Hopp til innhold
X
Innhald

Hundedagane

Hundedagane varer frå 23. juli til 23. august. Etter folketrua kunne ein spå om vêret, når hundedagane tok til.

Hundedagane har sitt opphav frå det gamle Egypt. I oldtida la egyptarane merke til at Sirius, også kalla Hundestjerna, vart synleg på austhimmelen kort tid før soloppgang (heliakisk oppgang) på den tida Nilen tok til å stige og den varmaste tida av året vart innleidd. Dei såg på dette fenomenet som årsaka til dette og kalla månaden som følgde (perioden då sola står i Løve-teiknet i nærleiken av Hundestjerna (Sirius)) for hundedagane.

Etter vår kalender varer hundedagane frå 23. eller 24. juli til 23. eller 24. august.

Etter folketrua kunne ein spå om vêret, når hundedagane tok til. Somme stader i Noreg sa ein at slik vêret var den 23. juli, skulle det halde fram i den komande månaden. I folketrua på Vestlandet heitte det at personar som hadde drukna på sjøen flaut opp til overflata i hundedagane.

Folketrua sa også at mat oftare blei dårleg i hundedagane og at det mellom anna kunne vere vanskeleg å vispe krem. I Sverige kallar dei perioden for rötmånaden, nettopp fordi maten vart dårleg. Også i deler av Noreg blir perioden kalla røtmånaden. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.04.2012
Sist oppdatert: 23.07.2019