Hopp til innhold
X
Innhald

Ingeniør Knut Berg på eventyr

Ingeniør Knut Berg på eventyr er ein av dei klassiske norske teikneseriane og var ein av dei første norske sciencefictionteikneseriane.

Serien vart trykt i Nynorsk Vekeblad frå 1941 til bladet gjekk inn i 1954, og stripene frå serien vart samla i årlege hefte frå 1943. Etter at Nynorsk Vekeblad gjekk inn, vart det laga nye hefte fram til 1960. Bak serien stod teiknaren Ronald Stone (eig. Jostein Øvrelid) og forfattaren Vigleik Vikli (eig. Hallvard Sandnes).
 
Frå 2000 gav Fonna Forlag ut opptrykk av gamle seriar som julehefte kvart år, men i 2007 kom ein heilt ny serie, teikna av Knut Westad og skriven av Jon Bing og Tor Åge Bringsværd.
 
Ein ny norsk seriehelt
Nynorsk Vekeblad kom ut frå 1934. Fram til andre verdskrigen samarbeidde bladet med Illustrert Familieblad, der mykje av stoffet og lysingane var felles, men på to ulike målformer. Samarbeidet stoppa då andre verdskrigen braut ut, og då Nynorsk Vekeblad tok opp att drifta hausten 1940, trong bladet eigne teikneseriar. Vangsgutane dukka opp same hausten, og i nummer 27/1941 kom den første sida med Ingeniør Knut Berg.
 
Serien braut heilt med det som var vanleg i norske teikneseriar. Vangsgutane og andre norske serieheltar heldt til på den norske landsbygda, medan Knut Berg, trass i det urnorske namnet, heldt til i framande land. Andre norske serieheltar var stort sett milde kvardagsmenneske, Knut Berg var ikkje framand for å ta livet av andre. Heile serien er ei kontinuerleg forteljing.
 
Den første tida har serien namnet Ingeniør Knut Berg på eventyr i Austerland, og då serien startar, har Knut Berg nettopp bygd ein jernbane i India. Som betaling skal han få ein neve edelsteinar frå skattkammeret til oppdragsgivaren. Der merkar dei at ein blå diamant er stolen, og dette er utgangspunktet for eit eventyr som går innom mange land, før han i 1949 tek turen ut i verdsrommet. Sandnes og Øvrelid laga ein truverdig serie, der mykje av det dei skildrar, seinare vart realitetar. Når folk skal sendast ut i rommet, står rakettane vertikalt når dei vert skotne ut, ikkje på skrå, slik det var vanleg i samtidige utanlandske seriar. Knut Berg kommuniserer òg med andre via eit apparat som minner mykje om ein mobiltelefon.
 
Hovudpersonen i serien er Knut Berg. Øvrelid teiknar aldri nærbilete av han, slik at Knut Berg er ein relativt anonym seriehelt. Den kvinnelege hovudpersonen er prinsesse Aima, som vert redda av Knut Berg etter ein flystyrt, og som sjølvsagt får eit godt auge til han. Det ergrar Dr. Panga, som vert erkefienden til Knut Berg. Ved fleire høve trur både lesarane og Knut Berg at Dr. Panga er død, men han dukkar opp att med jamne mellomrom i serien. Knut Berg har òg andre hjelparar, først og fremst kraftkaren Max og munken Tala frå Tibet.
 
Årlege hefte
Serien vart populær, og i mars 1943 kom det første årlege heftet. Også i 1944 kom heftet om våren, men frå 1945 vart Ingeniør Knut Berg eit av dei mange julehefta. Til desse hefta vart det ikkje skrive nye historier, stripene frå bladet vart trykte kronologisk. Det førte til at hefta ofte kunne slutte medan spenninga var på topp, og dei som ikkje las Nynorsk Vekeblad, måtte vente eit heilt år for å finne ut korleis det gjekk.
 
Denne ventetida vart ekstra lang frå 1960. Det året kom det siste heftet med manus og teikningar av Sandnes og Øvrelid. I 2007 heldt historia fram, i eit hefte med manus av Jon Bing og Tor Åge Bringsværd, og med teikningar av Knut Westad. Visuelt sett har mykje endra seg. Øvrelid endra svært sjeldan på det stramme formatet med seks ruter på kvar side, med tekst under kvart bilete. Westad er ikkje like bunden av dette, slik at sidene vert meir varierte. Teksten er òg flytta inn i rutene.
 
Serien har hatt litt ulike namn. I Nynorsk Vekeblad heitte serien Ingeniør Knut Berg på eventyr i Austerland til 1943, Ingeniør Knut Berg på eventyr til 1949, då han skifta namn til Knut Berg på eventyr. Dei årlege hefta varierer mellom Ingeniør Knut Berg på eventyr og Knut Berg på eventyr fram til 1960, medan heftet frå 2007 heiter berre Ingeniør Knut Berg.
 
Kjelder
Knut Eide og Stig Kjelling: Norsk Tegneserie Index 8. Bodø 2001
Eirik Helleve: «Ingeniøren slår tilbake», Syn og Segn nr. 4/2007

Først publisert: 02.10.2009
Sist oppdatert: 05.09.2019