Hopp til innhold
X
Innhald

Hydrogen

Hydrogen er det lettaste og minste av grunnstoffa. Det blir brukt i romferjer, luftskip og som alternativ energikjelde i staden for fossile brennstoff.

Hydrogen er eit grunnstoff med kjemisk symbol H og atomnummer 1. Det er det lettaste og det minste atomet i periodesystemet. I periodesystemet er det plassert i gruppe 1 og periode 1. Namnet hydrogen kjem frå dei greske orda hydor, som tyder 'vatn', og genos, som tyder 'slekt'. Når hydrogen brenn i luft, blir det danna vatn. På jorda er hydrogen det tredje mest vanlege grunnstoffet. Mesteparten er bunde til oksygen og dannar dihydrogenmonoksid (H2O), altså vatn. Noko av hydrogenet er bunde til karbonatom, i organiske sambindingar som olje og gass (hydrokarbon).

Hydrogen har eitt proton og eitt nøytron i kjernen. I det første skalet som eit atom har, er det plass til to elektron. Hydrogen har berre eitt elektron, noko som inneber at hydrogen lett kan lage sambindingar med andre atom. Grunnstoffet hydrogen kan danne sambindingar med alle grunnstoff, med unntak av edelgassane. Sambindingar med andre grunnstoff, med unntak av dei i gruppe 16 og i gruppe 17 (halogen), blir kalla hydrid.

Tre fjerdedelar av massen i universet er hydrogen, men 90 prosent av alle atoma i universet er hydrogenatom, for hydrogen har lågare eigenvekt enn andre stoff. Sola og dei fleste stjernene består av hydrogen. Ein trur òg at mesteparten av planeten Jupiter er danna av hydrogen. Djupt inne i det indre av Jupiter er det så høgt trykk at hydrogenet truleg blir omdanna til fast stoff, som då er eit metall.

Hydrogen finst i alle levande dyr og plantar. Det finst i alle delar av kroppen, og utan hydrogen kan vi ikkje eksistere. Vi finn hydrogen i DNA, arvestoffet vårt, i form av hydrogensambindingar som held saman dei genetiske kodane våre.

Tidleg på 1900-talet brukte ein hydrogen i luftskip på grunn av den låge eigenvekta til hydrogengassen. Luftskip som kunne romme store volum med hydrogen, fekk ei oppdrift som gjorde at dei kunne halde seg svevande. Saman med oksygen dannar hydrogen ein eksplosjonsfarleg gass, knallgass. I 1937 oppstod det ein knallgasseksplosjon då luftskipet Hindenburg skulle fortøyast.

Når uhellet er ute med ei stor mengd hydrogengass, kan det verkeleg gå ille. Ein skal ha stor respekt for den enorme kjemiske energien i blandinga av hydrogengass og oksygengass. Denne typen energi har stort sett vore nytta til romferjer. I januar 1986 eksploderte romferja Challenger. Eksplosjonen skjedde i ein av dei ytre drivstofftankane kort tid etter at romskipet letta frå jordoverflata. Alle dei sju astronautane som var om bord, omkom.

Sidan hydrogen er så lett, blir det, sjølv ved store utslepp, svært raskt fortynna til ein ufarleg konsentrasjon. Hydrogenbrann er raskare ferdig enn ein bensinbrann. I dag er ein i ferd med å erstatte dei fossile brennstoffa med mellom anna hydrogen. Dei fossile brennstoffa, olje, kol og gass, forureinar meir enn hydrogen. Blandar vi hydrogen med luft i staden for med oksygen, minkar eksplosjonsfaren betrakteleg.

Kjelder

Åge Guddingsmo ofl.: «Hydrogen – lett og energirik», ndla.no, sist oppdatert 31.10.2018: https://ndla.no/subjects/subject:21/topic:1:183351/topic:1:191074/resource:1:4791 [lesedato 6.4.2019]

Institutt for biovitskap, Universitetet i Oslo: «Hydrogen», uio.no, sist oppdatert 18.3.2019: https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/h/hydrogen.html [lesedato 6.4.2019]

Kjemisk institutt, Universitetet i Oslo: «Periodesystemet. H, Hydrogen», uio.no: https://www.periodesystemet.no/grunnstoffer/hydrogen/index.html [lesedato 6.4.2019]

Norsk Hydrogenforum: «Hva er hydrogen?», hydrogen.no: https://www.hydrogen.no/ressurser/hva-er-hydrogen/ [lesedato 6.4.2019]

 

Peikarar

Elise Kjørstad: «Universet gløder av skyer med hydrogen», forskning.no

Forskingsprosjektet TEMPO: «Hydrogen», transportmiljo.no

Norsk olje og gass: «Hydrogen fra norsk naturgass», youtube.com

Naturfag Rocker: «PK lager hydrogenbil, men går det som planlagt?», youtube.com

Først publisert: 25.06.2019
Sist oppdatert: 25.06.2019