Hopp til innhold
X
Innhald

Seinmellomalderen (1319–1537) – nytt landskap, nye fellesskapar

Hundretusenar av nordmenn døydde av pestane i seinmellomalderen. Jordleiga vart halvert, og det skapte krise for dei store jordeigarane. I nye nordiske statssamband hevda den norske eliten seg stadig dårlegare, men for folk flest vart det større armslag.

Svartedauden tok livet av opp mot halvparten av den norske folkesetnaden, men var berre starten på ei bølgje av pestar. Tilbake låg aude gardar, men òg meir jord for dei som overlevde. Færre ville då leige bruk, og dei største godseigarane – kongemakta, kyrkja og adelen – fekk mindre inntekter. Mykje av embetsverket vart òg svekt. Kongemakta fekk mindre kontroll, og kyrkja gjekk inn i ei nær hundre år lang nedgangstid. Bøndene fekk det derimot romslegare, og med færre kongelege styringsmenn fekk dei meir sjølvstyre.

I 1319 døydde den norske kongsætta ut. Landet kom i union med Sverige. Dei neste hundreåra var rika i Norden i ulike samband, første halvdel av 1400-talet i den samnordiske Kalmarunionen. Men Sverige var ein stridbar og utru partnar, som særleg frykta dansk styre. Landa valde difor kvar sin konge i 1448. Noreg var for svekt til å stå åleine etter svartedauden og følgde med på det danske lasset.

Politisk stod kampen mellom kongemakta, som ønskte eit stamt unionsstyre og arvekongedøme, og adelen, som ønskte eit lausare samband, der dei sjølve valde overhovudet. Riksrådet fekk no ei fast form, med ein eigen leiar, drottseten. Då kongen stramma grepet, vart striden hard. Særleg vart riksrådane misnøgde når land og embete vart gitt til utlendingar. Adelen gjorde difor ofte opprør og fekk støtte frå folk flest, som var misnøgde med dei høge skattane.

Frå 1470-åra gjorde det norske riksrådet sterkare motstand mot at kongemakta sette norske interesser til sides. Eit stort opprør i 1501–02 førte til at Noreg nesten reiv seg laus frå den danske krona, men då opprøret var knust, vart overstyret endå fastare. Ved fleire høve freista riksrådet likevel å gjere motstand, no under leiing av erkebiskopen – frå 1536 i open krig. Det enda med fullt nederlag og tap av norsk sjølvstende.

Tidskapsel: Jordeboka
Nidaros, 1433: Aslak Bolt sit ved skrivebordet. I fem år har han vore erkebiskop, ei trong tid. I fleire tiår har folk døydd av sott. Fleire av gardane som bispesetet har leigd ut, står tomme, og med færre folk har leigeprisane gått ned. Året før brann Nidarosdomen, og dermed òg kyrkjelege arkiv. Oversikt over jordleiga fanst no berre i ei tynn lefse av eit skrift. Men Bolt har teke ansvar: Han har reist rundt i bispedømet og forhandla med bøndene om ny jordleige. Fleire gamle avgifter er innførte. Inntektene er langt mindre enn før, men no ligg dei fast, oppteikna i eit nytt register, ei jordebok. Samtidig driv erkebispen tørrfiskhandel og får inn mykje pengar frå ein stadig meir lønsam eksport. Økonomien er betre, og erkebispesetet startar for alvor oppturen.

Bolt var av gamal norsk adelsætt og i slekt med den tidlegare riksråden Agmund Bolt. Som erkebiskop styrte han kyrkja. Samtidig sat han i riksrådet og var dermed viktig i statsstyringa. Tida var uroleg. I Noreg gjorde bønder og adel opprør, det største var leidd av ein slektning av Aslak, Amund. Danmark og Sverige sa opp truskapen til kongen, og Noreg hengde seg på. I 1448 braut den nordiske unionen saman. I 1480-åra stod Aslak Bolt då fram som den sterkaste mannen i Noreg og krona svenske Karl Knutsson også til norsk konge, sjølv om danskekongen hadde militær kontroll. I byte lova Karl å sikre kyrkja ei fri og sjølvstendig stilling. Året etter måtte Karl Knutsson gi opp forsøket. Då var Bolt truleg død, eller han døydde kort tid etter.

Også kulturelt stod Bolt for ei motmakt, i eit tid då kunstlivet var i forfall. Sjølv var han ein aktiv teolog, og han hadde eit stort bibliotek. Der fanst det ein flott bibel, truleg tilverka i Paris kring 1250. Sjølv om bibeltekstar var det einerådande grunnlaget for gudstenesta, er dette den einaste bibelen vi har frå norsk mellomalder. Jordeboka til Bolt er likevel den viktigaste kjelda. I den kan vi lese om gamle namn på folk og gardar, om økonomiske skilnader mellom folk og kvar dei var busette. Jordeboka vitnar òg sterkt om ei tid i forfall, der tallause gardar låg aude etter den store mannedauden.
Pesta i trappen, teikna av Theodor Kittelsen mellom 1894 og 1896. Illustrasjon av svartedauden. Kjelde: Nasjonalmuseet. Inventarnr.: NG.K&H.1982.0026. CC BY-NC 4.0.

