Hopp til innhold
X
Innhald

Duodji

Duodji er det samiske namnet på handlaga samiske bruksgjenstandar som klede, smykke og utsmykking, reiskapar, fangstreiskapar og husgeråd som vesker og pungar, trekoppar, mjølkekoppar, pulkar og ski med meir.

Omgrepet vert i dag brukt om tradisjonelt samisk handverk, kunst, kunsthandverk og husflid. Duodji vert òg brukt om det som vert laga, og om det å lage noko.
Tradisjonelt brukte ein naturmateriale frå rein og andre dyr, som skinn, lær, pels, ull, horn og bein, forutan tre, trerøter, glasperler, tinn og sølv, og etter kvart òg andre metall, materialar og tekstilar.
Kjenneteiknet til duodji er at materiala vert utnytta best mogleg, og materialeigenskapane er med på å prege prosessen fram til det ferdige produktet. Samisk handverk vert utført etter gamle tradisjonar, men vert tilpassa nye arbeidsteknikkar og bruksområde. Tidlegare var opplæring i duodji ein naturleg del av oppsedinga og opplæringa i heimen, slik at kunnskapen vart overført frå generasjon til generasjon. I Noreg i dag ligg yrkesutdanninga i utdanningsprogrammet Design og handverk i den vidaregåande skulen, og ein kan studere duodji heilt opp til master- og PhD-nivå.
Sámi Duodji-merket er eit varemerke for samisk sløyd som fortel om produktkvaliteten, at det er laga av samar, det skal verne samiske sløydprodukt frå kopiering og illojal konkurranse og vere med på å gjere kvaliteten på samiske handverksprodukt betre. På same tid viser det at samisk handverk er ein levande tradisjon. Retten til å bruke Sámi Duodji-merket vert gitt til samar med utdanning eller erfaring i samesløyd. Produkt som vert rekna som suvenirar og ikkje til tradisjonell bruk, får ikkje duodji-merket.

Først publisert: 25.04.2014
Sist oppdatert: 09.02.2017