Hopp til innhold
X
Innhald

Inga Marte Thorkildsen

Inga Marte Thorkildsen, cand.mag., sentral SV-politikar og byråd for oppvekst og kunnskap i Oslo. Thorkildsen var barne-, likestillings- og inkluderingsminister i den andre Stoltenberg-regjeringa.

Inga Marte Thorkildsen er fødd 2. juli 1976 i Oslo. Ho tok examen artium ved Tønsberg gymnas i 1995 og cand.mag.-graden i 2000, med faga religionshistorie og statsvitskap. Thorkildsen hadde småjobbar som frilansjournalist, i vikarbyrå og bompengeselskap (1993–2000) i studietida, i tillegg til å vere fylkessekretær i Vestfold Sosialistisk Ungdom og Sosialistisk Venstreparti i 1994–96.

Frå 2001 til 2013 var ho stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti frå Vestfold, men frå 2012 til 2013 var ho statsråd i barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet i Stoltenberg si andre regjering. Ved stortingsvalet i 2013 miste Thorkildsen plassen på Stortinget. Etter dette arbeidde ho ein periode for kompetansenettverket BarnsBeste og var spesialrådgjevar for den ideelle stiftinga Forandringsfabrikken 2014–16. I 2015 gav ho ut boka Du ser det ikke før du tror det. Et kampskrift for barns rettigheter

Frå 2015 er ho medlem av byrådet i Oslo, først som byråd for eldre, helse og sosiale tenester i Oslo 2015–17 og byråd for oppvekst og kunnskap i Oslo frå 2017. Ho er den einaste byråden for SV.

Thorkildsen var medlem av sentralstyret i Sosialistisk Ungdom i 1996–2000, kvinnepolitisk leiar i Sosialistisk Venstreparti i 2002–03 og nestleiar 2012–15. Ho var vald som stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti frå Vestfold frå 2001 til 2013. I den siste perioden sat ho i finanskomiteen, og ho har vore finanspolitisk talskvinne og parlamentarisk nestleiar for Sosialistisk Venstreparti. I perioden 2012–13 var ho statsråd i barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og hadde ansvar for politikken knytt til likestilling, oppvekstvilkår og forbrukarrettar.

Thorkildsen er ein engasjert og tydeleg politikar, kjapp i replikken og pågåande når det gjeld å fremje dei sakene ho brenn for. Ho har særleg engasjert seg i saker om barn sine rettar, barnehagar, feminisme, kvinnemishandling, innvandring og betre fordeling av goda i samfunnet.

Ho var aktiv i SOS Rasisme og Natur og Ungdom i 1990-åra og var medlem av styret for Ny Tid i 1998–2000. I 2012 fekk ho Humleprisen (tildelt av Foreningen mot seksuelle overgrep, FMSO).

Kjelder

Inga Marte Thorkildsen, «Representanter og komiteer», stortinget.nohttp://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=IMT [lesedato 27.1.2013]

Inga Marte Thorkildsen, regjeringen.nohttp://www.regjeringen.no/nn/dep/bld/-Om-departementet/barne--likestillings--og-inkluderingsmin.html?id=676016 [lesedato 27.1.2013]

Peikarar

Juryen si grunngjeving for tildeling av Humleprisen til Inga Marte Thorkildsen

Først publisert: 15.08.2013
Sist oppdatert: 21.09.2018