Seide er ein heilag stein, ei klippeblokk eller ein annan særeigen naturformasjon som har vore gjenstand for dyrking i den før-kristne samiske religionen.

Faktaboks

Også kjend som

nordsamisk sieidi

Seiden kunne gi jaktlykke, godt vêr og medgang elles, og ein ofra bein, horn, dyreblod, fisk, kaffi, myntar og anna. Alle område i Sápmi har sine seidar, nokre meir private enn andre. Dei tente òg som vegvisarar eller faste haldepunkt/markørar i landskapet over heile Sápmi og står framleis mange stader. Mange er knytte til lokale forteljingar og namngjetne «vener».

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg