Hopp til innhold
X
Innhald

Ideologi

Ideologi er oppskrifter på korleis ein vil at samfunnet skal vere. Somme meiner at ideologiar er eit gode, andre er skeptiske til ideologisk tenking.

Måten ideologiomgrepet vert brukt på, varierer. Eit kritisk perspektiv er å er å sjå ideologi som tilsløring av makt, eit positivt perspektiv er å sjå ideologi som ein eigna måte å mobilisere på. For somme er ideologi eit negativt ord, fordi det overforenklar politikken og forfører folk til å tru på enkle løysingar, for andre ein nøytral merkelapp som framhevar kjenneteikn ved eit politisk program.

I alle samfunn er makt ulikt fordelt mellom sosiale grupper. Dei rike og mektige kan rettferdiggjere den rådande samfunnsordenen med ideologiske forklaringar. Til dømes kan dei hevde at dei fortener alle goda fordi dei er flinkare enn andre. Dei underprivilegerte kan ha andre ideologiske oppfatningar, som rettferdiggjer at dei kjempar for å endre maktforholda.

På 1800-talet fremja sosialismen arbeidarklassa sitt krav om politisk makt, medan konservatismen forsvarte privilegia til makthavarane. Tidleg på 1900-talet fekk kommunisme og fascisme gjennomslagskraft, på slutten av 1900-talet greip religiøs fundamentalisme om seg.

På 2000-talet finst det ei rekkje politiske ideologiar, og ideologiske blandingsformer som økofeminisme og marknadssosialisme. I Noreg og andre vesteuropeiske land har sosialdemokratiet, med vekt på utjamning og offentleg styring, tapt terreng. Mange meiner at nyliberalisme, som satsar på individuell konkurranse og privatisering, har vorte ein rådande ideologi, men ei slik forståing er omstridd.

 

Kjelder

Salongen: «Ideologi, terror og mer demokrati», intervju med Bernt Hagtvet, salongen.no, publisert 12.10.2012: http://www.salongen.no/333/ [lesedato 12.10.2019]

Sigurd Skirbekk: «Kommentar: Ideologier – farlige, men nødvendige», forskning.no, publisert 30.7.2002: https://forskning.no/filosofiske-fag-kommentar-statsvitenskap/kommentar-ideologier---farlige-men-nodvendige/1187020 [lesedato 12.10.2019]

Asle Toje: «Østerud er mer innflytelsesrik enn de mange verv han har hatt», morgenbladet.no, publisert 13.4.2018: https://morgenbladet.no/ideer/2018/04/nasjonalismens-mange-uttrykk-er-ukjente-de-fleste-til-alt-hell-har-vi-oyvind-osterud [lesedato 10.10.2019]

 

Peikarar

Gyrid Gunnes: «Radikaliseringen og jeg», nrk.no

Nasjonal digital læringsarena: «Ideologier, makt og fordelingsspørsmål», youtube.com

NRK: «Dei politiske ideologiane», nrk.no

Først publisert: 16.06.2020
Sist oppdatert: 24.06.2020