Hopp til innhold

Hulda Holtvedt

Hulda Holtvedt, politikar og nasjonal talsperson for Grøn Ungdom sidan 2017, den yngste ungdomspartileiaren i Noreg nokon gong.

Hulda Holtvedt er fødd 1. juni 1999 i Oslo, der ho òg voks opp. Ho var elev ved Oslo katedralskole i 2015–17, men har arbeidd som talsperson for Grøn Ungdom på fulltid sidan 2017. 

Ho blei politisk aktiv tidleg, og allereie som 12-åring melde ho seg inn i Grøn Ungdom. Ho var leiar i Oslo Grøn Ungdom fram til 2017. Holtvedt blei vald til nasjonal kvinneleg talsperson for Grøn Ungdom i 2017 og utgjer leiarduoen i ungdomspartiet saman med Teodor Nordenstrøm Bruu.

Holtvedt har eit sterkt engasjement for klimasaka, og trass i den unge alderen har ho i fleire år vore aktiv og synleg i media gjennom debattar i fjernsyn og radio og gjennom lesarinnlegg og kronikkar. Ho er vararepresentant nr. 3 til Stortinget for Oslo MDG for perioden 2017–21, og i mars 2019 debuterte ho som den yngste parlamentariske leiaren gjennom tidene. Holtvedt fekk refs for brot på parlamentarisk praksis då ho i det første innlegget sitt på Stortinget kalla klimapolitikken ein flopp.

Holtvedt har hatt ulike verv i Elevorganisasjonen i Oslo, i tillegg til verva i Grøn Ungdom. Ho var bloggar for FN-sambandet i 2015–16 og fast skribent i Aftenposten si spalte Si;D i fleire år.

 

Kjelder

Leni Aurora Brækhus: «MDG-vara Hulda Holtvedt (19) kalte klimapolitikken en flopp og fikk refs», abcnyheter.no, publisert 7.3.2019: https://www.abcnyheter.no/nyheter/politikk/2019/03/07/195559295/mdg-vara-hulda-holtvedt-19-kalte-klimapolitikken-en-flopp-og-fikk-refs [lesedato 14.3.2019]

Oslo MDG: «Hulda Holtvedt», politikarprofil, oslo.mdg.no: https://oslo.mdg.no/hulda-holtvedt/ [lesedato 14.3.2019]

 

Peikarar

FN-sambandet: «Hulda fra Ullevål blogger for FN», mynewsdesk.com

Grønn Ungdom: «Hulda Holtvedt og Ola Eian – valgt som talspersoner for Grønn Ungdom», gronnungdom.no

Først publisert: 28.06.2019
Sist oppdatert: 28.06.2019