Hopp til innhold
X
Innhald

Historiografi

Historiografi er utforskinga av historieskrivinga si eiga historie. Historiografane er opptekne av å forstå tidlegare historikarar sine arbeid i den røyndomen dei vart skrivne, og plassere dei inn i ei lengre historiografisk utvikling.

Historiografien sporar framveksten av historie som eit moderne vitskapleg fag attende til den tyske historiske skulen og historismen på byrjinga av 1800-talet. Det skjedde då ei profesjonalisering av faget. Historismen ville fortelje historia på historieskrivinga sine eigne premissar og fange særtrekka ved kvar historisk periode.

På 1900-talet utfordra to breie straumdrag den klassiske historismen. Det eine kom med samfunnsvitskapane, som demokratiserte historiefaget. Fokuset gjekk bort frå det individuelle, og store menn sine intensjonar, og vende seg mot dei sosiale strukturane og sosiale endringar. Dette straumdraget braut òg med den utanrikspolitisk orienterte politiske historia.

Den andre utfordinga var meir fundamental. Ho kom i kjølvatnet av dei destruktive sidene ved moderniteten, som hadde vorte tydelege under den andre verdskrigen. I 1960-åra resulterte dette i eit samanbrot for dei store forteljingane, noko som innebar ei fragmentering av dei historiske emna, og det vart stilt spørsmål ved om det var mogleg å gjere objektive historiske undersøkingar. Det skjedde ei språkleg vending, der språket og måten språket var med på å forme den røyndomen som skulle skildrast, fekk større merksemd.

Norsk historieskriving har i store trekk følgt straumdraga i den vestlege tradisjonen, men framveksten av nasjonalstaten har spela ei særleg sentral rolle og har vore ei viktig ramme for norsk historisk forsking. I norsk historieskriving har det òg synt seg ein konservatisme, gjennom ei tydeleg forseinking i viljen til å ta til seg nye straumdrag i faget.

Byste av Herodot, utstilt på Ancient Agora Museum i Athen i Hellas. Bradley Weber på flickr.com. CC BY 2.0

Byste av Herodot, utstilt på Ancient Agora Museum i Athen i Hellas. Bradley Weber på flickr.com. CC BY 2.0.

Bakgrunn

Ulike former for historieskriving går attende til dei eldste samfunna vi kjenner. Anten det er mytologiske framstillingar eller innskriftene til dei første kongane i Mesopotamia, som ville forme ettermæla sine, finn vi eldgamle spor etter historieskriving. Ei utvikling skjedde med innføringa av kronologiske hendingsforløp i ulike former for krøniker. Vi ser dette først hos Herodot, og i norsk samanheng er dei norrøne sagaene døme på slike krøniker. Med opplysningstida kom meir komplekse forklaringar inn, men fortidsmenneska vart framleis vurderte ut frå ein rasjonell målestokk hos den som fortalde om samtida si.

Historismen braut med opplysningstida si tru på eit universelt framsteg. Institusjonalisering, profesjonalisering og vitskapleggjering er sentrale omgrep for denne tida, då historieskriving vart ein vitskap. Den tyske historikaren Leopold von Ranke var den fremste representanten for den tyske historiske skulen og historismen som denne skulen representerte. Formuleringa om at historieskrivinga skulle rekonstruere fortida «wie es eigentlich gewesen», altså slik ho verkeleg var, har vorte ståande etter Ranke. For å kunne gjere dette måtte vitskapen vie merksemda si til originalkjeldene og lese dei på ein vitskapleg og sakleg måte. Kjeldekritikken, som framleis står sentralt i historiefaget, har røtene sine i den tyske historismen.

Den norske historiske skulen

I norsk historieskriving har vi ein parallell til den tyske historiske skulen i det som vert omtalt som den norske historiske skulen i tiåra etter 1814. Det var viktig for profesjonaliseringa at Noreg hadde fått eige universitet i 1811. Brotet med Danmark og dei nasjonale straumdraga etter lausrivinga frå Danmark viste att i historieskrivinga. Rudolf Keyser og Peter Andreas Munch var dei fremste historikarane innanfor den norske historiske skulen, og dei var opptekne av å vise ei heroisk norsk historie, som skilde seg frå historia i nabolanda.

