Hopp til innhold
Ingebrigt Davik i 1962. Foto: Leif Ørnelund / Oslo Museum. Kjelde: Oslo Museum på digitaltmuseum.no CC BY-SA 4.0.
Ingebrigt Davik i 1962. Foto: Leif Ørnelund / Oslo Museum. Kjelde: Oslo Museum på digitaltmuseum.no CC BY-SA 4.0.
X
Innhald

Ingebrigt Davik

Ingebrigt Davik var lærar, forfattar og kulturarbeidar. Særleg omtykt blei han for ei rekkje radio- og fjernsynsprogram for barn med eigenkomponert musikk.

Davik vart fødd 14. april 1925 i Davik i Haram og døydde i Oslo 29. januar 1991. Han tok utdanning ved Hamar lærarskule og Musikkonservatoriet i Oslo og var dessutan hospitant ved Rogaland teater og Statens teaterskule. Han arbeidde i alle år som lærar i grunnskulen i Oslo.
 
Frå 1959 var Davik også medarbeidar i NRK. Der laga han ei rekkje barneseriar for radio og fjernsyn, mellom andre Det hende i Taremareby. Fleire av desse seriane kom ut i bokform, som platealbum eller som dramatiseringar for teaterscener.
 
Davik vart særleg kjend og populær som forteljar, visediktar og songar, og han turnerte mykje rundt om i landet med eigne sceneframføringar i regi av Folkeakademiet, Norsk Forfattarsentrum, Riksteateret og folkebibliotek. Fleire av bøkene hans er omsette til andre nordiske språk, og radio- og fjernsynsprogramma hans er blitt sende i mange land.
 

Talent frå havkanten i vest

Ingebrigt Davik budde på Davik-garden på øya Fjørtofta dei første barneåra sine, og der likte han seg særleg godt i fjøra. Han lærte sjøfuglane å kjenne, sprang berrføtt over sanden og lokka fram krabben. «Der møtte eg ei eventyrverd som eg aldri vart ferdig med,» skriv han, med tydeleg tilvising til sine seinare barneprogram og -bøker.
 
Også etter at han åtte år gammal flytta med familien til Brattvåg på fastlandet, fekk fantasien hans spelerom og kunne utfalde seg gjennom blant anna sjølvlaga friluftsteater og avisdrift. Davik var musikalsk og spela tidleg på dei instrumenta han fann tilgjengelege – ein gammal gitar og eit orgel.
 

Flyktning med skodespelardraum

Då den tyske hærmakta okkuperte Noreg i 1940, flykta Davik og familien hans med farens fiskebåt vest over havet, først til Færøyane og sidan til Island. Her møtte han som ung mann ein gammal nordisk kultur som seinare fekk mykje å seie for diktinga hans. Då krigen var slutt i 1945, tok han med seg ei mengd tonar og viser tilbake til Noreg som han seinare gjorde til norsk barneeige.
 
Davik ville først bli skodespelar, og under studietida i Oslo var han med i Studentteateret og Teaterlaget i Sunnmøringen. Her fekk han hjelp av Gisle Straume, som på den tida var teatersjef ved Rogaland Teater, men Davik enda likevel opp bak kateteret.
 

Suksessen med Taremareby

I 1959 oppsøkte Davik barneavdelinga i NRK med manuskriptet til Det hende i Taremareby. I denne forteljinga lét han dei ulike fiskane og sjødyra få attkjennelege menneskelege eigenskapar. Same året tok forteljinga til som radioserie i Barnetimen for de minste.
 
Det hende i Taremareby blei svært populært, etter kvart også på fleire andre teater, og i 1978 blei det laga teiknefilm for fjernsyn av serien.
 
Davik laga også fleire andre barnetimeseriar med handling frå same miljøet: Rokke-Gina (1960, bok i 1962) og Gunda Sjømus (1961).

 
(Artikkelen held fram under biletet)

Bokomslaget til Ingebrigt Davik si bok «Det hende i Taremareby».

Bokomslaget til Ingebrigt Davik si bok «Det hende i Taremareby».

 

Allsidig formidlar av fleire kulturar

Davik henta ofte inspirasjon til forteljingane sine frå naturen og frå Bygde-Noreg. Det var dette landet han kjende frå sin eigen oppvekst, og miljøet viser særleg att i barnetimeseriane om Muffe (1964, bok 1967), Lissomskogen (1964–76) og borna på Skrattåsen (1970–72), fjernsynsfilmen Guten og måseungen (1972) og i bøkene Hos far på fyret (1976) og Sommaren med dyra på Brattåsen (1981). «Historien om de tre små fisk» og «Hit eit steg, og dit eit steg» er mellom dei udøyelege songane han har tilført norsk musikkarv.
 
Davik var også ein framståande formidlar av Margrete Munthes barnesongar og skreiv i 1985 skodespelet Dagbok utan slutt. Eit lite skodespel til ettertanke.
 
I 1981 blei Ingebrigt Davik tildelt Ingvald Skjelderups kulturpris for sin innsats for nynorsk mål. I 2006 opna Haram kommune eige kulturhus i Brattvåg som heiter Ingebrigt Davik-huset.
 

Kjelder

Ingebrigt Davik, Arne Grimstad og Audun Thorsen: «Ingebrigt Davik – ein kulturformidlar». Norsk årbok for barne- og ungdomslitteratur 1981, s. 113–146Oslo 1981
Karin Beate Vold: «Ingebrigt Davik», Norsk biografisk leksikon, bd. 2. Oslo 2000
 

Vidare lesing

Birkeland, Tone m.fl.: Norsk barnelitteraturhistorie, 1997
Birkeland, Tone, red.: Å skrive for barn, 1982
Grimstad, Arne: "Ingebrigt Davik : Flyndrefanten frå Fjørtofta". Kjølås, Harald, red.: 100 år 100 navn : Personer som har preget hundreåret på Nordvestlandet, 2000, 46-49
NBL 2. utg.

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 21.05.2009
Sist oppdatert: 13.11.2018