstre: Karen Grude Koht, Fredrikke Marie Qvam, Gina Krog, Betzy Kjelsberg og Katti Anker Møller. Foto Nasjonalbiblioteket på flickr.com. CC BY.

Mannsmakt for fall

Fleire politikarar var for kvinneleg stemmerett, til og med i Høgre. Konservative akademikarar var derimot høgrøysta imot. Dei hevda at studiar og politikk skadde kvinnene sin natur og forstand. Mange søkte difor ei forsiktig linje, også i Norsk kvinnesaksforening. Gina Krog talte dei midt imot og sa at «man har mere sikkerhed for, at de kvinder, som stemmeretten blev udvidet til, er i besiddelse af den fornødne intelligens […] end mange af de mænd, som allerede nu er i besiddelse af stemmeret». Ho braut ut og danna Kvinnestemmerettsforeningen i 1885, der fleire av dei første kvinnelege studentane melde seg inn. Venstremannen Viggo Ullmann, bror av ein av medlemene, Ragna Nielsen, vart talsmannen deira på Stortinget.

Allmenn stemmerett for kvinner møtte kraftig motstand. Ikkje før i 1890 kom forslaget til votering, og leid eit klart nederlag. Då allmenn mannleg stemmerett vart vedteke i 1896, vart kvinneleg stemmerett på ny nedstemt. Kvinnestemmerettsforeningen gav opp den radikale linja og ville no ha avgrensa stemmerett for dei med høg nok inntekt. Fleire, mellom dei Krog, danna då Landskvinnestemmerettsforeningen, til kamp for den radikale linja. I 15 år pressa dei på. Velståande kvinner fekk stemmerett først, i 1901 ved kommuneval og i 1909 ved stortingsval. Då kvinner ikkje fekk ta del i folkeavstemminga om unionssaka i 1905, skaut saka fart. Kvinnene samla sjølve inn 280 000 underskrifter og synte på den måten evne til allmenn demokratisk deltaking. I 1910 fekk alle kvinner stemme ved lokalval. I 1913 vedtok Stortinget einstemmig at myndige kvinner fekk stemme også ved nasjonale val. Noreg var det første suverene landet som innførte allmenn stemmerett for kvinner.

Kjernefamilien og dei einslege

Folkeveksten var sterk, frå 1,73 millionar i 1870 til 2,43 i 1914. Dermed vart det fleire kjernefamiliar, men sjølve hushalda vart mindre enn før, frå eit gjennomsnitt på 5,3 i 1800 til 4,3 i 1900. Det kom delvis av at det på gardane budde færre som ikkje høyrde til familien. I 1845 var det 180 000 tenarar, i 1900 var det 120 000. Samtidig vart det fleire einslege, noko som var vel så viktig. Med fleire fattige hushald måtte fleire flytte heimanfrå tidlegare. Dei flytta ut før dei var gifte, gjerne ved å rydde seg husmannsplass. Og fleire tok seg lønsarbeid. Ekteskap vart då mindre viktig for å livberge seg, så færre gifta seg på ny dersom ektemaken fall frå. Sidan det var flest menn som utvandra, vart det fleire ugifte kvinner. Nye former for hushald oppstod. I byane danna einslege kvinner gjerne kollektiv.

På byrjinga av 1800-talet var barn utanfor ekteskap ulovleg. Farskap var vanskeleg å påvise, så ugifte mødrer vart ofte ståande åleine. Sjølv om forbodet forsvann, levde mange mødrer framleis i skam og i økonomisk uføre. Barna vart skadelidande, framleis døydde dobbelt så mange spedbarn som hadde einslege mødrer. Mot slutten av hundreåret tok Stortinget ansvar, med banebrytande lover som skulle sikre betre familieliv og barnerettar. Frå 1892 vart krava om bidrag frå fedrane skjerpa, og i 1915 garanterte staten for innkrevjinga. Med «dei castbergske barnelovene» i 1915 fekk barn namn og arv frå ugifte fedrar. Det offentlege tok òg omsorg for foreldrelause, med den første barnevernslova i verda i 1896. Barneasyl, pass på dagtid, gav ugifte mødrer høve til å gå på arbeid. For gifte vart det enklare å vere heime, med veksande realløn. Medvitet om at husstellet var viktig for helsa, gjorde at styresmaktene gjekk inn her òg, med statlege husmorskular frå 1908.

Kø framfor billig matutsal i 1913. Foto: Andreas Beer Wilse. Eigar: Oslo Museum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: OB.Y1972. CC CC0 1.0.

Kø framfor billig matutsal i 1913. Foto: Andreas Beer Wilse. Eigar: Oslo Museum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: OB.Y1972. CC CC0 1.0.

Velferd

Staten tok slik meir av børa for folk. Noreg vart eit betre velferdssamfunn – sosialhjelpstaten er tida etter 1870 kalla. Sosiale problem var det nemleg mange av. Skilnadene mellom folk var store, og arbeidsløyse og uførleik skapte stor nød. I Kristiania var 1/5 av innbyggjarane på fattigstønad kring 1870. Før vart fattigfolk sende rundt på gardane, på såkalla legd. Framleis drog sivilsamfunnet mykje av lasset, og det kom mange nye frivillige organisasjonar som dreiv med filantropi, humanitær hjelp til folk flest. Mellom dei var fråhaldslaga, for aukande fyll skapte helseskade og ruin for fattigfolk, noko også arbeidarforeiningane forbanna. Liberal lovgiving hadde her ført til meir brenning, sal og import av sprit, men no greip styresmaktene inn med kommunal einerett for brennevinssal i 1871.

