Hopp til innhold
X
Innhald

Skoltesamar

Skoltesamar, eller austsamar, samar med opphav frå det som i dag er Aust-Finnmark, Nord-Finland og Kolahalvøya.

Skoltesamar, eller austsamar, dreiv frå gamal tid først og fremst med fiske, men også reindrift, jakt, bærplukking og andre utmarksnæringar.
Buplassane låg i nærleiken av elvar og innsjøar i det som i dag er Aust-Finnmark, Nord-Finland og Kolahalvøya. Neiden er i dag det kulturelle og religiøse senteret på norsk side, elles er det Sevettijärvi i Finland.
Austsamane høyrer i hovudsak til den russisk-ortodokse kyrkja.
Fordi statsgrensene delte skoltesamane i tre, har det vore ekstra utfordrande å halde på kultur og livsgrunnlag, og språket er utryddingstrua.
Den norske staten leverte i 2011 tilbake 94 skoltesamiske skjelett som var blitt fjerna frå graver i 1915 for at dei skulle brukast i raseforsking.

Først publisert: 25.04.2014
Sist oppdatert: 25.04.2014