«Pesta i trappen», teikna av Theodor Kittelsen mellom 1894 og 1896. Illustrasjon av svartedauden. Kjelde: Nasjonalmuseet. Inventarnr.: NG.K&H.1982.0026. CC BY-NC 4.0.

Svartedauden

I 1348 breidde pesten seg nordover på det europeiske kontinentet. Langs handelsvegar til lands og på sjøen spreidde smitten seg raskt. Smitteberaren var lopper på menneske og dyr, særleg på rotter. Til Noreg kom pesten både i vest og aust, til Oslo truleg same året. Etter ein vinterdvale herja han vidare.

Det var 800 år sidan pesten sist herja Europa, der han «spreidde seg i alle retningar til verdsens ende, som om han frykta at nokre hjørne av verda kunne sleppe unna», ifølgje historikaren Prokopios. Då tok han livet av opp mot halvparten av innbyggjarane i Romarriket og la heile bygdelag i Noreg i grus. No skjer det igjen: «Heile dette året og neste var dødsfalla så mange […] at det knapt var mogleg å gravleggje dei døde», hevda sogeskrivaren Jean de Venette.

Pestbakterien slo ut som byllar på huda, men gjekk òg til åtak på lungene. Nådde han lungene, døydde nær alle som var smitta. «Sotta var slik at dei som vart sjuke, ikkje levde lenger enn eit døgn eller to med store smerter. Så tok dei til å kaste opp blod, og døden kom brått», skriv ein islandsk prest i Flatøyboka ikkje lenge etter.

Den raske utviklinga av sjukdomen svekte spreiinga noko. Folk døydde rett og slett før dei fekk reist langt. Samtidig treivst sjukdomsberaren lenger sør i Europa, svartrotta, dårlegare i det norske klimaet. Med ei fart på 1,5 kilometer om dagen vart likevel mykje av Sør-Noreg råka i løpet av 1349, medan det er meir usikkert med Nord-Noreg. Det siste kjende dødsfallet er biskopen i Stavanger, som døydde i januar 1350.

Folketal og nye farsotter

Sidan den siste pesten hadde folketalet bygd seg jamt opp. Vi kjenner talet på gardar og bruk ganske godt, men storleiken på hushalda er meir usikker. Reknar ein med at det jamt over budde kring seks personar i kvart hus, og føreset ein jamn folkeauke, var talet kring 200 000 innbyggjarar i 1050 og 550 000 i 1300. Då er også dei som budde i byane og i skattlanda, øyane i vest, rekna med. Tapa som svartedauden førte til, er uvisse, men dødstala var svært høge. I heile Europa døydde truleg over halvparten av 80 millionar innbyggjarar, i Noreg fall truleg ein vel så stor prosentdel ifrå.

Hadde sotta slutta med svartedauden 1349, kunne folketalet kjapt ha teke seg opp att og kanskje nådd same nivå på eit par tiår. Men pesten kom att. Berre ti år seinare tok den såkalla barnedauden livet av mange som hadde vorte fødde det siste tiåret, og fram til midten av 1600-talet braut det ut pest om lag kvart tiande år. At han ramma kvinner og særleg barn hardast, hadde svært uheldige følgjer for fødselstala. Ikkje før i andre halvdel av 1400-talet steig folketalet difor på ny, og i 1520 budde det 200 000 menneske i Noreg, 40 prosent av folketalet før pestane.

Ei vending i gardsbruk og busetjing

Pesten jamna heile samfunn med jorda, men òg for dei som overlevde, verka han utjamnande. Alle samfunnsgrupper vart nemleg råka, og med færre folk vart det dessutan meir land å dyrke. Det liknar forholda etter pesten på 500-talet, då gardsnamna viser oss at det vart hegna inn store gardar i gode jordbruksområde. Frå då av var det truleg godt med jord i fleire hundre år, men utover 1200-talet var dei beste landområda oppbrukte. Folk måtte då anten rydde seg gard med dårlegare jord i utmarka eller leige seg eit bruk av ein gardeigar. På den måten var 90 prosent av bøndene leiglendingar då svartedauden braut ut. Med hardare press på ressursane gjekk folk òg over til å dyrke det som gav mest utbytte, nemleg korn. På den måten vart kosthaldet einsidig, noko som førte til dårlegare immunforsvar mot pesten.

