Hopp til innhold
X
Innhald

Samisk høgskole

Samisk høgskule, Sámi allaskuvla, i Kautokeino vart etablert i 1989, som ein av 24 statlege høgskular i Noreg. Høgskulen har om lag 120 studentar frå alle land i Sápmi: Noreg, Finland, Sverige og Russland, og vel 100 tilsette. Hovudspråket er samisk både i undervisninga, administrasjonen og mellom dei tilsette og studentane. Samisk utdanning og forsking er den særeigne, faglege profilen til skulen, som har eit nordisk-samisk og internasjonalt perspektiv på kultur, utdanning, næringar og rettar. Samisk høgskule har til saman om lag 40 studietilbod, mellom anna vidareutdanning. Alle tilboda vert likevel ikkje gitt samstundes. Kvart år finst det mellom 17 og 20 ulike studietilbod.
 

Først publisert: 24.04.2014
Sist oppdatert: 29.04.2014