Hopp til innhold
Lars Ante Kuhmunen. Frå Kirunafestivalen 2007.
Lars Ante Kuhmunen. Frå Kirunafestivalen 2007.
X
Innhald

Joik

Joik (samisk juoigá), samisk folkemusikk. Joiken vart tidlegare også framført saman med runebomme. I dag blir gjerne moderne musikkinstrument brukte også.
Joik, også kalla luohti, vuolle, leu'dd eller juoiggus, er den tradisjonelle samiske songen. Joiken er fleire tusen år gamal, og musikkforskarar meiner at han er ein av dei lengstlevande musikktradisjonane i Europa. Som songtradisjon knyter han menneske til stad, familie og folk, og joiken har vore med på å halde heile kulturen levande i ei tid der det samiske har vore nedvurdert.
Med kristninga av samane blei joiken dømd som syndig, fordi han var knytt til noaiden og før-kristne mytologiske ritual. Inntil 1950-åra var det forbode å bruke joik i skulen i samiske område. Eigentleg viser omgrepet joik til ein av fleire samiske songstilar, men på andre språk blir ordet i dag nytta for all tradisjonell samisk song. Dei ulike samiske dialektane har ulike ord.
(Artikkelen held fram under videoen)
Video frå NRK Skole: Gustav Kappfjell framfører ein joik.
Ein joik kan vere utan ende, og det er ikkje nødvendig at han har tekst. Joiken kan uttrykkjast med gestar, melodi, rytme osv. Improvisasjon er ein naturleg del av joiken, og då han først blei brukt saman med musikkinstrument (andre enn runebomma), var jazzen sjølvsagd.
Tidlegare var det vanleg med joikeduellar à la hiphop, i dag er joiken ei levande inspirasjonskjelde for moderne samisk musikk. Songtradisjon er ein del av nasjonallitteraturen og gir òg ein viktig basis for moderne samisk poesi. Joiken handlar mykje om kjærleik og relasjonar, og det finst personjoik, stadjoik og dyrejoik. Joiken roar reinflokken og jagar vekk ville dyr, og han er i høgste grad lydmålande. Ein joikar ei jente heller enn å joike om henne – ein joikar særpreget hennar og kven ho er som menneske. Som medlem av eit samisk samfunn handla identitet før om å høyre til ein stad, og folka kring deg stadfesta deg gjennom å gi deg ein joik, din eigen luohti.
Joiken er ein måte å minnast på – og det er mykje kjensler, glede og sorg i joiken. Også for joikaren kjennest joiken gjerne djupt personleg eller åndeleg. Ved hjelp av ein joik kan ein noaide kome i transe og reise til andre verder for å spå framtida eller lækje sjukdom. Ifølgje joikefilosofien er joiken eit framkomstmiddel – ein kan reise med eller på ein joik. Om du joikar ein stad du kjenner godt, er det som om du reiser dit og får ro i sjela. Eller når du saknar nokon og kjenner deg einsam, blir det lettare når du joikar ein god ven. Såleis er også joiken ein ven, og med joik i hugen er det lett å tilpasse seg eller klare seg i verda.
Kjelder
Kristin Jernsletten: The hidden children of Eve. Sámi poetics. Guovtti ilmmi gaskkas. Doktorgrad, Universitetet i Tromsø 2011

Først publisert: 25.04.2014
Sist oppdatert: 06.02.2017