På Austlandet vart det rydda mange gardar, med namn som slutta på -rud, og det viser at folkeveksten var sterkast her. I vest og i nord var det dårlegare forhold for nyrydding, men ein viss vekst var mogleg, då bøndene tok til å kombinere jordbruk og fiske, som vart ei viktig driftsform i fleire hundre år. Fisk vart òg ei viktig handelsvare. Det var stor etterspørsel etter norsk tørrfisk til fastetida sør i Europa, og prisane steig jamt. Fleire flytta nord for korngrensa og dreiv der handel med områda kring Kvitsjøen. I eit samfunn prega av sjølvberging var dette enkeltdøme på ein meir marknadsretta økonomi.

Med folketapet vart mange gardar liggjande aude. For dei som overlevde, var det dermed meir jord, og mange av rud-gardane vart fråflytta. I innlandet og i fjellbygdene var det mest fråflytting, og bruk vart slått saman til større einingar. Fleire kunne få seg eigen gard, og prisane på jord gjekk ned, til kring halvparten på 50 år. Heller enn å ta ut større utbytte i korn, heldt folk fram med å livnære seg sjølve og fekk seg fleire husdyr. Difor vart òg næringsgrunnlaget betre.

Eigedom og elitar

For dei store jordeigarane vart det derimot ei krisetid. Kyrkja, kongemakta og adelen tapte stort på at jordleiga gjekk ned. Landskylda, den årlege avgifta frå leiglendingen til jordeigaren, gjekk ned til kring ein fjerdedel av opphaveleg verdi i seinmellomalderen. Kongen kunne motverke tapet med høgare skattar etter kvart, medan kyrkja slo saman sokn for å få bukt med utgiftene. Pestane vart òg oppfatta som straff frå Gud, og fleire prøvde å fri seg frå straffa ved å gi land til kyrkja. Rundt 1500 eigde kyrkja halvparten av all jord i Noreg.

Adelsmenn hadde derimot få andre inntekter og vart no meir avhengige av forteneste frå statlege stillingar, noko som gjorde dei meir lojale overfor kongemakta. Fleire måtte òg ta del i gardsdrifta si sjølv, dei sokk ned i bondestanden. Lange avstandar og lite samanhengande jord gjorde danning av storgods vanskeleg. Svensk og dansk adel kunne i større grad leggje øydegardar under godsa sine og vart såleis ikkje like hardt ramma. Særleg danske adelsmenn lykkast med å hindre bøndene frå å flytte og tvinga dei heller til større avgifter, slik utvikinga var i Aust-Europa. Noreg likna mest på Vest-Europa elles, der bøndene lykkast meir med å fri seg frå føydale band.

Fleire adelsslekter døydde òg ut, og gamle gods vart samla på færre hender. Gjennom giftarmål vart nokre adelsmenn rikare, samtidig som dei òg gifta seg inn i svenske og danske adelshus. Adelen vart dermed mindre norsk. Dessutan vart norskætta adel utfordra av danske adelsmenn, som i aukande grad fekk embetsstillingar i Noreg. Adelen sitt krav om norske embete vart eit stridsemne i seinmellomalderen, men dette var ein kamp dei tapte. Evna til å hevde seg politisk var svekt etter svartedauden. Dermed stod også Noreg svakt i dei nordiske forhandlingane som no kom.

Margrete Valdemarsdotter gjer eid til Kalmarunionen i 1397. Måleri av G.v.Rosen, fotografert av Severin Worm-Petersen. Eigar: Norsk Teknisk Museum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: NTM UWP 12636. CC BY 4.0.

Margrete Valdemarsdotter gjer eid til Kalmarunionen i 1397. Måleri av G.v.Rosen, fotografert av Severin Worm-Petersen. Eigar: Norsk Teknisk Museum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: NTM UWP 12636. CC BY 4.0.

Norsk-svensk kongesamband

Høgmellomalderen hadde vore ei veksttid for det norske kongedømet, men tiåra etter 1280 viste at det var grenser for veksten. Utanriks verksemd gav no lita politisk vinning, og inntektene var ikkje gode nok til å halde fram med sterke militære framstøytar. Førarsetet i Norden vart utfordra frå svensk hald. Tanken bak inngifte i dei andre nordiske kongehusa var å utvide norsk makt. Men maktspelet slo tilbake, då det ikkje fanst nokon norsk kongsson. Då Magnus Eriksson vart hylla som norsk konge i 1319, var han difor allereie vald til konge i Sverige, som son av svenske hertug Erik og norske Ingebjørg Håkonsdotter. Magnus vart ein konge like mykje på svenske premissar som på norske.

Magnus var berre tre år då han vart konge, og det var svenske og norske stormenn som tok styringa. I Osloavtalen i 1319 vart dei samde om å hjelpe kvarandre i krig, men elles skulle kongen halde dei to rika skilde. Forhandlingane viser at riksrepresentasjonen hadde fått fastare former, for her deltok «rikets råd i Noreg». Kongesambandet vart tidleg motarbeidd av Ingebjørg. Som kongsmor trekte ho i trådane og prøvde etter kvart å opprette eit eige nordisk rike i Skåne. Då oppnemnde riksråda sin eigen leiar, drottseten, som styrkte kontrollen deira med riksstyret.

