Hopp til innhold
X
Innhald

Lávvu

Lávvu er det samiske namnet på ein telttype med rette stenger eller sperrer som er føydde saman i ei kjegleform øvst.

Teltet har røykopning og er kledd med seglduk, ullstoff eller skinn, bål, grill eller omn i midten. Sidan 1990-talet har lávvuar vore masseproduserte og mykje brukte i Skandinavia, òg av ikkje-samar. Bruken av lávvu er tradisjonelt regulert av eigne reglar og terminologi. Noko av det er knytt til samisk mytologi.
Samar attmed lávvu, ca 1890—1900. Foto: The Library of Congress, Flickr.com (No known copyright restrictions/ public domain)
Samar attmed lávvu, ca 1890—1900. Foto: The Library of Congress, Flickr.com (No known copyright restrictions/ public domain)

Først publisert: 29.04.2014
Sist oppdatert: 02.10.2014