Hopp til innhold
X
Innhald

Sida

Sida (nordsamisk siida) har fleire tydingar, som står i innbyrdes samanheng: Sida er termen for den samfunnsstrukturen eller måten ein organiserte samfunnet på tidlegare, då det hovudsakleg var snakk om primærnæringar (jakt og andre utmarksnæringar, reindrift, jordbruk, handverk, fangst og fiske).

Reglane for fordeling, for bruk av landområde, jussen til å regulere det – alt var munnleg nedarva, og spesielle omsyn tok vare på dei som var utan evne til å sørgje for seg sjølve. Fordelinga bremsa dei sosiale ulikskapane i samfunnet, så skilnaden på dei rikaste og dei fattigaste var ikkje så stor. I sidaen var bruksretten til jorda og retten til ressursane langt på veg felles, eller fordelt mellom familiar og klanar. Forvaltningsansvaret var både eit kollektivt og eit personlig ansvar, noko som gjorde at ein ikkje tok ut meir ressursar enn ein trong (i motsetnad til den typen forvaltning som karakteriserer moderne kapitalisme, som vi så tydeleg ser i dagens gruveindustri i samiske område). Samstundes kan sidaen som samfunnsform forklare kvifor samar ikkje er eller har vore særleg interesserte i å danne ein eigen stat.
Sidasamfunna var små, opptil 200 personar, styrt av eit råd av eldre, med ein siida-isit som leiar. Rådet fungerte etter konsensus-prinsippet: Ei sak stod på til alle kunne vere einige om utfallet. Sidasamfunnet fall meir og meir bort ettersom kolonimaktene utarma samane gjennom plyndring, urettvis handel og skattlegging, og tvinga eigne lover og reglar på bruken av land og vatn i Sápmi. Den reindriftsnæringa som vert driven i dag, har ført vidare mange av dei eldgamle sida-prinsippa, no i tydinga «arbeidsfellesskap» organisert rundt reindrifta og avgrensa til spesifikke sommar-/vinterbeiteområde, familiar/enkeltmenneske, dyr og bygningar (synonymt med «sameby», «reinby»). Sida tyder òg «reinflokk (som nokon eig)», ordet peikar mot sjølve reinbeitelandet og står for «heim», «heime» , «hus» og «buplass».

Først publisert: 21.05.2014
Sist oppdatert: 21.05.2014