Då Magnus vart myndig, viste han seg sterkt eigenrådig og ville ha eit strammare overstyre enn det Osloavtalen la opp til. For å få bukt med makta til adelen avvikla han nokre av særrettane deira, til dømes retten til å halde seg med eigne våpenføre menn. Samtidig steig utgiftene, på grunn av meir krigføring, men òg fordi mykje pengar vart nytta til å kjøpe Skåne og Blekinge frå Danmark. Landskapa vart del av det svenske riket, men utgiftene sette òg den norske statskassa under sterkt press. Norsk adel reiste seg då mot den svenskretta politikken. Samtidig auka svenskane sin uvilje mot stramt samstyre og dårleg økonomi.

Striden mellom Magnus og riksråda vart først løyst då han lova at sønene hans skulle arve kvart sitt rike, slik at statssambandet vart oppløyst. Men tronarvingen Erik i Sverige døydde tidleg, så broren Håkon vart konge i begge rika, den første tida saman med far sin. På den måten vart svensk sjølvstende svekt på ny, og verre vart det då Håkon Magnusson gifta seg med Margrete, dotter til danskekongen Valdemar Atterdag. Dersom dei fekk ein son, kunne han verte konge i heile Norden og stå endå sterkare mot stormennene. Svenskane braut då ut av kongesambandet. I staden tok dei Albrecht, frå det tyske fyrstehuset Mecklenburg, til konge.

Kalmarunionen

Håkon og Margrete fekk ein son, Olav, som i 1376 vart vald til dansk konge etter morfaren, og i 1380 arva han den norske krona etter Håkon. Medan han var umyndig, tok Margrete hand om styringa. I Sverige vart adelen på si side misnøgd med styret til Albrecht, særleg fordi han gav landområde og embete til tyske stormenn. Dermed byrja svenskane òg å tenkje på å gi makta til den norsk-danske kongen. Før dei kom så langt, døydde Olav.

Som dotter av kong Valdemar, som hadde fått det danske riket på føtene igjen, bar Margrete på ein god arv av politisk kløkt. Evnene viste ho ved å leie rika godt i striden mot nordtyske motstandarar, mellom anna Hansaen og mecklenburgarane, no ved svenskekongen Albrecht. For å blidgjere danske adelsmenn gav ho dei store landområde. Det danske riksrådet var difor godt nøgde med riksstyret då Olav døydde, og valde straks Margrete til «husfrue». Dette støtta nordmennene opp om året etter, og dei vart samde om at søsterdotterson hennar, Erik av Pommern, skulle verte konge. Svenskane gjorde så alvor av opprøret, og med hjelp frå hæren til Margrete vart Albrecht knust.

I 1397 vart Erik av Pommern myndig. Eit statssamband mellom Noreg, Sverige og Danmark vart då endeleg vedteke i den svenske byen Kalmar. Avtalen takka «vår kjære frue, dronning Margrete, for alt godt» og var eit gjennomslag for politikken hennar for ein stram union, med arveleg kongsmakt. Adelen hadde fått gode inntekter i den gjeldande ordninga og godtok styresettet. Ein utførleg avtale om samkongedømet vart ein likevel ikkje samde om. Eit anna underteikna skriftstykke frå møtet viser at fleire berre gjekk med på ein lausare union, med mykje sjølvstendig makt for riksråda. På lengre sikt vann denne linja fram.

Margrete trekte i trådane fram til ho døydde i 1412. På eiga hand lykkast kong Erik dårleg, mellom anna med å forsvare dansk-norske interesser mot Hansaen. Uvilje skapte det òg at han gav embete og land til tyskarar. Motstanden vart så stor at han trekte seg tilbake og dreiv som sjørøvar på Gotland, og riksråda sa frå seg truskapen. Først braut svenskane ut, slik at dei ei tid stod utanfor unionen. I 1440–42 søkte rika likevel saman igjen, under søsterson til Erik, Kristoffer. Då han døydde utan etterkomar i 1448, var stoda derimot ikkje regulert i Kalmaravtalen.

Sverige og Danmark køyrde då fram kvart sitt kongsemne, og gjekk kvar til sitt. Berre sju år seinare erobra danskekongen Sverige igjen, men lykkast ikkje å halde på makta. Noreg hadde ingen opplagd tronarving i 1448, med svekt adel og lang tids styre frå Danmark. Dermed måtte nordmennene velje side, men vart ikkje samde. På eit svensk-dansk fredsmøte i 1450 tok nabolanda avgjerda for dei, då svenskekongen Karl Knutsson sa frå seg alle krav på Noreg.

