Hopp til innhold
X
Innhald

Pesk

Pesk kjem frå det samiske ordet beaska og er ei kufte av reinskinn med håra ut.

Pesken vert trekt over hovudet og snørt saman i livet med eit belte. Hos sørsamane er pesken open i fronten. Det finst òg sauepesk med ulla vend innover. I sprengkulde brukte ein gjerne begge samstundes, sauepesken inst mot huda og reinpesken utanpå med håra ut.

Først publisert: 25.04.2014
Sist oppdatert: 29.04.2014