Hopp til innhold
X
Innhald

Verdsrådet for urfolk (WCIP)

Verdsrådet for urfolk, World Council of Indigenous People (WCIP), vart stifta i 1975, med sekretariat i Canada. Aslak Nils Sara frå Karasjok representerte samane ved stiftinga og var i fleire periodar visepresident i rådet.

WCIP har som føremål å kjempe mot rasisme, avskaffe fysiske og kulturelle folkemord og etnisk utsletting, sikre politisk, økonomisk og sosial rettferd for urfolk og å vinne att tapte landområde og naturressursar. Verdsrådet for urfolk har rådgivande status i FNs økonomiske og sosiale råd og representerer om lag 60 millionar urfolk over heile verda. WCIP var inaktivt i perioden 1996 til 2012, men då byrja urfolk å møtast regionalt rundt FN-deklarasjonen om urfolksrettar i ein verdsomspennande aksjon retta mot WCIP-konferansen i New York i 2014.

Først publisert: 21.05.2014
Sist oppdatert: 21.05.2014