«Hans Majestets Foged», scene frå Kinnaspelet 1998, der futen kjem til bygdefolket. Kjelde: Digitalt Fortalt på digitaltmuseum.no. CC BY-SA 4.0.

«Hans Majestets Foged», scene frå Kinnaspelet 1998, der futen kjem til bygdefolket. Kjelde: Digitalt Fortalt på digitaltmuseum.no. CC BY-SA 4.0.

Dansk overmakt, svensk oppbrot, norsk opprør

Frå gamalt av  hadde den norske kongen arva makta, men den nye kongen, Kristian 1., vart vald av riksrådet også i Noreg. For å verte innsett måtte kongen godta ei handfesting, ein avtale der riksråda kunne stille klare krav. Eit krav frå det norske riksrådet var at det ikkje skulle vervast utlendingar til rådet. Eit anna krav var at rådet skulle vere med og avgjere viktige saker. Kongen braut derimot lovnadene og kom sjeldan til Noreg. Heller ikkje vart det halde ved like ei norsk statskasse. Dessutan undergrov kongen riksrådet ved ikkje å utnemne nye medlemer, og heller ikkje nokon ny drottsete etter 1457. Sterk misnøye vekte det òg at kongen pantsette dei gamle norske skattlanda Orknøyane og Shetland i 1468, som då raskt vart ein del av Skottland.

Politikken skapte stadig større motstand frå det norske riksrådet, særleg frå midten av 1470-åra. I 1481–83 felte dei ein hard dom over gamlekongen og kravde på ny norsk sjølvstyre og len og embete øyremerkte for norsk adel. Etterkomaren, kong Hans, braut òg desse vilkåra, slik at mishaget heldt fram. Fleire opprør kom på 1400-talet, der adelen gjorde felles sak med bøndene, som klaga over nye skattar og hardhendte futar. Høgdepunktet var opprøret som var leidd av den svenske adelsmannen Knut Alvsson i 1501–02. Bøndene støtta han, og Alvsson lykkast nesten med å erobre Noreg, men møtte motstand i riksrådet og lykkast ikkje med å ta den viktige Båhus festning. Han vart lova fritt leide til forhandlingar, men vart så drepen i eit bakhald.

Etter dette opprøret vart danskekongen hardare i klypa og utnemnde son sin til underkonge i Noreg. Kongetrugne menn vart sette inn på dei norske slotta og i kyrkjelege embete. Adelen i Danmark fekk òg hard medfart, og høvedsmannen på København slott, Torben Oxe, vart avretta, skulda for å ha drepe elskarinna til Kristian 2. Verst gjekk det i Sverige, som var lagt under danskekrona på ny i 1497. Eit langvarig opprør enda i 1520, og Kristian 2. lova straffefritak for motstandarane sine, men på ein fest vart dei drepne, i det som seinare er kjent som Stockholms blodbad. Massakren skapte ny oppstand, og under Gustav Vasa braut svenskane no endeleg med Kalmarunionen.

Måleri av Martin Luther, laga av den tyske renessansekunstnaren Lucas Cranach den eldre (1472–1553), truleg i 1529. Kjelde: ndla. Falle i det fri.

Måleri av Martin Luther, laga av den tyske renessansekunstnaren Lucas Cranach den eldre (1472–1553), truleg i 1529. Kjelde: ndla.no. Falle i det fri.

Reformasjon og sjølvstendetap

No kasta også det danske riksrådet kongen. Arvtakaren, Fredrik 1., ivra for lutherdomen, som vann fram i Nord-Europa, og det skapte uvilje hos kyrkja og hos katolske adelsmenn. Då Fredrik 1. døydde, og son hans, Kristian, ope støtta Luther, braut det ut ein langvarig borgarkrig i 1534. Medan trona stod tom, styrkte det norske riksrådet seg og tok sjølv opp nye medlemer. I to år herska det norske riksrådet utan dansk overstyre, under leiing av erkebiskopen i Nidaros. I rådet sat det derimot kongetrugne menn, som lenge hindra møteverksemda. Dei rådde òg over slotta i Sør-Noreg, så landet var nesten delt i to. Jula 1535 tvinga dei igjennom eit norsk kongeval av Kristian 3.

Før jula var omme, snudde det heile. Erkebiskopen mante trønderane til kamp, fengsla slottsherrane på Bergenhus og Båhus og drap leiarfiguren, Vincens Lunge. Det var ei krigserklæring, og bønder og borgarar gjekk til opprør i aust og i vest. Styrkane var likevel ikkje store nok til å hærta Akershus og Bergenhus, og ei lova troppestøtte frå den tysk-romerske keisaren, Karl 5., var for lita og kom for seint. Sommaren 1536 tok Kristian 3. nemleg København. Her kasta han biskopane i fengsel og vedtok reformasjonen, men forlikte seg med adelen. Saman avvikla dei Noreg si stilling som eige rike. Kongen vende no hæren sin mot Noreg, og knuste all motstand.