Midt på 1800-talet kom evolusjonismen for alvor inn i norsk historieskriving. Det store namnet var Ernst Sars og storverket Udsigt over den norske Historie (1873–91). Her fortel Sars den norske historia som ei enkel rørsle frå fortida og inn i framtida, ei rørsle fram mot nasjonalt sjølvstende. Der «den norske skulen» hadde sett det særeigne i kvar historiske epoke, var det for Sars ei utvikling med ei retning, og han samla det heile i ein syntese. Sars si forståing av historia var nær einerådande i Noreg ved unionsoppløysinga i 1905.

Halvdan Koht, ca. 1935. Foto: ukjend fotograf, kjelde: Oslo Museum på oslobilder.no (biletnr. OB.F06137a) CC BY-SA.

Halvdan Koht, ca. 1935. Foto: ukjend fotograf, kjelde: Oslo Museum på oslobilder.no (biletnr. OB.F06137a) CC BY-SA.

Marxistisk historieskriving

På byrjinga av 1900-talet var Edvard Bull d.e. og Halvdan Koht dei fremste historikarane. Dei rekna seg som marxistar og la difor vekt på klassekamp, økonomi og materielle tilhøve. Dei stod for ein meir radikal kjeldekritikk og tok eit oppgjer med truverdet til sagaene. Begge var engasjerte i arbeidarrørsla, og frå 1930-åra var det nærmast ein unison konsensus kring sosialdemokratisk politikk og ideologi i norsk historieskriving. Det Ottar Dahl har kalla dei pragmatiske materialistane, Sverre Steen og Jens Arup Seip, var sentrale noko seinare i denne perioden. Også dei hadde eit materialistisk grunnsyn, men med ei meir pragmatisk haldning til den historiske materialismen slik Marx hadde teikna han opp.

Etter 1945 tok Jens Arup Seip eit oppgjer med den nasjonale idealismen hos Ernst Sars og Halvdan Koht, og eit meir empirisk forskingsideal vart rådande. Krigstida hadde verka som motgift mot ideologisert historieskriving. Framleis var ein oppteken av norsk historie.

Den språklege vendinga

Den grunnleggjande kritikken frå kulturvitskapane og den språklege vendinga har ikkje brote opp det historiske lauget i Noreg. Men frå 1970-åra har det kome kritikk mot empirismen og positivismen. Kritikken som gjekk ut på at dei einskilde hendingane og livshistoriene kunne forsvinne i strukturane, fall saman med ei interesse for det individuelle og subjektive. Historiske studiar har vorte retta mot det som har vore marginaliserte grupper i tradisjonell historieskriving, og norske historikarar har arbeidd med ei heilt anna breidd både metodisk og geografisk enn tidlegare.

Kjelder

Ottar Dahl: Norsk historieforskning i det 19. og 20. århundre, 4. utgåve. Oslo 1990

Narve Fulsås: «1905 og stabiliseringa av norsk historie», i Gustafsson, Harald ofl. (red.): Den dubbla blicken. Historia i de nordiska samhällena kring sekelskiftet 1900. Lund 2007

William H. Hubbard ofl. (red.): Making a Historical Culture. Historiography in Norway. Oslo 2001

Georg G. Iggers: Historiography in the Twentieth Century. From Scientific Objectivity to the Postmodern Challenge. Middleton 2005

Knut Kjeldstadli: Fortida er ikke hva den en gang var. En innføring i historiefaget. Oslo 1999

Knut Kjeldstadli: «History as Science», i William H. Hubbard ofl. (red.): Making a Historical Culture. Historiography in Norway. Oslo 2001

Leidulf Melve: Historie. Historieskriving frå antikken til i dag. Oslo 2010

Bo Stråth ofl.: «Evaluering av norsk historiefaglig forskning. Bortenfor nasjonen i tid og rom. Fortidens makt og fremtidens muligheter i norsk historieforskning». Rapport til Noregs Forskingsråd i 2008

 

«Vi forsker på: Historiografi», kort presentasjon av historiografi på nettsidene til Universitetet i Oslo, hf.uio.no: https://www.hf.uio.no/iakh/forskning/vi-forsker-pa/historievitenskap/historiografi/ [lesedato 17.11.2018]

 

Peikarar

Odd Arvid Storsveen: «1814 – en ny historiografi», nb.no

Først publisert: 24.04.2019
Sist oppdatert: 29.04.2019