Lenge var sosialstønad ei kommunal sak. Stortinget frykta høge utgifter, og embetsmenn ønskte lite statleg innblanding. Ikkje før i 1894 fekk Stortinget ein sosialkomité. Men etter det kom reformene som på ei snor. Venstreregjeringa sette ned ein arbeidarkommisjon i 1885, og i 1892 kom den første arbeidarvernlova. Ulykkesforsikring kom i 1894, den første offentlege trygdeordninga. Sjuketrygd for lågtlønte arbeidarar vart vedteke i 1909. Fagrørsla sine kasser for støtte til arbeidslause fekk offentlege løyvingar frå 1906. Frå 1897 fanst det kommunale kontor for arbeidsformidling. Arbeidarvernlova innførte forbod mot barnearbeid i industrien. Barndomen vart betre, medan løna for vanlege arbeidarar vart utsett for mindre press frå lågtlønt barnearbeid.

Staten investerte altså i betre velferd. Det kosta, men færre uføre og ungar som heller tok utdanning enn arbeid, gav økonomisk utvikling på lang sikt. Framleis var uførleik og arbeidsløyse likevel støtta gjennom forsikringsordningar. Arbeidarrørsla hadde pressa på for offentlege velferdsordningar, finansiert gjennom skatteinntektene. Venstre og Høgre hevda at sosiale problem måtte løysast som sjølvhjelp, løyvd til og utbetalt frå private kasser. Det fekk gjennomslag. Ikkje før femti år seinare kom velferdsstaten, med folketrygda, finansiert gjennom skattesetelen.

Levekåra vart stadig betre for folk flest. Helse i seg sjølv vart òg ei sak for det offentlege. Fleire sjukehus og mange legar, særleg målt opp mot andre land, gav mindre sjukdom. Ei eiga helselov, frå 1860, gav kommunane pålegg om betre helsestell. Den forventa levealderen skaut i vêret, frå 47 år i 1870 til 60 i 1920. Ved midten av 1800-talet hadde fleire tusen døydd i koleraepidemiar. Nye lover om isolasjon og vaksine fekk bukt med utbrota, likeins med spillsjuka (lepra), etter at den norske legen Armauer Hansen oppdaga leprabakterien i 1872. Framleis fekk folk tuberkulose, men dei fekk no betre stell på eigne pleieheimar.

Norsk-amerikanar i arbeid. Utvandring til Amerika. Foto Severin Worm-Petersen-Norsk Teknisk Museum. Henta frå digitaltmuseum.no med lisens CC BY 4.0.jpg?w=600

Mellom 1836 og 1915 utvandra godt og vel 750 000 nordmenn til Amerika. Bilete viser ein norsk-amerikanar i arbeid, ein gong mellom år 1890–1920. Foto: Severin Worm-Petersen / Norsk Teknisk Museum. Henta frå digitaltmuseum.no med lisens CC BY 4.0.

Utferd

For mange var utvandring, mest til USA, ein opplagd veg ut av fattigdomen. Amerikansk lovgiving opna i 1862 for enklare eigedomsrett for nye innflyttarar, der alle som kom, fekk 650 mål jord. Uår i 1860-åra forsterka ressurspresset i Noreg og skapte ei masseutvandring. Over 750 000 nordmenn utvandra fram til 1915, dei fleste til USA og Canada. Sjølv om ein fjerdedel kom heim att, tok utvandringa unna ein del av folkeveksten. I ei særleg sterk bølgje i 1881/82 gjekk folketalet faktisk ned. Dei som vart att i Noreg, fekk større armslag. Mange valde likevel å følgje etter, for snart kom det brev om kor stort og flott det var i Amerika. Ferdig betalte billettar følgde gjerne med i breva.

I byrjinga drog det flest frå dårlege jordbruksområde i innlandet og dei indre fjordbygdene. Økonomisk krise i Agder skapte så ei bølgje av utvandrarar derifrå på slutten av 1870-åra. Dessutan var det stor utvandring frå Rogaland. Dei fleste drog til Midtvesten, mest til Minnesota og Wisconsin. I byrjinga drog mennene først og rydda seg gard, før kvinnene kom etter. Etter kvart reiste like mange einslege, kvinner som menn. Med sterk kontakt mellom dei som vandra ut, og mykje tilbakevandring, danna det seg ein kultur for amerikareiser. Amerikafeberen herja: «Starta først utvandringa i ei bygd eller ein by, lét ho seg knapt stanse», ifølgje Nils Olav Østrem.

Slåttonn rundt 1910 i Sogn og Fjordane. Frå midten av 1800-talet avløyste ein heilt ny reiskapskultur meir gamaldagse reiskapar. Hestekraft avløyste menneskekraft. Hesten og slåmaskina arbeidde fortare og vann over meir enn det mange menneske tidlegare hadde greidd i slåttonna. Foto: Paul Stang, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Flickr.com (falle i det fri).

Slåttonn rundt 1910 i Sogn og Fjordane. Frå midten av 1800-talet avløyste ein heilt ny reiskapskultur meir gamaldagse reiskapar. Hestekraft avløyste menneskekraft. Hesten og slåmaskina arbeidde fortare og vann over meir enn det mange menneske tidlegare hadde greidd i slåttonna. Foto: Paul Stang, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Flickr.com (falle i det fri).

Hamskiftet

Gjennom 1800-talet var landbruket framleis den største næringa. Folkeveksten sikra først mykje arbeidskraft, men fleire søkte etter kvart lykka i anna arbeid. I 1900 dreiv berre ein tredjedel av folket med landbruk, mot halvparten i 1870. Færre måtte då produsere mat for fleire, som berre var mogleg gjennom store forbetringar. Nye maskiner og reiskapar fann vegen ut på åkrane, for å pløye og så, treske og slå. Etter kvart kom traktorane, med fleire hestekrefter enn den eine.