Tidskapsel: Fiskaren
Sidan vikingtida hadde nordmenn ved kysten fiska og selt fangsten på marknaden, innanlands og utlands. På slutten av høgmellomalderen vart det kvart år eksportert 3000 tonn tørrfisk. Tørrfisken vart tilverka i nord, og så seld til kjøpmenn frå Bergen, saman med tran og andre fiskevarer. Marknaden vart mindre med folketapet i seinmellomalderen, men prisveksten jamna ut nedgangen. Kjøpstaden Vågar i Lofoten braut derimot saman, så nordlendingane måtte sjølve frakte fisken til Bergen, med jekter, små opne båtar. Fiskarar frå eit bestemt område leigde då plass på ei jekt av skipperen, og mange var mannskap på båten.

Jektefarten og lofotfisket kjenner vi frå den italienske handelsmannen Querini si skildring. Han og mannskapet forliste ved Røst vinteren 1432, men vart redda av folket der. «I løpet av året fiskar dei endelause mengder av fisk, og berre av to slag. Den eine blir kalla stokkfisk, den andre er flyndre av vedunderleg storleik (kveite)», skriv Querini. «Stokkfisken blir hard som ved. Når dei vil ete han, bankar dei han med baksida av ei øks, før dei tilset smør og krydder.» Røstværingane levde i runde hus, fortel italienaren, med ein glugge på toppen, som dei dekte med «veldige fiskeskinn». Her, meiner Querini, la folk ut nyfødde ungar «og lèt snøen falle på dei», så dei vart herda mot kulden.

I mai vart italienarane med til Bergen: «Dit kjem skip frå mange kantar, lasta med alle slags varer. Og dei som kjem med fisk, byter han i varer dei treng.» Med jektefarten tok fiskarane slik heile risikoen med frakta, over utsette farvatn langs norskekysten. Dei vart lenge borte frå garden, og forlis fekk alvorlege følgjer for folk heime. Til frakt og fiske fekk dei så varer på forskot av kjøpmennene, etter det Querini skriv. Over tid vart mange ståande i stor gjeld til handelshusa. Samtidig vart fiskarane knytte til bestemte handelshus og kunne ikkje forhandle om pris med andre. Medan fiskeeksporten voks i verdi, vart fiskarane sine kår berre verre.

Erkebiskopen

Erkebiskopen var den uomstridde leiaren i Noreg ved slutten av seinmellomalderen, men i byrjinga hadde han stått svakt. Inntektene vart mindre etter svartedauden, samtidig som retten til å velje biskopar vart flytta frå domkapittelet (kyrkjerådet) til paven, noko som svekte rikskyrkja. Kongen samarbeidde med pavesetet, fekk sine utvalde innsett og styrkte sin eigen påverknad i kyrkjesaker. På 1400-talet vart inntektene så gradvis større, og i 1430-åra vart retten til bispeval ført tilbake til domkapittelet. Fram mot 1450 vart erkebiskopen ein klar leiar av riksrådet, og i 1475 fekk han Trøndelag i len.

Under erkebiskop Eskill (1402–28) byrja erkebispesetet å byggje seg opp att, med større gods og omfattande fiskesal. I Aslak Bolt si bispetid (1428–50) vart den norske kyrkja sterkare, og erkebiskopen fekk ei meir sjølvstendig politisk rolle. Frå 1431 kom det saman eit felles kyrkjemøte i Basel, det siste store konsilet i seinmellomalderen. Her vart dei samde om at rikskyrkjene skulle avgjere bispevala. Bolt følgde opp og kalla dessutan saman til norske kyrkjemøte. I riksrådet ivra han sterkt for at statsembete skulle gå til nordmenn, og han leidde forsøket på å velje Karl Knutsson til konge, i staden for Kristian 1.

Sterkare kyrkjelege utfordringar frå kongemakta si side kom i Erik Valkendorf si tid i erkebispestolen (1510–22). Sjølv innsett av kongen for tru teneste som kanslar, i strid med domkapittelet sitt val, forsvarte Valkendorf stadig sterkare kyrkja og riket mot krona sine interesser. Erkebiskopen hadde særrettar når det galdt handelsverksemd, og Valkendorf fekk store inntekter av tørrfisksal, som han nytta til å styrkje kyrkja. Kristian 2. ville derimot avskaffe desse rettane og løfta fram eit nasjonalt handelsborgarskap, noko som skjerpa striden. Mest usemje skapte ei tenkt avskaffing av kristenretten. Valkendorf reiste til Roma for å skaffe støtte frå paven, men der døydde han.

