Hopp til innhold
X
Innhald

Sametinget/Sámediggi

Sametinget/Sámediggi, nasjonal, folkevald forsamling for samar i Noreg.

Sametinget/Sámediggi er ei nasjonal, folkevald forsamling for samar i Noreg og har 39 representantar, frå sju valkrinsar. Representantane er valde ved direkte val på grunnlag av eit manntal. Sametinget blei oppretta med heimel i samelova (1987), og det første valet blei gjennomført i 1989, samstundes med stortingsvalet. Det er val kvart fjerde år.
Sametinget blir leidd av eit råd på fem medlemer, og administrasjonsbygget ligg i Karasjok/Kárášjohka. Tinget skal styrkje samane si politiske stilling og fremje samane sine interesser i Noreg, bidra til ei likeverdig og rettferdig behandling av det samiske folket og arbeide med å leggje forholda til rette for at samane kan sikre og utvikle sitt eige språk, sin eigen kultur og sitt eige samfunnsliv. Som urfolk har samane rett til å bli konsulterte i saker som vedkjem dei, men Sametinget har ingen vetorett i slike saker. Aili Keskitalo er president for perioden 2013–17. I Finland fekk dei sameting i 1972, og i Sverige i 1993.
 
Det nye Sametinget, opna 2. november 2000 og er teikna av sivilarkitektane Stein Halvorsen og Christian Sundby. Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Først publisert: 25.04.2014
Sist oppdatert: 29.04.2014