Avlingane vart større, ein kunne selje meir av landbruksprodukta vidare. Og spesialiseringa vart sterkare. Meir korn vart importert, så mange satsa heller på avkastninga frå husdyrhald. Mjølkeseparatoren kom, sal av smør og feitost auka, og meieria skaut fart. Betre samferdsel gjorde varetransporten enklare. Bøndene danna salslag og samvirkelag, frå hundreårsskiftet felleskjøp. Samarbeidet vart større, produksjon ei plikt overfor andre. I staden for å drive sjølvberging produserte bøndene for ein nasjonal marknad.

«Det store hamskiftet i bondekulturen» kalla forfattaren Inge Krokann det i 1942. Nemninga fengde tvert. Store endringar skjedde på eit par mannsaldrar. Landbruket vart politisert, med stortingskomité i 1889 og departement i 1900. Nye landbruksskular førte til ei profesjonalisering av bondeyrket. Og i 1897 kom landbrukshøgskulen på Ås. Maskiner og marknaden dreiv garden. Landbruket bygde ikkje lenger på tradisjonar, for ytre krefter pløgde seg fram. Med på lasset kom mindre sjølvstyre, men òg nytt samhald og utsikta til eit enklare liv. Bygdelivet fekk ei ny form. For Krokann var dei ytre trekka viktigast, men innhaldet endra seg nok like mykje.

Ombord i eit dampskip på Femundsjoen 1890-1910. Foto Severin Worm-Pettersen, Norsk Teknisk Museum. Lisens CC BY 4.0.jpg?w=600

Tre menn om bord i eit dampskip rundt år 1900 på Femundsjøen. Frå midten av 1800-talet vart det etablerte faste dampskipsruter i Noreg. Foto: Severin Worm-Pettersen / Norsk Teknisk Museum (inventarnr. NTM UWP 24220). Henta frå digitaltmuseum.no. Lisens CC BY 4.0

Sjøfarten – frå fulle segl til havari

Andre sektorar enn landbruket tok stadig meir over for den samla verdiskapinga. Frihandel stod sterkt, tidlegare einerettar var oppheva, og arbeidskrafta flaut friare. Marknadene vart opna også internasjonalt. Norsk handel var særleg utoverretta samanlikna med andre land, og tente mykje på veksten som kom. Sjøfarten stod i ei særstilling, med 45 prosent av eksporten i 1875. Noreg var den tredje største sjøfartsnasjonen i verda. I 1878 var det 63 000 norske sjøfolk, mot 11 000 i 1835. Det var 20 000 meir enn det var industriarbeidarar. Agder åleine tidobla flåten, og stod for 1/3 av fraktefarten. Kystbyane her nytte godt av god levering av tømmer og tilgang på arbeidskraft frå bygdene. Ei omfattande og samordna lokal bygging av treskuter var ei vinnaroppskrift.

Skipsfarten vart driven som partsreiarlag, samla om eitt skip. Risikoen vart då spreidd mellom mange eigarar, som gav støyten til dristigare satsing. Dampskip bygde av stål var likevel i ferd med å konkurrere ut seglskip i tre. Norske reiarlag var seine med å hive seg på denne omstillinga. Seglskuter var billige i drift, og omlegging til damp kravde større investeringar enn dei små partslaga kunne mønstre. Dei kjøpte heller gamle seglskuter, så flåten vart etter kvart avdanka. Dermed kom krisa sterkt då internasjonale konjunkturar skifta i 1870-åra, med store ringverknader også for andre næringar.

Skipsreiarar heldt likevel fram med å spekulere i seglfart, og dei styrte ofte kredittinstitusjonane. Arendal var sentrum for fraktefarten, og her kom krakket sterkast, då eit stort underslag vart avdekt i 1886. Året etter følgde Stavanger etter. Noreg fekk ein svakare vekst enn andre land. Internasjonal handel voks sterkt igjen etter 1880, men den norske flåten var då mindre. Sjøfarten i Agder kom aldri heilt på rett kjøl igjen. Byar med industri og mekaniske verkstader greidde seg betre, så Bergen og Kristiania tok over skipsfarten. Reiarlag med få, men rike eigarar og mange skip tok over for den gamle samdrifta.

Ny kapital, ny kurs

Krisa skapte mindre tru på fri handel og ein fri marknad, og staten gjekk no inn med meir pengar og fleire reguleringar. Frå kutt i statsbudsjetta nær dobla staten utgiftene frå 1890 til 1905. Auken var delvis underbygd av direkte skatt, vedteke for første gong i 1892 og gjort formuebasert berre tre år seinare. Tollsatsane vart sette opp, til vern for norsk landbruk og industri, særleg etter at Sverige sa opp avtalen om frihandel mellom rika i 1895. Marknaden heime flata ut, så industrien vart berre meir avhengig av utlandet. Eksporthandelen hindra dermed at proteksjonismen gjekk så langt som fleire politikarar ønskte, og han var mildare enn i mange andre land. I 1875 gjekk Noreg inn i ein nordisk myntunion. Krona vart innført, og ho kunne nyttast i heile Norden. Samtidig vart valutaen garantert i gull.

Avgjerande for ny innovasjon var veksten i finansnæringa. Talet på forretningsbankar tidobla seg, med ei femdobling i forvaltningskapital. Etter 1905 starta ein ny økonomisk opptur. Dei neste 15 åra voks BNP med 60 prosent, på linje med USA. Fraktefarten gjekk no for full damp. Trelastnæringa hadde møtt krisa med omlegging til industriell drift av foredla produkt, og fekk no vatn på mølla: På to tiår nær dobla årsverka seg i denne næringa. Fiskeflåten gjekk lenger til havs og vart mindre avhengig av at silda og torsken trekte mot land. Kvalfangst voks fram som ny næring. Hermetikkindustrien tok av, med ein eksportvekst frå 1,4 millionar kroner i 1902 til 51 millionar i 1915. Bak tala låg heilt nye drivkrefter.

