Hopp til innhold
X
Innhald

Runebomme

Runebomme er namnet på den samiske kulttromma som finst i to variantar.

Den sør-samiske tromma var laga av uthola tre eller ei rirkule som var dekt med skinn prega med symbol. Den nord-samiske tromma var vanlegvis ei treramme med eit reinkalvskinn med målte figurar spente over.
Dei fleste hushalda hadde ei spåtromme, og ho vart brukt både av kvinner og menn. Etter kvart som misjonærane tok til å brenne trommene og det vart innført dødsstraff for å bruke dei, vart dei mest brukt av noaiden, sjamanen. Tromma hjelper noaiden når han vil kome inn i ein annan medvitstilstand for å kurere sjukdom eller gå inn i andre nivå saman med hjelpeånda. Den mest uførlege oppteikninga av symbol og bruksområde har vi frå trolldomssaka som vart ført mot reindriftssamen Anders Poulsen i Vadsø i 1692. Runebomma til Poulsen er no i dei samiske samlingane i Karasjok.

Først publisert: 25.04.2014
Sist oppdatert: 06.02.2018