Hopp til innhold
X
Innhald

Gamme

Gamme, på samisk goahti, er ein samisk byggjekonstruksjon.

Gamme er ein samisk byggjekonstruksjon til bustad eller driftsbygning, som er ein kjegleforma sperrekonstruksjon dekt med torv, ofte på eit underlag av never. Gamma har eldstad midt på golvet og hol for røyken i taket. Konstruksjonen vart tidlegare brukt som bustad og fehus.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.04.2014
Sist oppdatert: 07.02.2018