Kraftutbygging i 1898. Arbeid med fordelingskasse for lavspentkabel. Kjelde: Norsk Teknisk Museum på digitaltmuseum.no. Inventarnr.: NTM Album 1961/1-007. CC BY 4.0.

Kraftutbygging i 1898. Arbeid med fordelingskasse for lavspentkabel. Kjelde: Norsk Teknisk Museum på digitaltmuseum.no. Inventarnr.: NTM Album 1961/1-007. CC BY 4.0.

Elektrisk kraft

Sekundærnæringane auka no mykje. Fabrikkar vart bygde for mykje større masseproduksjon enn i den tidlege industrien. I 1914 hadde industrien gått forbi landbruket i verdiskaping. Motorane kravde drivkraft og fann det i damp og vasskraft. Fossar fanst det nok av i Noreg, ein føremon i høve til andre land. Det norske kraftforbruket vart mykje større per innbyggjar enn i noko anna land.

I 1911 stod den største vasskraftstasjonen i verda ferdig på Rjukan, der han dreiv tilverkinga av salpeter for Norsk Hydro. Både råemna og drivkrafta var norsk, for metoden var utvinning av nitrogen, med Kristian Birkeland sin nye plasmaboge. Det var ulikt industrien elles, som mest produserte halvfabrikata av innført råmateriale. Kapitalen var likevel mest utanlandsk. Finansinstitusjonane var framleis dårleg ubygde, og Hydro-grunnleggjar Sam Eyde var ein av få norske rikmenn som ikkje heller satsa på sjøfart. Spekulasjonen i oppkjøp av fossar var derimot stor. Utan sjølve å tenkje på kraftutbygging gjorde oppkjøparar seg rike på å selje fossefall vidare, ofte til bakmenn i utlandet.

Frå 1895 kjøpte staten opp vassfall, både for industri og for å elektrifisere jernbanen. Nokre fossar vart dessutan freda. I 1906 vedtok Stortinget ei lov om konsesjonar, for å sikre at vassdrag ikkje vart kjøpte opp av utanlandske selskap, som då åtte 3/4 av dei utbygde fossane. Tre år seinare kom heimfallsretten, det vil seie at alle utbygde vassdrag skulle tilfalle staten etter konsesjonstida, på 60 eller 80 år. Etter ei ny lov i 1917 var det hovudsakleg staten som skulle byggje vasskraftverk. Det offentlege tok kontrollen over krafta, og dermed over det industrielle næringslivet. Staten regulerte kapitalismen på ein ny måte. Konsesjonslovene var avgjerande for å sikre nasjonal råderett over norske naturressursar. Produksjonen av straum vart samtidig åttedobla frå 1900 til 1915.

Moderniteten

Ny teknologi fekk ein òg i kvardagen. Gatelys drivne med gass kom frå midten av 1800-talet, med elektrisitet i 1890-åra. I 1900 hadde 33 000 telefon, tjue år seinare var talet firedobla. To tredjedelar av heimane hadde fått straum i 1920. Frå 1855 til 1870 vart telegrafen bygd ut, frå Kristiania til Vardø. Den første trådlause telegrafen vart opna i Lofoten i 1906 og spreidde seg så raskt langs kysten. Nasjonale hendingar nådde fram mykje raskare, dei vart reelle nyhende. Då mange fiskarar døydde i Lofot-stormen i 1849, fekk hendinga berre mindre notisar andre stader i landet, nokre veker seinare. Då 140 menneske døydde i Tritran-ulykka i 1899, slo avisene i hovudstaden forlisa stort opp dagen etterpå. Noreg hang no tettare saman.

Men ulykkene vart færre, særleg etter at små fiskevær som Titran fekk telegraflinje. Gjennom hundreår hadde fisket vore ei sterk, men lunefull næring. Med statistikk kunne ein no forstå årsakene til ulykker. I Lofot-stormen i 1849 visste ingen kor mange som døydde, for Titran-ulykka i 1899 trykte SSB oversikta over dei omkomne. Meteorologisk institutt vart oppretta i 1866 og kunne gjennom landsdekkjande stasjonar spå vêret og varsle storm, før det vart meldt vidare. No kom det dessutan motor i båtane, noko som skapte betre kontroll, og ein kunne forsikre seg mot tapa som kom. Med teknisk og statistisk modernisering kom ei kulturell modernisering, ifølgje Narve Fulsås: «Den kosmiske ordenen vart skrella vekk.» Lenge hadde lagnaden styrt liv og død, no tok folk styringa over naturen.

Arbeidarkamp

Storindustrien sysselsette no langt fleire, 10 prosent berre i dei kraftdrivne fabrikkane. Arbeidarane vart ei eiga klasse, som skilde seg frå både borgarar og bønder. Betre rettar for arbeidarane kom fordi Stortinget var meir lydhøyre for offentleg sosialhjelp, men òg fordi arbeidarane heva røysta. Over heile Europa kravde arbeidarklassa sterkare vern og løysing på sosiale problem. Handelskrisa skapte dyrtid og lønskutt, arbeidarar gjorde opprør mot den nye kapitalismen. Også i Noreg kom det til gateslag og streik. Politiet og hæren svarte med skarpe skot, politikarar frykta revolusjon også hos oss.

