Hopp til innhold
X
Innhald

Samenes landsforbund

Samenes landsforbund, SLF, på samisk Sámiid Ædnansærvi, er ein samisk organisasjon på landsbasis og vart stifta i 1979. Dei første åra la organisasjonen sterkast vekt på norsk tilhøyrsle som ein reaksjon på den prosamiske haldninga til andre samiske organisasjonar. Samenes landsforbund har no nærma seg dei andre samiske organisasjonane. Sekretariatet ligg i Tana.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2014
Sist oppdatert: 24.04.2014