Hopp til innhold
X
Innhald

Gand

Gand kjem frå det norrøne ordet gandr, som eigentleg tyder spiss pinne eller stokk, men vert òg brukt om tryllestav.

Gand er brukt om trolldomskunst som ofte, utan grunn, er sett i samband med finnar og samar. Det går ut på å kaste ein forheksa kvist, pinne eller liknande etter folk og fe, og på det viset slå dei med ulukker, sjukdom eller død. Gandferd er eit hekseritt gjennom lufta. Gandpose er ein pose med forskjellige småting som ein trur har trolldomskraft, til dømes hår, neglar, knokkelrestar, kyrkjegardsjord og anna. På 1600-talet vart fleire samar i Nord-Noreg brende på bål for å ha brukt gand-trolldom.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2014
Sist oppdatert: 24.04.2014