I 1880-åra vart spontane kampar avløyste av fagorganisering, noko som skapte betre grobotn for gjennomslag på arbeidsplassane og i politikken. Sidan Thranerørsla i 1850-åra hadde embetsmennene halde arbeidarane i øyra ved å ta styringa i arbeidarforeiningane. Ei slik foreining var arbeidarsamfunnet i Kristiania, grunnlagt av Eilert Sundt. Men no gjorde venstrerørsla arbeidarsaka til si, reiv til seg styringa av Kristiania-foreininga i 1879 og skipa nasjonale arbeidarmøte gjennom denne foreininga. På den måten prøvde ein å kanalisere kampen for arbeidarrettar inn i arbeidet for nasjonal folkemakt. Samtidig tok venstrerørsla ei meir radikal retning.

Eit Venstre i indre splitting makta likevel ikkje å kome arbeidarrørsla i møte. Arbeidarane byrja sjølve å stifte lag og aviser, frå 1887 også parti. Gjennomslagskrafta vart då sterkare. I 1899 vart fagrørsla skild ut frå partiarbeidet, og det seinare LO stifta. Året etter vart Norsk Arbeidsgiverforening (NAF) danna. Forhandlingar mellom dei to organisasjonane førte til «verkstadovereinskomsten» i 1907, med godkjenning av verksleiaren sin styringsrett og arbeidarane sitt høve til å verte høyrde. I 1915 vart normal arbeidsdag lovfesta, og i 1919 vart åttetimarsdagen innført.

Klassekamp

Organiseringa dempa konfliktane i arbeidslivet, og fredelege demonstrasjonar avløyste gatekampane. I 1890 gjekk arbeidarar over heile verda i 1. mai-tog for første gong, i Noreg òg. Fredeleg leverte dei krav om betre vern og åtte timars arbeidsdag til Stortinget. «Lad dem gi avsked i stedet for den fridag, de ber om, lad dem sætte stærke kordoner av politi og militære omkring deres fredelige møter, lad dem skyde dem ned – arbejdernes bataljoner marsjerer videre», sa Oscar Nissen i ein tale i Kristiania, Han vart seinare leiar for Det norske arbeidarpartiet.

Arbeidarpartiet (DNA) var først ikkje-revolusjonært, altså sosialdemokratisk, og oppteke av å påverke med demokratiske verkemiddel, med allmenn stemmerett som fremste kampsak. I 1903 vart dei fire første stortingsmennene frå DNA valde, samtidig med to frå dei mindre radikale arbeidardemokratane. Valordninga favoriserte store parti, så sjølv om ein femtedel stemte på DNA i 1909, fekk dei mindre enn ein tiandedel av mandata. Lokalt fekk dei større gjennomslag. I 1917 fekk dei ordførarane i Kristiania og Trondheim.

  Samtidig kom sosialistiske idear klarare til uttrykk i arbeidarrørsla. Arbeidarsamfunna vart noko på veg radikaliserte i 1890-åra. Ny arbeidarideologi førte til sterkare klassemedvit. Tvistar i arbeidslivet vart kollektive og landsdekkjande. I 1911 nytta NAF lockout mot 32 000 arbeidarar etter ein gruvestreik på Røros, og staten måtte inn med frivillig skilsdom. Ein «fagopposisjon», leidd av Martin Tranmæl, kravde frå då av at fagrørsla måtte skjerpe klassekampen – og at arbeidarane på lengre sikt skulle ta over både produksjonsmiddel og styringsmakt. Retninga fekk oppslutning under krisa som oppstod under første verdskrig. Arbeidarrørsla slo inn på ein revolusjonær veg.

Tidskapsel: Rallaren
Den storstilte utbygginga av kraftanlegg og jernbanar kravde anleggsarbeidarar. Bondegutar som før hadde rydda seg husmannsplass, kunne her få eit betre levebrød. Arbeidarar kom òg frå Sverige, og med dei nemninga rallar. Rallarane, eller sluskane, for rundt og tok seg kroppsleg lausarbeid. Det var eit hardt og omflakkande liv «på loffen», men med sterkt yrkesmedvit og samhald. Rallarane stod saman, reiste vidare dersom dei vart utnytta, og samla inn pengar til kvarandre ved ulykker. Når arbeidsveka var over, kom flaska på bordet, ein del av eigenoppfatninga, slik det vert uttrykt i rallarvisene: «Han hanskades med kort och sprit, med krut och dynamit och söp og slogs och jobbade med samma sega flit». Samhald kunne då verte til slagsmål, for ein kveld.

Jernbanebygginga bremsa opp i kriseåra, men byrja på ny i 1894. Det største anlegget var Bergensbanen, som åleine kosta eit heilt statsbudsjett. På det meste arbeidde 2200 personar på linja, til saman 15 000 i heile anleggsperioden. Lars Halvorsen var ein av dei. Frå han var sju–åtte år gamal hadde han arbeidd ved koparverket i Åmdal, «tredemøllen» som han kalla det. Då han var atten, lét han seg rive med av forteljingane frå «villslusker […] om lufferturer og livet blant gatetøser […] og lysten etter eventyr våknet». Han byrja som anleggsarbeidar for to kroner dagen. Raskt kom han i kontakt med fagforbundet Norsk Arbeidsmandsforbund: «Her forstod jeg at det var enighet og kameratskap om å gjøre, og […] ble […] organisert arbeider».

