Hopp til innhold
X
Innhald

Pulk

Pulk kjem frå det samiske ordet av bulke og er ein slede brukt til frakt.

Pulk kjem frå det samiske ordet av bulke og er ein slede, forma som ein båt, til køyring med rein. Den opphavlege pulken er gått ut av bruk og er avløyst av ein heilt open type som på samisk vert kalla geris, kjerris på norsk. No til dags vert etterlikningar av pulken brukt i samband med skisport til frakt av småbarn, bagasje og liknande.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2014
Sist oppdatert: 09.02.2017