Hopp til innhold

Periodisering

Periodisering er å dele ei tidslinje i periodar ut frå noko særmerkt eller dominerande. Mange periodiseringar er brukte i lærebøker, medium og daglegtale, til dømes steinalderen, vikingtida og den kalde krigen.

Periodisering er eit ordningsgrep som vi bruker til å skilje delar av historia frå kvarandre i historiske disiplinar som arkeologi, historie, språkhistorie, musikkhistorie eller geologi. Endringar skjer aldri samstundes eller i same takt, og samstundes som noko endrar seg, kan andre faktorar vere meir eller mindre stabile. Ved periodisering vel vi kva slags kontinuitet og endring vi vil leggje vekt på. Periodisering gir framheving av noko og underordning av noko anna, og i nokre høve er det vanskeleg å avgrense klart når ein periode tek til, og når han tek slutt.

Periodeomgrepet «jernalderen» er definert av teknologi og produksjonsmåte, «folkevandringstida» av eit demografisk hovudtrekk og «imperialismens tidsalder» av eit globalt makttilhøve og eit ideologisk fenomen. Europeisk kulturhistorie vert ofte delt inn i overordna periodar som førhistorisk tid, antikken, mellomalderen og nytid. Førhistorisk tid er tida før vi har skriftlege kjelder, antikken er ein lang periode i kulturhistoria til greske og romerske sivilisasjonar frå kring 700 f.Kr. til om lag 500 e.Kr. Mellomalderen er tida mellom antikken og 1500-talet, kring reformasjonstida. Deretter følgjer nytida, som ofte vert delt inn i tidleg nytid og moderne tid. Tida kring den franske revolusjonen (1789) er då ein overgang mellom desse to periodane.

I moderne norsk politisk historie er embetsmannsstaten, venstrestaten og arbeidarpartistaten periodiseringar innanfor seinare delar av nytida. Dei seier først og fremst noko om politiske maktforhold i ein dryg 150-årsperiode etter 1814. «Dei siste husmortiåra» har vorte brukt om 1950- og 1960-åra i Noreg og er ei periodisering ut frå kjønnsroller. Desse husmortiåra fell grovt rekna saman med arbeidarpartistaten i tid, men får fram noko anna.

Det gir god meining å rekne 1950 eller 1960 til perioden etterkrigstida. Men det norske samfunnet har endra seg mykje økonomisk, politisk, kulturelt og teknologisk frå 1945 til i dag. Difor gir det lite meining å rekne samtida vår til perioden etterkrigstida, sjølv om vi udiskutabelt lever etter andre verdskrigen.

Det er viktig å kjenne til periodiseringar. Men det er òg viktig å forstå kvifor visse periodiseringar er valde, kva dei får fram, og kva dei dekkjer over, og at den aktuelle tidsperioden kunne ha fått eit anna «namn» eller ha vore annleis avgrensa i tid. Dermed kan vi verte betre i stand til å vere kritiske lesarar, brukarar og produsentar av historie, anten vi er skuleelevar, studentar, forskarar eller generelt interesserte menneske.

 

Kjelder

Lise Kvande og Nils Naastad: Hva skal vi med historie? Historiedidaktikk i teori og praksis. Oslo 2020

Jacques Le Goff: Must We Divide History Into Periods? New York 2017

Peter Seixas og Tom Morton: The Big Six. Historical Thinking Concepts. Toronto 2013

 

Peikarar

Magnus Sandberg: «Periodisering» (fagartikkel), ndla.no

Fagbokforlaget: «Periodisering og epokeinndeling», tekstar og ressursar til kap. 2 «Hvordan arbeider vi med historie» i læreverket Portal, portal.fagbokforlaget.no

Først publisert: 26.02.2020
Sist oppdatert: 04.03.2020