I 1905 fekk Lars seg jobb på Bergensbanen, på Hardangervidda. Her budde han i «en almindelig sommerbrakke» saman med elleve andre. «Ingen blir riktig klok på vidda», skriv Halvorsen i memoarane sine, til og med i byrjinga av mai «hendte [det] at snestormen kom med slik kraft, at vi måtte hive fra oss redskapen og løpe til brakka». Løna var låg, knapt nokon var organisert. På brakka gjekk diskusjonen skarpt, for somme «trodde sosialistene var selve faan», men etter eit massemøte vart betalinga sett opp. Lars fekk ein «pen sum å putte i lommeboka», men òg kink i ryggen. Han reiste til Bergen og ut på byen for å drikke «laddevin». Året etter gjekk turen til Sarpsborg, så til Rjukan. Her byrja han, som andre rallarar, heller å arbeide ved Hydro i 1911.
Foto: Ivar Aasen-tunet

Faksimile av Fedraheimen frå 1878. Foto: Ivar Aasen-tunet.

Presse og litteratur

Industrien påverka offentlege ytringar òg, for med rotasjonspressa vart det kjappare å trykkje aviser. Ordskiftet vart dessutan demokratisert ved at nesten alle kunne skrive, takk vere det nye skulestellet. Dei nye rørslene fekk eigne blad. Vinje dreiv vekeavisa Dølen på landsmål frå 1858, Arne Garborg landsmålavisa Ferdaheimen frå 1877. Bondevenene dreiv Folketidende. På slutten av 1860-åra kom dei opposisjonelle avisene Dagbladet og Verdens Gang (ikkje våre dagars VG), seinare blad for Venstre og Frisinna Venstre. Då vetostriden hardna til, kom det fleire høgre- og venstreaviser, medan arbeidaravisa Vort Arbeide (seinare Dagsavisen) kom ut frå 1884.

I ei tid med teknisk nyskaping voks bokmarknaden, men òg den boklege kritikken av den moderne røyndomen. Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson gjekk til åtak på samtidige samfunns- og kvinneroller. Jonas Lie, Alexander Kielland og Arne Garborg skreiv kritiske og livsnære samtidsromanar, der menneska hadde skapt urettferd, men òg kunne forme eit betre samfunn. Naturalistiske forfattarar som Amalie Skram skreiv om rå fattigdom som var styrt av lagnaden, der menneska var rådlaust styrte av drifter. Mot hundreårsskiftet vende så Knut Hamsun, Hans E. Kinck og Sigbjørn Obstfelder blikket innover, mot sjelelivet, medan Lie og Garborg greip etter det oversanselege. For Hamsun, til liks med forfattarar som Olav Duun og Sigrid Undset, vart den sosiale realismen likevel vegen inn i det moderne Noreg på 1900-talet. Ibsen tok norsk litteratur ut i verda, medan Bjørnson fekk nobelprisen i litteratur i 1903.

Ny lærdom

Vanlege folk fekk no større bokleg innsikt. Ei reform i 1860 utvida skuleåret frå 9 til 12 veker og kravde faste skulebygg i alle bygder. Dei neste 50 åra vart det bygd 5000 skular. Innhaldet i skulen var dessutan endra, med fleire ikkje-religiøse lesestykke. Ei ny gruppe av lærarar kom inn, utdanna ved nye lærarseminar. Lærarane vart drivkraft for folkedanning og demokratisk kamp. Kyrkja miste grepet om opplæringa, forsterka av nye verdslege fag og eit valt skulestyre etter folkeskulelova i 1889. Folkeskulen skulle vere lik for alle og skulle motverke elitedanning. Vanlege folk klaga likevel mest, for dei frykta at den nye kunnskapen ville gi forakt for eit liv med landbruk og fiske. Fleire stader voks det samtidig fram levande lærdomsmiljø i bygdene.

På lærarseminara fekk flogvit frå landsbygda høgare utdanning. Folkehøgskulane kom frå 1860-åra og styrkte folkeopplysinga. Som første land fjerna Noreg i 1896 kravet om latin som opptak til høgare utdanning, i staden kom realfag og moderne språkleg-historisk linje. Volda Gymnas vart den første skulen for høgare skulegang utanfor byane, i 1910. Fire år seinare gjorde lov om landsgymnas at det vart enklare for bygdeungdom å ta vidare utdanning etter folkeskulen. I 1882 fekk kvinner ta examen artium, to år seinare fekk dei tilgang til universitetet. I 1890 vart lærarseminara opna for kvinner. Nye fagskular og tekniske skular kom òg. Kunnskapen vart løfta fram som reisverket for modernisering og den nye folkemakta.

Aasmund Olavsson Vinje, ca. 1867. Foto: I. Lindegaard. Kjelde: Ivar Aasen-tunet.

Aasmund Olavsson Vinje, ca. 1867. Foto: I. Lindegaard. Kjelde: Ivar Aasen-tunet.

Ny norskdom

Ved folkehøgskulane var norskdomen, læra om norsk folkekultur, viktig. Bøndene sine kulturelle skikkar og uttrykk vart no gjorde til eit bolverk mot embetsmennene, som mange meinte stod for ein unorsk elitekultur, med røter i dansketida. Det fanst ei kløft mellom desse kulturane, hevda norskdomsrørsla, «tokulturlæra» vart ideologi for folkeleg frigjering. Somme omtalte embetsmannskulturen i stridbare vendingar. Aasmund Olavsson Vinje talte om «Borgerkrigen» og «Strid […] millom Folk som tru paa Norge, og deim, som ikkje tru paa det». Arne Garborg meinte at embetsmennene var kolonistar, at Noreg var kløyvd i to nasjonar. Dei konservative protesterte, det at eliten hadde tileigna seg «den almene Civilisation, den europæiske Kultur» gjorde dei ikkje meir framande enn i andre land, hevda historikaren Yngvar Nielsen.

