Hopp til innhold

Ina Libak

Ina Alvilde Rangønes Libak, sosionom, politikar og leiar i AUF, ungdomsorganisasjonen til Arbeidarpartiet, frå 2018 til 2020. Ho er den første kvinnelege leiaren sidan 2006, og ho var eit av vitna i rettsaka etter 22. juli.

Ina Rangønes Libak er fødd 29. desember 1989 i Oslo og voks opp på Løten i Hedmark og på Averøy i Møre og Romsdal. Ho tok musikklinja ved Atlanten videregående skole i Kristiansund i 2005–08 og folkehøgskole med teaterlinje i 2008–09. Libak tok Internasjonale miljø- og utviklingsstudier ved NMBU i Ås i 2009–10 og er utdanna sosionom (bachelor i sosialt arbeid) frå OsloMet i 2016 

Libak har hatt ei rekkje politiske verv både i AUF (Arbeidernes Ungdomsfylking) og Arbeidarpartiet sidan ho melde seg inn i 2006. Ho har vore fylkessekretær (2010–11), nestleiar og leiar i Akershus AUF. Ho blei vald inn i sentralstyret til AUF i 2014, var nestleiar i 2016–18 og blei i 2018 vald til leiar for perioden 2018–20 med akklamasjon. Ho etterfølgde Mani Hussaini.

Ho blei som den yngste i landet i den perioden vald til medlem av kommunestyret for Ap i Averøy i 2007, og ho var medlem av kommunestyret i Ås i 2011–15. Libak er medlem av fylkestinget i Akershus for Arbeidarpartiet i perioden 2015–19.

Politisk har ho eit stort engasjement, og ho er ei tydeleg røyst i samfunnsdebatten. Ho meiner at miljø- og klimapolitikk er den viktigaste solidaritetssaka no, og vil derfor avvikle petroleumsindustrien og ikkje opne opp for nye olje- og gassfelt.

Libak blei skoten og alvorleg skadd på Utøya 22. juli 2011, og ho var eit av vitna i rettssaka etterpå. Etter åtaket har ho vore utsett for netthets, og ho har uttalt at det å vere medlem av AUF har vore svært viktig for henne.

Libak har hatt ulike verv i Framtiden i våre hender, Fellesorganisasjonen (FO) og Natur og Ungdom.

 

Kjelder

Mina Ridder-Nielsen Janssen: «Påtroppende AUF-leder vil ikke bli statsminister», oslomet.no, publisert 24.9.2018: https://journalen.oslomet.no/2018/09/p%C3%A5troppende-auf-leder-vil-ikke-bli-statsminister [lesedato 19.3.2019]

Hanna Skotheim: «Nå skal Ina lede Aps ungdomsparti», fagbladet.no, publisert 18.10.2018: https://fagbladet.no/nyheter/na-skal-ina-lede-aps-ungdomsparti-6.116.580067.d3a9586c4e [lesedato 19.3.2019]

Hanne Skartveit: «Ina Libak om livet etter terroren, om kjærligheten til Utøya, AUFs rolle, Aps krise, skatt og skole – og om Gud», vg.no, podkast publisert 25.9.2018: https://www.vg.no/podkast/skartveit/inalibakomlivetetterterroren-omkj-rlighetentilutoya-aufsrolle-apskrise-skattogskole-ogomgud/ [lesedato 19.3.2019]

 

Peikarar

Andrea Rygg Nøttveit: «Ina Rangønes Libak er AUFs første kvinnelege leiar på 12 år», framtida.no

Solveig Ruud: «Skutt fire ganger på Utøya. Nå seiler hun opp som het kandidat til å overta ledervervet i AUF», aftenposten.no

Guro Gulstuen Nordhagen: «Landets fremste ungdomspolitikere samler seg om klimakrav», fagbladet.no

Aftenposten: «Averøy fikk landets yngste i kommunestyret», aftenposten.no

Først publisert: 19.06.2019
Sist oppdatert: 19.06.2019