Hopp til innhold
X
Innhald

Hydrokarbon

Hydrokarbon er organiske sambindingar som inneheld grunnstoffa karbon og hydrogen. Hydrokarbon kan delast inn i grupper: alkan, alken og alkyn.

Hovudgruppa hydrokarbon kan delast inn i tre grupper etter kva type bindingar det er mellom karbonatoma i molekyla. Desse tre gruppene blir kalla alkan, alken og alkyn (sjå figur 1 nedanfor). Alkan er fellesnamnet for alle dei metta hydrokarbona. Hydrogen har berre éin ledig plass i det yste skalet. Karbonatomet har fire ledige plassar. Difor kan hydrogen berre binde seg til eit anna atom ved ei elektronparbinding. Molekylet er eit metta hydrokarbon når alle dei plassane som ikkje er opptekne av karbonatom, er fylte med hydrogenatom. Alken er eit umetta hydrokarbon som har éi eller fleire dobbelbindingar mellom karbonatoma. Dersom karbonatomet brukar to eller tre plassar i ei binding, kallar vi det dobbel- eller trippelbinding. Eit kjenneteikn på alkan er at det er berre enkeltbindingar mellom karbonatoma.

Hydrokarbon, figur 1. Alkan, alken og alkyn. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel / Allkunne / Trine Gravdal. Lisens: CC BY-ND 4.0.

Klikk på illustrasjonen for å forstørre. Du kan laste ned og fritt bruke illustrasjonen i skuleoppgåver og anna, mot å skrive kor du har henta han frå. Krediter med: «Henta frå allkunne.no. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel / Allkunne / Trine Gravdal. Lisens: CC BY-ND 4.0».

Alkan-gruppa har kjemiske namn som sluttar på ‑an. Den første delen av namnet fortel noko om kor mange karbonatom som er kopla saman i molekylet. Metan har berre eitt karbonatom og er det enklaste alkanet. På jorda finn vi metan i ørsmå mengder. Dette metanet stammar frå sumpområde, vulkanar og tarmgass frå drøvtyggjarar. Metan er ein kraftig drivhusgass som er med og påverkar drivhuseffekten på jorda. Alkana har låge kokepunkt og lèt seg ikkje løyse i vatn. Alkan blir brukt som stoff for å beskytte gjenstandar mot fukt og vatn, og i leppepomade og enkelte skokremar. Kokepunktet for metan er –162 °C, og ved romtemperatur er det ein gass.

Alle alken har namn som sluttar på ‑en. Dobbelbindinga gjer at alkena reagerer lettare med andre stoff enn det alkana gjer. Dobbelbindinga kan lett opne seg og binde to andre atom til karbonskjelettet. Det enklaste alkenet er eten, også kalla etylen.

Eten er eit utgangspunkt for å lage mange andre kjemiske sambindingar, til dømes polyetylen (plast). I naturen er eten eit plantehormon som stimulerer bladfelling og modning av frukt. Eple og pærer skil ut mykje eten når dei modnar. Dersom eple og pærer ligg saman med bananar eller anna frukt, kan frukta bli påverka av eten og raskt bli overmoden.

Alkyn er umetta hydrokarbon med éi eller fleire trippelbindingar mellom karbonatoma. Trippelbindinga kan lett bli broten, og alkynet reagerer raskt med andre stoff. Alkyna har namn som sluttar på ‑yn. Det enklaste alkynet er gassen etyn (acetylengass), som har to karbonatom og to hydrogenatom. Acetylen blanda med oksygengass brenn med ein svært varm flamme (3300 °C) og eignar seg godt som sveisegass. Alkynatomet etyn inneheld færre hydrogenatom enn tilsvarande alkanmolekyl (metan) og alkenmolekyl (eten) (sjå figur 2 nedanfor).

Hydrokarbon, figur 2. Etan, eten og etyn. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel / Allkunne / Trine Gravdal. Lisens: CC BY-ND 4.0.

Klikk på illustrasjonen for å forstørre. Du kan laste ned og fritt bruke illustrasjonen i skuleoppgåver og anna, mot å skrive kor du har henta han frå. Krediter med: «Henta frå allkunne.no. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel / Allkunne / Trine Gravdal. Lisens: CC BY-ND 4.0».

Kjelder

Hanne S. Finstad og Jørgen Kolderup: Trigger 10. Naturfag. Oslo 2008

Merete Hannisdal og Vivi Ringnes: Kjemi for lærere. Naturfag i grunnskolelærerutdanningen 5.–10. trinn, 2. utg. Oslo 2013

Erik Steineger og Andreas Wahl: Nova 10. Naturfag for ungdomstrinnet, Oslo 2015

 

Rune Mathisen: «Alkaner», ndla.no, sist oppdatert 8.5.2018: https://ndla.no/subjects/subject:28/topic:1:194200/topic:1:157643/resource:1:157647 [lesedato 15.9.2019]

Rune Mathisen: «Alkyner», ndla.no, sist oppdatert 8.5.2018: https://ndla.no/nb/subjects/subject:28/topic:1:194200/topic:1:157643/resource:1:157650 [lesedato 14.9.2019]

Universitetet i Oslo, Institutt for biovitskap: «Alken», mn.uio.no, sist oppdatert 14.8.2019: https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/a/alken.html [lesedato 13.9.2019]

 

Peikarar

Kunnskapsfilm: «Fossile brensler», i serien Kraftskolen, kunnskapsfilm.no

Kunnskapsfilm: «Energi fra gass», i serien Kraftskolen, kunnskapsfilm.no

Sissel Paaske: «Dannelse og lagring av olje og gass», ndla.no

Først publisert: 04.11.2020
Sist oppdatert: 04.11.2020