Landsmålet vart viktig i kulturkampen. Mange venstrefolk tok målsaka og tokulturlæra til seg. I 1885 vedtok Stortinget at landsmål og riksmål skulle vere jamstilte i offentleg bruk, i 1892 som skriftspråk i skulen. Med Noregs Ungdomslag i 1896 fekk målstrevet ein nasjonal organisasjon, som ivra for frigjering frå dei to unionane, den kulturelle med Danmark og den politiske med Sverige. For fleire, mellom anna den førande venstreideologen Ernst Sars, utfordra likevel målstriden og tanken om to nasjonar kampen for nasjonal einskap. I 1900 braut Bjørnstjerne Bjørnson heilt med Venstre, avviste tokulturlæra og gjekk i bresjen for eit fornorska riksmål. Samtidig møtte synet på to nasjonar motbør også i målrørsla.

Minoritetar

Semja var større om at minoritetane sine språk og kulturar var framandelement og burde vike for det norske. Ei meir vidsynt politisk linje, med rom for samisk som morsmål, vart avløyst av fornorsking frå midten av 1800-talet. I 1851 vart «Finnefondet» oppretta, for å styrkje opplæringa i norsk for samiske barn, seinare òg kvenar. Ein skuleinstruks i 1862 gjorde norsk til det viktigaste undervisingspråket. Frå 1898 kunne samisk berre nyttast til hjelpespråk i Karasjok og Kautokeino. Lærarar fekk mindre løn dersom dei ikkje tvinga samiske barn til å byte språk. Skulebøker vart ikkje omsette til samisk etter 1880. Samisk kultur og språk vart endå meir fordrive på skuleinternata. Likeins sette skulen språket til skogfinnane under press. Nasjonsbygginga slo på denne måten kulturelt vrak på minoritetane.

Samiske foreiningar vart danna, og i 1906 vart Isak Saba den første samiske stortingsmannen, men sameforeiningane kjempa i motvind: Moderne sosial teori, sosialdarwinismen, gjorde rasismen til rådande vitskap. Omlegging i fiske og jordbruk skapte mindre respekt for tradisjonelle samiske driftsmåtar. «Fornorskningen fører veien til utvikling og fremgang», fastslo skuledirektøren i Finnmark. Det galdt òg kvenane, som frå 1860-åra flykta frå hungersnød i Nord-Sverige og Finland. Dei vart oppfatta som eit problem mot tryggleiken. Som mottiltak måtte alle som kjøpte jord i Finnmark, snakke norsk, frå 1902. Fornorska vart òg dei omreisande «taterane». Etter verjerådslova i 1896 vart romaniungar tekne frå foreldra og internerte som «heimlause», dei vaksne vart tvangsassimilerte i arbeidskoloniar.

Unionen vaklar

Mellomrikslova gjorde den svensk-norske unionen til ei felles tollsone, men motstanden mot frihandel auka i Sverige etter krisa i 1870-åra. Fleirtalet i Riksdagen ønskte auka toll frå 1888. Stortinget møtte proteksjonismen med klarare krav om ei eiga norsk utanriksforvaltning, med eigne konsulat. Næringslivet slutta seg til, reiarlaga meinte at svenske handelsinteresser vart sette først. Folkenasjonalismen til Venstre stod mot byrgskap frå høgresida i Sverige. Konservative svenskar frykta liberale vindar frå vest, radikale venstrefolk i Noreg at folkemakta gjekk tapt. Unionssaka samla Venstre på ny.

Striden hardna til i 1890-åra. Venstre knytte neven og vann vala på motstand mot unionen. Riksdagen sa opp mellomrikslova i 1895 og truga med krig. Stortinget opna då for eit forlik og gjekk med på å utreie unionen i ein ny komité, men rusta samtidig opp ved grensa. Unionen smuldra opp. Stortinget fjerna unionsmerket frå det norske flagget, utan kongeleg underskrift. Svenske kraftpatriotar, storsvenskar, skreik opp.

Ein ny unionskomité frå 1902 prøvde å overvinne kløfta. Venstre og Høgre danna samlingsregjering og gjekk med på å forhandle om konsulatvesen, men i 1904 sette den svenske statsministeren strek ved å krevje svensk overstyre utanriks. Den norske opinionen var i harnisk, regjeringa måtte gå av, og den svenske kronprinsen føreslo unionsoppløysing. Men Riksdagen sa nei.

Det er kø for å røyste ved gymnastikksalen ved Akershus festning i 1905. Foto: Anders Beer Wilse/Oslobilder.no CC BY SA 3.0.

Det var kø for å røyste ved gymnastikksalen ved Akershus festning i 1905. Foto: Anders Beer Wilse / oslobilder.no. CC BY SA 3.0.

Sjølvstende

Kongen tviheldt på retten til å utpeike regjeringa også etter 1884, men det vart no umogleg utan eit fleirtal på Stortinget. Dette vart avgjerande då kongen ikkje lykkast i 1905. Stortinget vedtok no eit norsk konsulatvesen, som kongen nekta å godkjenne. Statsrådane i Stockholm søkte då avskil, men kongen nekta og hevda at han ikkje kunne finne noka ny regjering. 7. juni melde statsminister Christian Michelsen at heile regjeringa gjekk av, og han bad Stortinget om å ta over. Han meinte «at foreningen med Sverige under én konge er opløst», fordi kongen ikkje fann ei regjering – og difor «har ophørt at fungere som norsk konge». Svaret var at statsrådane fekk halde fram, som Stortinget si regjering.