Olav Engelbrektsson vart den siste norske erkebiskopen (1523–37). Då Valkendorf døydde, stod trona òg tom, og domkapittelet kunne velje erkebiskop utan innblanding. Som leiar av kyrkja og riket stod Olav hardt på i striden for norsk sjølvstende og katolsk tru. Då kongen ville ta frå han lena i Trøndelag, heldt han på dei, og tok til å byggje si eiga borg, Steinvikholm. Først prøvde han å få Kristian 2. tilbake som konge, og då eit felttog mot Bergenhus og Akershus, der danske lensherrar sat med makta, mislykkast, søkte han støtte frå den tysk-romerske keisaren. Slottsherrane i sør sende då styrkar nordover og brende ned erkebispegarden. Olavs mislykka opprør viser dermed klart kor sterkt det danske overstyret hadde vorte.

Hansaen

Eit bakteppe for utviklinga i seinmellomalderen var påverknaden frå nordtyske aktørar, særleg Hansaen. Handelsmenn frå mange nordtyske byar samarbeidde seg imellom frå slutten av 1100-talet, og dei fekk styring over det meste av handelen i Austersjøen. Sildefisket på skånekysten gav særleg gode inntekter. Meir bruk av skriftspråk gjorde at vilkåra for fjernhandel vart betre. Samarbeidet mellom handelsbyane vart sterkare på 1300-talet, formalisert ved bystyra. Frå då av kan vi snakke om eit hansasamband. Lübeck var den førande staden, då byen låg godt til og hadde god tilgang på salt til sildelagring. For å forsvare interessene sine samarbeidde byane militært.

Tyskarane tok over for engelskmennene i den inntektsbringande tørrfiskeksporten frå Noreg på 1200-talet. Norske handelsmenn slo seg saman i eigne handelslag, men kunne ikkje konkurrere med den omfattande samanslutninga som Hansaen utgjorde. Tyske kjøpmenn fekk handelsrettar og politiske rettar i byane. Hansaen hadde kontor i Bergen, og frå Rostock styrte dei utførselen frå Oslo og Tønsberg. Som utlendingar betalte tyskarane ikkje skatt, sjølv om kongen fleire gonger prøvde å påleggje dei handelsavgifter. Striden var tidvis hard, og i 1367 gjekk Hansaen til krig mot Noreg og Danmark. Dei vann og fekk rett til å stemme ved dansk-norske kongeval. I 1420-åra vart Bergen plyndra to gonger.

Hansasambandet fekk mindre makt utover mot 1500-talet. Dei ulke statane prøvde i større grad å byggje opp sin eigen handel, og det russiske riket Novgorod stengde Hansaen sitt handelskontor i aust. Fastare skipstrafikk gjorde handelen enklare, utanom hanseatane sine skip. I staden tok nederlandske kjøpmenn over mykje av handelen i Nord-Europa. Skånefisket vart òg mindre rikt, og svenske handelsmenn fekk større grep om handelen innanlands og elles i Austersjøen. Handelspolitikken i Danmark-Noreg utfordra dei tyske kjøpmennene også her, og Hansaen sitt grep om tørrfisksalet glapp.

Bondeopprør og bygdestyre

Krona miste opp mot 75 prosent av inntektene sine etter svartedauden og fekk vanskar med å styre landsdelane. Då hoffet vart flytta til Danmark i 1380, vart avstanden mellom sentralmakta og lokalsamfunna større. Makta over forvaltningsleddet som låg imellom, lensherrar og lagmenn, vart svakare. Lagmennene heldt stadig fleire rettsmøte utanfor dei formelle lagtinga. Lensherrane nytta handlefridomen til å stikke skattar og avgifter i eiga lomme. Under seg tilsette dei futar, som ikkje var embetsmenn, men som likevel samla inn skattar, tidvis med hard hand.

Krigføring vart dyrare, og det vart innført fleire skattar og meir pliktarbeid. Den harde innkrevjinga og dei nye skattane oppfatta bøndene som rettsstridig og gjorde difor fleire gonger opprør. Det var «ei djerv motstandsånd hos bønderne», ifølgje Halvdan Koht: «Vi kann kjenne at dei norske bønderne vilde ikkje godviljugt la seg kue og trælke.» Dei fleste opprøra skjedde på Austlandet, iallfall fram til slutten av tidsrommet. Størst gjennomslag fekk opprøra likevel når bøndene gjorde felles sak med arge adelsmenn, som var misnøgde med at utlendingar fekk statlege embete.

Adelen flytta inn til byane utover i seinmellomalderen, slik dei gjorde elles i Europa. Også lagmennene tok stadig meir opphald i byane. Bøndene stod dermed att åleine i bygdene, og det var sjeldan at dei møtte embetsmenn. Rettstvistar vart heller løyste på bygdetinga, som òg utførte lokale politiske oppgåver. Bondekommunalisme, har historikaren Steinar Imsen kalla det, bøndene styrte seg sjølve. For kongemakta var det likevel ei grei ordning, sidan det kravde mindre lokalt nærvær. Som med embetsmennene måtte kongen gi eit visst spelerom for at samfunnsstyringa skulle fungere.

