Hopp til innhold
X
Innhald

Nordisk Samisk Institutt

Nordisk Samisk Institutt, Sámi Instituhtta, i Kautokeino vart etablert i 1973 som forskingsinstitusjon underlagd Nordisk Ministerråd. Føremålet var å styrkje og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv gjennom forsking, og å vere med på å utvikle ei internasjonal urfolksforsking. I tillegg til Nordisk Ministerråd var Nordisk Samisk Institutt finansiert av utdanningsdepartementa i Noreg, Sverige og Finland. Sidan 2005 har instituttet vore ein del av Sámi allaskuvla, samisk høgskule, i ein felles vitskapsbygning i Kautokeino, Diehtosiida.

Først publisert: 25.04.2014
Sist oppdatert: 29.04.2014