Svenskane raste over unionsoppseiinga og kalla det ein revolusjon. Fleire ivra for krig, på begge sider, men dei var i mindretal. Lenge hadde unionen sunge på siste verset. Liberale svenskar ønskte ei fredeleg løysing, og stormaktene ville unngå ein nordisk krig. Regjeringane starta forhandlingar. I Noreg vart det halde folkeavstemming. Under hardt nasjonalt press stemte 368 208 for, 184 imot å oppløyse unionen. Dei europeiske kongedøma frykta eit sosialt opprør, men slo seg meir til ro då monarkiet vart valt som statsform etter ei ny avstemming. Den danske prins Carl vart konge. Det styrkte banda vestover, for han var svigerson til den engelske monarken. 26. oktober godtok Sverige unionsoppløysinga. Oscar 2. gjekk av, og prins Carl vart den norske kong Haakon 7.

Ny folkemakt

Demokratiet kunne aldri verte fullverdig innanfor rammene av den svensk-norske unionen. Ei kløft var skapt med parlamentarismen, som ikkje kom i Sverige før i 1917. Med unionsoppløysinga vart all utøvande makt overført frå kongen til regjeringa i Noreg, eit nytt steg for demokratiseringa. På ein mannsalder tok folkemakta svære sprang. I 1885 hadde 13 prosent av innbyggjarar over 25 år stemmerett, i 1915 var det 92 prosent. Direkte val, ikkje gjennom valmenn, vart innført i 1906. Nye grupper toga inn i politikken, og i 1911 møtte den første kvinna på Stortinget. I 1913 stemte 26 prosent av veljarane på Arbeidarpartiet.

  Sjølvstendet vart ein frisk start. Det offentlege tok styringa i mykje større grad. Liberalismen fekk ei sosial form. Marknadskrefter og arbeidsliv vart regulert politisk. Ei eiga lov for aksjeselskap vart vedteken i 1910. Offentleg velferd kom så smått. Folkeveksten flata ut, og familiane fekk det romslegare. Fleire fekk høgare utdanning, ei mellomklasse av funksjonærar voks fram, og dei sosiale skilnadene vart mindre. Utanriks lova stormaktene å støtte sjølvstendet til den nye norske staten gjennom Integritetstraktaten i 1907. Framtida lova fridom, fred og vekst, men mørke skyer dekte snart den europeiske horisonten.

Kjelder

Roald Berg: Norsk utanrikspolitikk etter 1814. Oslo 2016

Øyvind Bjørnson og Inger Elisabeth Haavet: Langsomt ble landet et velferdssamfunn. Trygdens historie 1894–1994. Oslo 1994

Edvard Bull: Renhårig slusk. Arbeidsfolk forteller. Oslo 1961

Knut Dørum: Frå undersått til medborgar. Styreform og politisk kultur i Noreg 1660 til 1884. Oslo 2016

Knut Einar Eriksen og Einar Niemi: Den finske fare. Sikkerhetsproblemer og minoritetspolitikk i nord 1860–1940. Oslo 1981

Magnhild Folkvord: Fredrikke Marie Qvam. Rabaldermenneske og strateg. Oslo 2017

Narve Fulsås: Havet, døden og vêret. Kulturell modernisering i kyst-Noreg 1850–1950. Oslo 2003

Anders Johansen og Jens E. Kjeldsen: Virksomme ord. Politiske taler 1814–2005. Oslo 2005

Jan Eivind Myhre: Norsk historie 1814–1905. Å byggje ein stat og skape ein nasjon, bd. 3 av Norsk historie frå vikingtid til vår tid. Oslo 2015

Pål Thonstad Sandvik: Nasjonens velstand. Norges økonomiske historie 1800–1940. Bergen 2018

Dag Skogheim (red.): Viser og vers fra anlegg og gruve. En antologi utgitt til Bergmannsdagene 1976. Oslo 1976

Bo Stråth: Union og demokrati. dei sameinte rika Noreg-Sverige 1814–1905. Oslo 2005

Ola Svein Stugu: Norsk historie etter 1905. Vegen mot velstandslandet, bd. 4 av Norsk historie frå vikingtid til vår tid. Oslo 2018

Nils Olav Østrem: Norsk utvandringshistorie. Oslo 2014


Gina Krog: Stemmeret for kvinder: foredrag i Norsk kvindesags-forening den 27de november 1885. Kristiania 1885. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2013041526005

Statistisk sentralbyrå: «Historisk statistikk», ssb.no: https://www.ssb.no/a/histstat/ [lesedato 15.5.2019]

Peikarar

Arkivverket: «Kongevalget 1905», arkivverket.no

Arkivverket: «Emigrantprotokoller fra Oslo 1867–1966», arkivverket.no

Digitalt museum: «Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek (Arbark)», digitaltmuseum.no

Expedia: «Den nordiske utvandringen til USA», blogg.expedia.no

Rjukan-Notodden industriarv: «Historien», industriarven.no

Kuben, Aust-Agder museum og arkiv: «Nytt om gammelt: Sjøfart og skipsbygging», kubenarendal.no

Kvinnemuseet: «Kvinnesak – er det noen sak?», kvinnemuseet.no

Lokalhistoriewiki: «Forside: 1800-tallet», lokalhistoriewiki.no

Lokalhistoriewiki: «Forside: 1900-tallet», lokalhistoriewiki.no

Nasjonalbiblioteket: «1905. Norge, Sverige og unionen», nb.no

Universitetet i Oslo: «1870–1914: industrialisering og demokrati», norgeshistorie.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE): «Vassdrags- og energihistorie», nve.no

Statistisk sentralbyrå: «Stemmeberettigede, valgordninger og valgdeltakelse siden 1815» ssb.no

Kilden: Nettutstilling om stemmeretten, stemmerett.no

Stortinget: «Ut av unionen», stortinget.no

Vasskrafta.no

Først publisert: 16.12.2019
Sist oppdatert: 08.09.2020