Hopp til innhold
X
Innhald

Sørsamar

Sørsamar har så langt tilbake som vi kjenner til, budd i dei sørlege, indre delane av Noreg og Sverige, i dag frå det sørlege Nordland og sørover til dei nord-austre delane av Hedmark, på svensk side Västerbotten, Jämtland, Härjedalen og Dalarna.

Dei levde lenge av jakt, fiske, andre utmarksnæringar og villreinjakt, som etter kvart gjekk over i det som no er den viktigaste sørsamiske næringa, nemleg reindrift. Nærleiken til nabofolk sette sørsamane tidleg i ei utsett stilling. Det har vore svært utfordrande å halde på kultur og livsgrunnlag, og språket er utryddingstrua. Røyrvik, Snåsa og Nord-Trøndelag fylkeskommune er med i det samiske verkeområdet, som ligg under Sametinget. Det finst kultursenter og sameskular i Snåsa og i Hattfjelldal.

Først publisert: 25.04.2014
Sist oppdatert: 29.04.2014