Hopp til innhold
X
Innhald

IWGIA

IWGIA står for International Work Group for Indigenous Affairs og er ein uavhengig, internasjonal organisasjon som vart stifta i 1968 for å arbeide for urfolkrettar og menneskerettar. 

Samar frå Noreg har vore aktive i arbeidet i organisasjonen. IWGIA har sekretariat i København. Det er i hovudsak finansiert av dei nordiske utanriksdepartementa og EU.

Først publisert: 29.04.2014
Sist oppdatert: 07.02.2018