Hopp til innhold
X
Innhald

Reindrift

Reindrift er ein særs viktig del av samisk kultur fordi næringa gir denne kulturen eit materielt grunnlag og ei rot langt bakover i tid. Reindrifta har òg stor symbolverdi for samane sjølve som eit eige folk.

Reinen er eit vilt dyr som følgjer instinkta sine og trekkjer mellom ulike område etter årstidene. Reindriftsåret blir delt inn i åtte årstider, og samane blei frå gamalt av kalla «dei åtte årstiders folk», fordi dei flytta med reinen. Det er store skilnader mellom dei ulike reindriftsområda/sidaene, og avstanden ved hovudflyttinga vår og haust kan variere frå 10 til 500 km (i Noreg).
Før nytta ein rein som køyrerein, kløvdyr og mjølkedyr, og når ein slakta, nytta ein alt på reinen med unntak av vomma. No er reindrifta regulert av nasjonalstatane Noreg, Sverige, Finland og Russland, som behandlar denne næringsvegen som kjøtproduksjon og elles gir reindrifta svært dårlege vilkår, sjølv om internasjonale traktatar (til dømes FN-konvensjonar) forpliktar statane til å ta vare på den samiske eigenarten som ein del av verdas kulturarv.
Sjå video om reindrift: «Nomader i et moderne samfunn - reindrift»

Først publisert: 25.04.2014
Sist oppdatert: 07.02.2018