Dei to første norske trykte bøkene, Missale Nidrosiense (Nidarosmissalet) og Breviarium Nidrosiense (Nidarosbrevariet). Kjelde: Nasjonalbiblioteket. Brukt med løyve for Allkunne.

Dei to første norske trykte bøkene, Missale Nidrosiense (Nidarosmissalet) og Breviarium Nidrosiense (Nidarosbrevariet). Kjelde: Nasjonalbiblioteket. Brukt med løyve for Allkunne.

Språk, skrift, kultur

I seinmellomalderen byrja norske bønder å verte skrivekunnige. Skriftfesting vart nemleg no avgjerande for å prove kva ein eigde, med stadig skifte i jordeige og samansette åkergrenser fleire stader. Kyrkja si bokføring av eigedom var framleis viktig, men frå no av har vi òg ei rekkje diplom som viser kva enkeltpersonar eigde. Bøndene braut altså kyrkja og kongemakta sitt skriftmonopol. Dei nytta skrift rettsleg, og til å samtale og fortelje. Samtidig hadde dei fordel av den aukande skriftbruken i forvaltninga, og særleg som kyrkjetenarar fekk dei ein viss kjennskap til skrift.

Folkeleg dikting vart likevel overlevert munnleg, og mykje vart ikkje skrive ned før på 1800-talet. Primærkjeldene til folkekulturen er såleis få, men munnlege overleveringar av eventyr, stev og folkeviser viser motiv frå seinmellomalderen, noko som tyder på ei rik kulturformidling. Folkevisene har gjerne særnorske og tidvis norrøne tema, til dømes troll og oskoreia. Dei mest kjende visene, den religiøse visjonsvisa «Draumkvedet» og riddarvisa «Bendik og Årolilja», viser samtidig slektskap med anna europeisk dikting. Gamalsteva kjenner vi særleg frå Telemark, men dei har nok hatt større utbreiing.

Eit norsk bokleg språk voks fram innanfor kyrkja og vart viktig for statsstyret opp mot seinmellomalderen. Trøndersk-vestlandsk mål la grunnlaget for skriftspråket, sidan dette var kjerneområdet for kyrkja og kongemakta. Etter som forvaltninga etter kvart vart flytta austover, fekk austlandske ord og ordformer innpass i språket. Men med svartedauden døydde mykje bokkunnig elite ut, og gamal rettskriving smuldra opp hos den nye generasjonen av dårleg opplærte skrivarar. Det utvikla seg eit mellomnorsk skriftspråk, som låg nærmare talemålet. Med større utanlandsk innslag i riksstyret kom det til fleire låneord. Svensk språk fekk først stor innverknad, før dansk og delvis tysk påverknad tok over.

Etter 1450 skreiv kyrkja og kongemakta mest berre på rein dansk. Likeins fekk kunstlivet stadig meir innslag av innført kunst, særleg frå hansaområdet. I 1519 fekk erkebiskopen trykt dei første norske bøkene, Missale Nidrosiense og Breviarium Nidrosiense. Bøkene var trykte utanlands, men erkebispedømet ville truleg ha oppretta ei eiga prentepresse på lengre sikt. Med reformasjonen vart kulturlivet sentralisert, på same måten som politikken, og underlagt strenge reglar. Enno tok det hundre år før det vart trykt skrifter i Noreg, og då vart historia om det norske mellomalderriket strengt sensurert.

Kjelder

Esben Albrectsen: Fællesskabet bliver til. 1380–1536, bd. 1 av Danmark-Norge 1380–1814. Oslo 1997

Narve Bjørgo, Øystein Rian og Alf Kaartvedt: Selsvtendighet og union. Fra middelalderen til 1905, bd. 1 av Norsk utenrikspolitikks historie. Oslo 1995

Steinar Imsen og Jørn Sandnes: Avfolkning og union 1319–1448, bd. 4 i Knut Mykland (red.): Norges historie. Oslo 1977

Alf Ragnar Nielssen (red.): Fangstmenn, fiskerbønder og værfolk, bd. 1 av Norges fiskeri- og kysthistorie. Bergen 2014 Jón Vidar Sigurdsson og Anne Irene Riisøy: Norsk historie 800–1536. Frå krigerske bønder til lydige undersåttar. Oslo 2011

Peikarar

Hans Jacob Orning: «1350–1500: senmiddelalder», norgeshistorie.no

Anders Bøgh: «Senmiddelalderen, 1340–1536», danmarkshistorien.dk

Først publisert: 16.12.2019
Sist oppdatert: 06.01.2020