Hopp til innhold
X
Innhald

Finnskatten

Finnskatten, skatt som samane frå vikingtida av måtte betale.

Finnskatten eller finnskatt, finnkaup, lappeskatt eller sameskatt går tilbake til hundreåra før nasjonalstatane oppstod.
Den første kjelda om skatten er frå 800-talet, då han vert oppgitt å vere den viktigaste inntektskjelda til Ottar. Han sa at dei rikaste samane måtte betale han 15 mårskinn, 5 reinskinn, 1 bjørnefell, 1 kufte av bjørneskinn eller oterskinn, 2 stk 60 alen, ca 40 meter, lange skipsreip av kval- eller kobbehud og 10 ambar fjør eller dun.
Vikinghøvdingane sende stormennene sine på "finneferd" i dei samiske områda for å krevje inn skatt og handle med samane. Sagaen fortel mellom anna korleis mange av vikingskipa vart bygde av sjøsamar i "finnefjordar". Finneskatten vart stadig meir omfattande og på 1300-talet seiest det at han var ti gonger større enn det storbøndene i Trøndelag måtte betale på same tid.
Finnskatten voks i takt med nasjonalstatane og vart brukt som eit teikn på at eit landområde var kolonisert. Dette sette etter kvart samane i ein situasjon der dei måtte betale skatt til fleire statar samstundes. Mange stader var trippelt skattlagde av Danmark/Noreg, Sverige og Finland/Novgorod, forløparen til Russland.
Etterspurnaden etter pels var stor lenger sør i Europa, og prisane var høge. Truleg er den harde skattlegginga årsaka til utrydding av bever på Nordkalotten, og det faktumet at polarreven i dag har status som utryddingstruga.

Først publisert: 25.04.2014
Sist oppdatert: 29.04.2014