Hopp til innhold
X
Innhald

Samerådet

Samerådet eller Sámiráđđi, som tidlegare heitte Nordisk Sameråd, vart stifta i 1956 i Karasjok. Det er ein uavhengig, samisk kulturpolitisk og politisk organisasjon og eit samarbeidsorgan for dei samiske organisasjonane i Noreg, Sverige, Finland og Russland, som kom med i 1992. Samerådet arrangerer samekonferansar annakvart år. Sekretariat ligg i Utsjoki/Ohcejohka i Finland. Samerådet har som føremål å ta vare på interessene til samar som eitt folk, kulturelt, politisk, økonomisk og sosialt.

Først publisert: 29.04.2014
Sist oppdatert: 29.04.2014