Høgrepopulisme er det politiske tankesettet til grupper og parti som står for skarp innvandringsmotstand, elitekritikk og lite rom for mangfald. Høgrepopulismen er høgresidevarianten av populisme. Høgrepopulismen fekk eit oppsving i fleire vestlege land i det andre tiåret på 2000-talet.

Ideologisk plassering og verdigrunnlag

Høgrepopulisme er ikkje på same måten som marxisme, liberalisme eller konservativisme ein konsistent idétradisjon, men består av einskilde fellestrekk i den politiske tenkinga. Det kan vere stor innbyrdes skilnad mellom høgrepopulistiske parti i ulike land, til dømes i økonomiske spørsmål eller i familiepolitikken.

Det mest vesentlege kjennemerket ved høgrepopulismen og annan populisme er førestillinga om at ein sjølv og den gruppa ein høyrer til, er dei einaste og sanne representantane for folket. Høgrepopulistar og andre populistar er i utgangspunktet demokratisk innstilte og tek jamleg til orde for folkerøystingar. Men fordi populismen gjer krav på å vere den eigentlege representasjonen av folket i landet, kan det fort leie til anti-demokratisk politikk. I maktposisjon utfordrar populistar liberale spelereglar. Dei kan prøve å vri det som i demokratiet skal vere nøytrale statlege institusjonar, slik at dei vert deira eigne verkemiddel.

Medan ikkje-populistiske parti opplever verdimangfald og politisk konkurranse som naturleg, oppfattar populistar fort opposisjonsgrupper som umoralske og falske. Ei lite inkluderande haldning til innvandring er eit særmerke ved den høgrepopulistiske varianten av populisme. Særleg er islam ei skyteskive. Høgrepopulistar ser for seg at kvar nasjon og kultur helst skal ha sitt eige land.

Høgrepopulistar kombinerer motstanden mot mangfald med konservative haldningar på høgre-venstreaksen i politikken. I tillegg til elitekritikken og innvandringsmotstanden var også konservative familieverdiar og dels autoritære haldningar med på å setje sitt preg på dei høgrepopulistiske partia tidlegare. I dag er ikkje alle høgrepopulistar politisk konservative.

Høgrepopulistar er vesensforskjellige frå høgreekstreme grupper. Felles for grupper til høgre for liberalkonservative parti er ein ekskluderande nasjonalisme, framandfrykt og delvis autoritære haldningar. Men til forskjell frå høgreekstremistar er høgrepopulistane i prinsippet demokratiske, og dei er ikkje-valdelege. Sett med eit nøytralt demokratiblikk går det største skiljet ikkje mellom høgrepopulistar og andre parti, men mellom høgrepopulistar og høgreekstreme grupper. Derimot er høgrepopulistar ikkje liberale demokratar, i og med at dei ofte manglar respekt for frie medium og for den politiske nøytraliteten til statsinstitusjonar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Knut Heidar, Einar Berntzen og Elisabeth Bakke (red.): Politikk i Europa. Oslo 2008
  • Oddbjørn Knudsen (red.): The Nordic Models in Political Science. Challenged, but still viable? Bergen 2017
  • Jan-Werner Müller: What is populism? Philadelphia 2016
  • Ketil Raknes: Høyrepopulismens hemmeligheter. Oslo 2012
  • «Populisme», Pax Leksikon. Oslo 1980

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg